søndag 11. juni 2023

Hustrig comeback - og eit lite jubileum

Sist helg sykla eg mosjonsrittet Tour de Frøya på ..., ja, på Frøya. For meg var dette eit comeback sidan det var ganske nøyaktig fem år sidan sist ordinære mosjonsritt (eller turritt, om du vil). Dessutan var det min fyrste start på Frøya - i eit ritt som eg hadde høyrt mykje fint om.

Vêrmeldinga la derimot ikkje opp til at det skulle bli noka stor oppleving. Gjennom veka hadde yr.no lova varierande grad av kaldt blåsevêr med tilhøyrande regn, men varselet var litt meir optimistisk på rittdagen. Det var ganske brukbart då eg starta frå Trondheim kl. 8.30, men både vind og regn tiltok utover mot kysten, og då eg kom opp av Frøyatunnelen, plaska det ned og trea stod i 60 graders vinkel. Gradestokken nøydde seg derimot med åtte grader. 

På mirakuløst vis letta det den siste timen før rittet. Dermed kom me oss i alle fall tørrhjulte rundt sjølv om vinden framleis var noko hustrig, utan at eg tar for hardt i. Dei to fyrste mila i motvind gjekk i heile 21 km/t... Men så gjekk det jo tilsvarande lettare og fortare den andre halvdelen. Dermed kom eg greitt rundt som nr. 79 av 165 på ein time og 48 minutt sjølv om dagsformen ikkje var den beste.

Men uansett vêr og eigen dagsform var det ei hyggjeleg oppleving. Frøyværingane kan det med å arrangera sykkelritt. Touren er tydelegvis ein kollektiv happening der halve befolkninga stiller på dugnad og den andre halvdelen som heiagjeng langs løypa. Trass i den kalde vinden var det liv og røre med musikk, flagg, dans og applaus i kvar einaste bygd og grend. Ja, for ein sart ryfylking med haugianske aner blei det nesten litt valdsamt til tider...

Det var eit mosjonsritt slik det skal vera. God stemning og deltakarar av alle slag: unge og gamle, på racersyklar, offroadar og tandemsyklar. Ja, til og med to trehjulsyklar med to seter. Herleg! I førpandemisk tid og i solskin var det nok ei himla stemning, vil eg tru. Eg ser ikkje bort ifrå at det blir ein ny tur neste år, særleg om trøndersommaren skulle stikka innom.


Comebacket var òg eit lite jubileum: mitt 50. mosjonsritt sidan debuten i 1990. Det hadde vore fleire om det ikkje var ein 14 år lang pause mellom ritt nummer to og tre...

Dei femti startane fordeler seg på 28 ulike ritt, i kronologisk rekkefylgje: Rogalandsrittet, Jadarrittet, Storsjön runt, Markathriller'n, Byneset-Klæbu rundt, Trondheimsfjorden rundt, Sjælland rundt, Styrkeprøven Trondheim-Oslo, Bergmannsrittet, Hemnerunden, Vätternrundan, Telemark Tours, Selbu rundt, Rissa rundt, Minikarolinerrittet, Victoriarunden, Vasatrampet, Austrått Grand Prix, Trondheimsrittet, Tour of Jämtland (Trondheim-Åre), Hitrarittet, Siljan runt, Stærk, Snåsavatnet rundt, Smøla rundt, Olsokrittet, Tour de Tomtvatnet og Tour de Frøya - i alt 6365 km og eit utal opplevingar.