søndag 12. februar 2023

Bruk refleks, sa bygda

Eg kjem frå ei lita bygd, og eg hugsar korleis heile bygda samla seg i stoveglasa før då me høyrde lyden av helikopter som kom inn frå fjorden. Den lyden fortalde oss at ein eller annan i bygda hadde vore uheldig eller blitt alvorleg sjuk. Alle fylgde lysa frå helikopteret for å sjå kor det gjekk ned. Kven var den uheldige? Korleis gjekk det med hen? At alle storma til stoveglaset, var sjølvsagt eit uttrykk for ektefølt nysgjerrigheit, men òg for omsorg.

Det er ofte ein floskel at alle tar vare på og viser omsorg for kvarandre i små bygder. Men av og til stemmer det, og då er det ganske hyggjeleg og fint. Og no har bygda vist omsorg for far på ein sjarmerande måte.

Det er inga overdriving å seia at far begynner å dra på åra, men han går framleis sin daglege runde på dårleg opplyste og til dels sterkt trafikkerte vegar. Det viser seg at fleire i bygda har reagert på at han er litt lite reflektert - i ordets mest konkrete tyding: Han er vanskeleg å sjå når han er ute og går. I mørket er som kjent alle kattar grå, og far er til alt overmål stort sett kledd i grått. Naboar og lastebilsjåførar har visstnok gitt uttrykk for at han burde gjera noko for å bli sett betre, og no har altså bygda tatt saka i eigne hender:

Her om dagen låg det ein flunke ny refleksvest frå eit lokalt firma i postkassen til foreldra mine. Det er omsorg i praksis. Far er for øvrig veldig nøgd med vesten og brukar han flittig.

Heia Årdal!