torsdag 30. mars 2023

Minnebøker

Då eg gjekk på barneskulen rundt 1980, hadde me minnebøker der klassekameratar, andre vener, familiemedlemmar m.m. skreiv helsingar slik at eigaren av boka skulle minnast ein resten av livet. Berre få år seinare dukka skuledagbøkene opp. Der svarte venene på prefabrikerte spørsmål som "Favorittfarge" og "Verste fag på skulen", men i minnebøkene måtte ein vera kreativ og laga helsinga sjølv.

Ofte var det så som så med kreativiteten. Det gjekk mykje på standardhelsingar som: 

Mi adresse er som før - opp ei trapp og inn ei dør.

eller:

Hei på deg! Tre ord på snei! Du er grei!

for ikkje å snakka om denne klassikaren som har illustrert mangt eit minnebok-bidrag gjennom åra:

     L
    VEL
     V 

Delvis fordi helsingane gjerne (les: alltid) var så upersonlege, er det nok sjeldan takk vere minneboka ein hugsar gamle kjende. Eg hugsar til dømes ikkje den gode klassekameraten Gunnstein fyrst og framst på grunn av desse linene:

Eg skriv ditt navn med prikker. Håper de ikke stikker.

At eg framleis hugsar tidlegare klassekamerat og besteven Henning godt, skuldast heller ikkje denne noko avkorta helsinga - som i seg sjølv grensar til å vera ufrivillig minneverdig:

Sol ute sol et lite minne.

Dei som hadde minnebok sjølv, veit kva ord som manglar. Dei seriøse helsingane av meir personleg karakter kom frå dei vaksne som skreiv. Då kunne det vanka både personleg ros og bibelvers. Derfor inneheld minneboka også eit par ganske hyggjelege og varmande innslag. Innlegget til storebroren min, datert 10. juni 1981, er derimot ikkje blant dei:

Kjell Skrue står på hue i ei diger maurtue.

Sist eg var heime i Årdal, kom eg over den gamle minneboka til far frå tidleg på 1950-talet. Den var ganske annleis enn minneboka mi. Tidsanden var ei anna snautt ti år etter krigen, og venene hans hadde ein svært så vaksen og høgtideleg tone. Det gjekk mest på sitat frå nasjonalromantiske og oppbyggjande dikt, moralske tankar og bibelvers. Det heile var sirleg skrive og tidvis fint illustrert med teikningar, men temmeleg upersonleg, som flosklane i boka mi. 

Men det var eitt unntak: Liv. Ho hadde forstått poenget med minneboka og sa det rett ut i den beste minnebokhelsinga eg har sett. Liv skreiv:

Gløymer du meg, så nåde deg!

Og det funka: Far hugsa Liv, han, trass i at han ikkje hadde sett henne sidan skuledagane.