søndag 17. desember 2023

Han med straffen

For ei veke sidan blei fotballsesongen 2023 avslutta med kvalifiseringskamp mellom Vålerenga og Kristiansund, som blei avgjord på straffesparkkonkurranse. Begge laga leverte gode straffar, og åtte av ni gjekk i mål. Dei fleste var godt plassert nede ved stolperota, anten til høgre eller til venstre for keeper - akkurat som eg skulle ha gjort det sjølv. Eller rettare: Akkurat slik eg pleidde å gjera det sjølv då eg spelte på smågutelaget heime i Årdal.

Eg var absolutt ikkje nokon bærebjelke for laget. Tvert om. Eg var liten og sped og dermed mykje - kanskje mest - reserve. Men eg hadde éin spisskompetanse: straffespark. Eg fylgde same oppskrift kvar gong og plasserte ballen heilt inne ved ein av stolpane. Gjerne slik at han toucha borti stolpen. På den tida spelte alle med vaksen-mål, og då var slike straffar utakbare for halvannan meter høge målmenn.

Eg hadde nok ikkje 100 % utteljing, men det var jammen ikkje langt ifrå. Så kom den skjebnetunge heimekampen mot Tjensvoll frå Stavanger.

Formen var god. Eg hadde spelt bra i friminutt-kampen på skulen tidlegare på dagen og bøtta inn mål, og derfor var det litt irriteranda å stå på sidelinja. Det blei ikkje betre av at kompisane mine ute på banen valsa over bygutane og sette inn den eine skåringa etter den andre. Om eg hugsar rett, enda det med omtrent 8-1. 

Til slutt slapp eg òg til. På det tidspunktet leidde me vel med fem-seks mål, så det var ingen grunn til høge skuldrar. No skulle det skårast!

Eg hadde vel så vidt kome inn på banen då me fekk straffe. Det var Øyvind som pleidde å ta straffane i kamp, men no ropte trenar Jarl frå sidelina at eg skulle ta han. No skulle det verkeleg skårast!

Eg plukka opp ballen og la han på 11-metersmerket. Mens eg gjorde det, kom ein av lagkameratane bortom og ga meg eit råd: "Sjå keeperen i augene, så ser han ikkje kva side du skyt til." Det var velmeint, men generelt er det ingen grunn til å gi nye råd til folk som har bortimot 100 % suksessrate på det dei skal gjera. Men å fylgja det same rådet, er direkte idiotisk. Eg kasta alle rutinar på sjøen, og flytta fokuset frå ballen og stolperota til keeperen. Det gjekk som det måtte.

Eg sparka nedi bakken så grastustene fauk. Ballen derimot, trilla sakte og pynteleg mot det eg jo hadde sikta på: keeperen, som bøygde seg ned og plukka han opp. 

Dette skulle visa seg å få tre varige konsekvensar. For det fyrste fekk eg ei mental sperre som gjorde at eg faktisk mista teken på å ta straffar. For det andre blei eg minna om dette me ujamne mellomrom av storebroren min, som uheldigvis stod på sidelina, til eg blei vaksen. Kvar gong eg sa noko om at ein straffe på TV var dårleg, kom det eit "eg har no sett andre ta dårlegare straffe". Det hjalp ikkje ein gong at han sjølv laga sjølvmål på A-laget. Og kva er verst: sjølvmål eller straffebom?

Den tredje konsekvensen merka eg eit halvår seinare. På hausten skulle me spela returoppgjer i byen, og det var då eg høyrde det frå ein av Tjensvoll-spelarane under oppvarminga: "Der er han med straffen!" Eg var blitt kjendis ...