mandag 24. januar 2011

Stikket

Eg ligg sjuk på sofaen, og når ein ligg sjuk på sofaen, kan ein tenka på mykje. Til dømes på sjukdom og sjukehus. Mi erfaring med norske sjukehus er at dei er flinke i medisin, men at dei har litt å gå på når det gjeld informasjon.

I 6-8 årsalderen var eg ein liten tur på Rikshospitalet. Det var litt langt å reisa åleine til Oslo, så far var med og tok inn på hotell. Ein morgon kom to sjukepleiarar med blodprøvevogna. Eg var ikkje spesielt glad i å ta blodprøvar, ikkje minst fordi årene mine har ein tendens til å kamuflera seg ved synet av sprøyter. Dermed blir "berre eit lite stikk" gjerne til 3-4 stikk. Greitt nok nå, men ikkje då eg var 6-8 år.

Eg ga grei beskjed: Det blei ikkje aktuelt å ta nokon blodprøve før far kom. Det var naturleg nok ikkje pleiarane innstilt på. Fuglane visste når far kom, og pleiarane hadde mykje blod å hausta. Det oppstod ein "situasjon", og eg begynte vel å bli litt krakilsk etter kvart. Plutseleg tok saka ei ny vending. Det var då ei av pleiarane sa: "Det er jo berre eit lite stikk i fingeren." Og det var akkurat denne informasjonen dei skulle gitt med ein gong. Eg hadde jo ingenting imot små stikk i fingrane. Eg sette meg til rette, strekte ut fingeren, og ho stakk.

Og i same sekund kom far inn døra.