mandag 13. desember 2010

Fakta om Fantomet

Eg har alltid lest ein del teikneseriar, men aldri Fantomet. Ikkje før i sist veke. Då leste eg mi fyrste Fantomet-historie - "Når hevnens time slår" i nr. 1/1993. Det viste seg å vera temmeleg informativt når det galdt bakgrunnen til Fantomet. Her er det eg lærte:

  • Dagens Fantomet er det 21. i rekka, og dette Fantomet har vore hovudperson sidan serien starta i 1936.
  • Christopher Walker, den einaste overlevande etter eit sjørøvarangrep, blei det fyrste Fantomet for 400 år sidan for å nedkjempa sjørøveri, grusamheiter og urettferd.
  • "Jobben" har gått i arv til den eldste sonen i kvar generasjon. Unntaket var det 13. Fantomet, som var nummer fire i søskenflokken. Han blei Fantomet sidan brørne heller ville ha sivile jobbar i England.
  • Alle Fantoma har vore storvokste. Igjen er unntaket det 13., som var stutt og veldig firskoren.
  • Fødselsdagen til det 21. Fantomet har stadig blitt justert for at han ikkje skal bli for gamal. I 1990 blei datoen sett til 25. juni 1960 - 24 år etter at dei fyrste historiene om han blei fortalt.
  • Fantomet held til i ei grotte i jungelen i Bengal saman med kona Sala og tvillingar (gut og jente).
  • Det er brei usemje om kvar Bengal ligg, men i 1/1993 blir det argumentert godt for Tanzania. 

Det var det eg veit om Fantomet, og eg kjem ikkje til å legga meg i selen for å læra meir heller...