I julehelga var me på flytur, Trondheim - Stavanger tur/retur. Det gjekk heilt fint om ein ser bort frå ei lita forseinking og at Norwegian øydela kofferten vår. Det er likevel eitt evig irritasjonsmoment på fly og flyplassar: Meldingane over høgtalarane.
I eit lysegrønt håp om at fru Nilsen på 82 som reiser til Bodø, skal få med seg den personlege informasjonen blir meldinga kviskra ut over høgtalaranlegget, gjerne med mikrofonen heilt inntil munnen slik at s-ane høyrest ut som kortsluttingar. Kvikk i oppfattinga bør fru Nilsen òg vera. Dama som annonserte ombordstiginga på Værnes hadde mykje på hjartet og lite tid. Det virka som ho prøvde å henta inn heile forseinkinga på 30 minutt berre i løpet av setninga "Flyet har to innganger, og vi ber dem med plass fra rad 18 og bakover om å benytte den bakre inngangen".
Norwegian har til ein viss grad tatt konsekvensen av at dei ikkje klarer å få skikk på mikrofonbruken eller -anlegget, og viser tryggleiksprosedyrane som videofilm på nokre avgangar. I tillegg til forståeleg lyd hadde filmsnutten også meir informasjon enn den vanlege demonstrasjonen, så dette er flotte greier. Men på eit tidspunkt tar kapteinen ordet. Det går fint på norsk, men når kapteinar skal snakka engelsk blir dei så ufatteleg kule og meir texanske enn George Bush. Orda blir kutta og svelgt, og også amerikanarar må ha store problem med å få med seg noko som helst. Hadde han snakka med brei Toten-aksent, hadde det nok blitt lettare for alle, han sjølv inkludert.
Vanlegvis er likevel innhaldet i meldingane fornuftig og bra. Då me hadde landa i Trondheim og venta på å få gå ut, svikta det derimot på det planet òg. Det spraka i høgtalaren, og ut kom denne informasjonen:
"Dette er en melding fra Norwegians markedsavdeling: I morgen blir det mørkt."
Det blei for øvrig sol frå blå himmel dagen etterpå.