torsdag 11. august 2011

Heisen og billettautomaten

Me har nettopp hatt nokre fine dagar i Stockholm. Byen var kanskje ikkje så flott som fleire hadde fått oss til å tru før me reiste - "så där lagom" er eit passande vitnemål - men me kosa oss. Ein av dei kulaste attraksjonane hadde me glede av opptil fleire gonger om dagen: Hotellheisen.

Hotellet vårt, Hotel Bentleys, kan nemleg skilta med den eldste heisen i Stockholm. Han er 130 år gammal og tar tre personar. Trappene går rundt heissjakta, og "veggene" i heissjakta er eit gullfargemåla metallgitter med ei flott dør. Innanfor døra er det ei nyare gitterdør, og begge dørene må vera lukka for at heisen skal gå. Det var det sjølvsagt nokre som ikkje hugsa på då dei forlot heisen, så eit par gonger måtte me gå opp eller ned trappene til eller frå 4. etasje.  Vanlegvis er trapper ok, men her handla det jo om heistur for heisturen si skuld. Heisen gjekk ikkje fort, men det var berre fint, for då hadde me tid til å sjå på teakinteriøret og produsentlogoane som var graverte inn i vindaugene.

Meir moderne var det på Arlanda flyplass. Mens me venta på koffertane, bestemte me oss for å kjøpa billett til flybussen på ein automat. Då me kom bort til automaten, stod det ei jente i 20-årsalderen føre oss og heldt på å avslutta billettkjøpet sitt. "Får håpa at det ikkje er altfor komplisert," sa eg til Snefrid og tenkte mest på at det kunne vera ein jungel av billettkategoriar.

Dette må jenta ha høyrt, for ho snudde seg, smilte til oss og spurte - på norsk - om me hadde brukt automaten før. Nei, det hadde me jo ikkje, men eg var sjølvsagt klar til å hjelpa henne om ho stod fast. Eg rakk ikkje å spørra om det. "Det er ikke vanskelig!" sa ho og tok til å trykka på skjermen og gjorde heile bestillinga for  oss før ho avslutta: "Og no kan du setta inn bankkortet der."

Eg fekk plutseleg ei sterk kjensle av korleis foreldra mine må ha det omgitt av all slags nymotens teknologi og folk som i pur hjelpsamheit tar over kontrollen i livet deira så snart eit tastatur dukkar opp. Forskjellen er sjølvsagt at eg veit korleis slik teknologi skal brukast. Denne elskverdig hjelpsame jenta tok det derimot heilt for gitt at slike innrettingar var langt utanfor fatteevne for folk som nærmar seg 40. Ho var sikkert overtydd om at me hadde fått hjelp med innsjekkingsautomaten av barnebarna

Det hjalp heller ikkje særleg då ho skulle velga billettype og valde fullpris med orda: "Dere er ikke under 26, he-he." I fullt alvor med eit stort smil.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar