mandag 1. januar 2024

Nytt år og ny kalender

For nokre år sidan oppdaga me eit spørjeprogram som går dagleg vinterstid på den tyske TV-kanalen Das Erste. Det er eit litt annleis spørjeprogram der spørsmåla ikkje er henta ifrå det folk flest går rundt og veit. Det kan vera om parringsritual til ein papegøyeart i Amazonas, opphavet til ord og uttrykk, pussige hendingar som har skapt kuriøse overskrifter rundt i verda eller kva du kan laga av ein tannstikkar, ein limtube og eit bilhjul. Det er alltid tre svaralternativ, for kven går vel rundt og veit slikt? Og nettopp dét er namnet på programmet: Wer weiß denn sowas? 

Under ein tur i Tyskland i 2020 oppdaga me at TV-programmet òg har sin eigen bordkalender. Eitt spørsmål kvar dag måndag - fredag og eitt for helga. Det måtte me jo ha. Dagens spørsmål blei raskt ein middagstradisjon, sidan det er artig å diskutera spørmåla, i tillegg til at det er god språktrening sidan det alltid er ei forklaring til svaret. Då året var slutt, måtte me jo ha den for 2021. Og deretter ... Kort fortalt: I går kom me i mål med vår fjerde WWDS-kalender med rett svar på eit spørsmål om året 2100. (Svaret var at det ikkje er skotår.) Og i dag innvia me kalender nummer fem med eit spørsmål i kategorien "?":

"I Want to Break Freeze", "Gritney Spears" og "Hansel og Grit-All" er ...?

A) iskvalitetar i kunstløp

B) namn på klimaanlegg

C) namn på skotske brøytebilar 

Ja, wer weiß denn sowas? Vel, me svarte faktisk rett på dette spørsmålet, men me må med skam melda at fire år med quiz-kalender ikkje har gjort oss så mykje klokare. Etter omtrent 1200 spørsmål hugsar me ei handfull svar – i beste fall! Som regel har me gløymt gårsdagens svar – og spørsmål –  når me skal bla om. Men eg sit i alle fall igjen med litt potensielt livbergande kunnskap, som at Eiffeltårnet strekk seg 30 cm på ein sommarsdag (for å krympa igjen om natta), og at tyske ord i gjennomsnitt har 6,09 boksatavar.

Godt nytt år!

Og forresten: Svaret på spørsmålet over er C. "I want to break freeze" er namnet på ein skotsk brøytebil!