tirsdag 2. august 2011

Heile landet mellom bokpermar

Norske skolefolk, utgitt i 1934, er ei nær 1400 sider tjukk bok med bilete og minibiografiar om alle lærarane i Norge på den tida. Vel, i alle fall nesten alle. Ikkje farfar, som eg leitte etter. Det var nok diskvalifiserande for redaksjonen at han var omgangsskulelærar utan fast stilling.

Norske skolefolk er eit prakteksempel på hangen til å dokumentera landet og folket i mellom- og etterkrigstida. Boka kom til og med ut i separate utgåver på nynorsk og bokmål, trass i at dette fordyra prosjektet ganske kraftig, som dei påpeikar i føreordet. Seinare kom boka i to-bindsutgåver både på 50- og 60-talet, så dette var noko som fenga.

Det kom mange slike bokverk på den tida. Nokre døme er Norges begyggelse (med bilete av alle husa i landet), Norske leger (fleire utgåver), Norske skibsførere 1933-1935, Norske kjøpmenn, Norske håndverkere og De norske jernbaner og deres personalie.

I 1953 kom to-bindsverket som i mine auge tar kaka: Aktive fotballspillere, redigert av Arne Brustad - tre-målskårar i bronsefinalen i OL 1936. Boka prøver noko som ville vera like utenkeleg som ugjennomførbart i dag: Å presentera samtlege vaksne fotballspelarar i landet, klubbvis. Ein vanvittig idé - i alle tydingar av ordet.

Årdal Idrettslag, laget i heimbygda mi, er sjølvsagt også representert, om ikkje dei enkelte spelarane. (Boka si oppgåve var altså umogleg alt då.) Den einaste som er omtalt, er formannen i laget, Georg "Goggen" Riskedal. Han var ein merittert 24-åring som kunne skilta med både skyttarmerket, marsjmerket, idrettsmerket og svømmeknappen. På spørsmål om særskilde høgdepunkt i karrieren svarte han at han mintes
“en situasjon under en kamp da ballen falt ned midt ute i en stor vanndam. Alle spillerne ble stående rundt og se på, og ingen våget seg ut i vannet for å sikre seg ballen."
I dag har ikkje Årdal IL seniorlag i fotball. Det forsvann i 2005, og om ein ser bort frå ein kretsmeisterskap i 7. divisjon i 1977 og nokre triumfar over lokale grendalag i Hjelmelandsmeisterskapen, er nok Goggen sitt minne dessverre ganske illustrerande for fotballhistoria i Årdal i Ryfylke.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar