onsdag 25. januar 2023

Hjelp, han vil ha melk!

Eg drikk ikkje kaffi. Eg likar det ikkje, så når me er på kafé, drikk eg vanlegvis te eller brus. Men av og til får eg rett og slett lyst på eit godt, gammaldags glas med melk. Melk og rosinbolle. Ja, det er barnleg - men kva så? Det er godt! 

Problemfritt er det ikkje å ha slike eksklusive vanar. Kafear og konditori no til dags er nemleg ikkje førebudde på at vaksne folk kan finna på å bestilla eit glas melk. "Melk" finst oftast ikkje på menyen, trass i at det sjølvsagt står minst éin melkekartong i kjøleskapet og glas på benken. Dermed fører orda "ei rosinbolle og eit glas melk, takk" gjerne til full forvirring. "Melk? Har me melk? Kva kostar eit glas melk? Kva glas skal eg bruka? Korleis slår eg det inn?" Desse og gjerne fleire spørsmål svirrar i hovudet til seljaren, og hen blir sett på ein hard test i improvisasjonsevner. Slik har det seg at eg har betalt alt frå fem til 25 kroner for melkeglaset - i den same kafeen.

Morosamast var det hjå Melhus bakeri på Valentinlyst under pandemien. Både eg og jenta hadde munnbind, og då ser ein som kjent berre augene. "Kan eg få eit glas melk", spurde eg, og augene over munnbindet lyste av skrekk og panikk. Hadde eg sett heile ansiktet, hadde ho nok berre sett passe usikker ut heller enn panisk, men eit artig døme på munnbindets kommunikasjonshemmande kraft var det.

I helga var me på Valentinlyst igjen. No har Melhus bakeri blitt til Rosenborg bakeri, men heller ikkje dei har melk på menyen. Eg ville ha ... - ja, de veit kva eg ville ha - og Snefrid gjekk og bestilte for oss. Eg blei sittande ved bordet og kika på nyheiter på mobilen, men etter ei lita stund merka eg at det var kaostendenser bak disken. Tre jenter virra rundt og var i heftig villreie. Det blei til slutt for vanskeleg og til slutt blei eg ropt bort til disken av Snefrid. Spørsmålet eg måtte hjelpa jentene med, var:

- Kva pleier du å betala for melka?

Det har som sagt variert, så eg sa eg trudde det var rundt 20 kroner. Dermed blei det prisen. Dessverre var den siste rosinbolla nettopp seld, så det blei rosinfri bolle. Men det blei melk.