fredag 14. januar 2011

Kalkulator-fotball

I Adressa i dag kan me lesa at Rosenborg er det 86. beste fotball-laget i verda. Det er International Federation of Football History & Statistics (IFFHS) som har funne ut dette. Slikt er sjølvsagt berre leik med tal, noko som blir understreka av at RBK ligg nede på 101. plass på UEFA si ranking over europeiske lag. Spørsmålet er berre korleis ein leikar med tala, og det kan ein gjera på mange kreative måtar.

På heimesidene til Rec.Sport.Soccer Statistics Foundation (RSSSF) finn ein mange fiffige, fantasifulle og flaue forsøk av statistikkfreakar på å kåra den beste klubben på tvers av landegrensene, mellom anna "A European Club Ranking", "And Another European Club Ranking" og "And Yet Another European Club Ranking". Det mest interessante forsøket er Marcelo Leme de Arudas si matematiske verdsranking

Han kritiserer at alle andre rankingar er basert på "I think"-metoden. Sjølv baserer han seg på rein matematikk - og sjølvsagt ein "I think"-faktor. I utrekninga prøver han å justera for kor vanskeleg det er å vinna nasjonale titlar i dei ulike landa, og for kor gode dei ulike fotballnasjonane faktisk er. Og dermed kan han samanlikna seriemeisterskap i Colombia og Belgia, og Champions League med Copa Libertadores. Tanken er like artig som utrekninga er komplisert. Viss Aruda har ein jobb der han kan bruka like mykje kreativitet og energi på å løysa problem av typen klimaendringar eller fattigdom, burde me vera i trygge hender. Det er forresten argentinske Boca Juniors som er rangert på topp. Poengsum: 30 895,42!

Som sagt: Leik med tal. På same vis som den viktigaste rankinglista i fotballverda - FIFA-rankinga - er leik med tal. Ingen med vettet nokonlunde intakt har vel oppriktig meint at det norske herrelandslaget var nest best i verda i oktober 1993, slik FIFA påstod. Like lite som at Rosenborg er nummer 86 i verda. I 1996 fann den unge matematikaren Eskil Aasmul ut nøyaktig korleis FIFA leika med tala, og dermed korleis ein kunne manipulera seg til topps på lista. Det likte FIFA veldig dårleg. På bakgrunn av kjennskapen sin konkluderte Aasmul i 1999 med at det med tanke på rankinga ville vera ein fordel for Noreg å ikkje spela fleire kampar det året. Eit friskt forsøk på å ta "best utan ball"-dogmet eit skritt vidare, til "best utan kamp".

Sjølv er jo eg fullblods fotballstatistikar, og denne teksten er steinkasting i glashus. På heimesida mi har eg nemleg lagt ut ei ranking over dei 50 beste klubbane i Noreg, basert på serie og cup dei siste fem åra. Som alle likesinna er eg sjølvsagt overbevist om at mi liste er den ultimate. Topp 10 på lista er:

1. Rosenborg, 2. Stabæk, 3. Vålerenga, 4. Tromsø, 5. Brann, 6. Viking, 7. Lillestrøm, 8. Odd, 9. Fredrikstad, 10. Molde.

Heile lista, samt utrekninga, finn du her.