mandag 22. august 2011

Inn i brilleskiftealderen

Eg har jo forstått at det måtte enda slik. Over ganske lang tid har eg kjent at eg har blitt varm og sliten i det høgre auget når eg har sete mykje framfor skjerm, og av og til har eg vore nøydd til å ta ein skjermfri dag eller to for å nullstilla. Det kom derfor ikkje som noko sjokk då augelegen i dag sa at eg må få meg "terminalbriller", i og med at det eine auget mitt som fungerer skikkeleg, er i ferd med å mista siste rest av tilpassingsdugleik. Dette var visstnok noko som var heilt normalt og "kom med alderen".

Denne oppløftande meldinga fekk eg under ei veke etter at livsstilen min blei stempla som utrygg.  

Det verste er at eg no har mista det vesle trumfkortet eg hadde i heimen. Eg er nemleg to år eldre og ein del meir gråsprengd enn henne, men ho har hatt både gå- og lesebriller ei god stund. Eg derimot hadde ikkje kome i brilleskiftealderen enno og greidd meg med eitt par. Inga frenetisk brillebyting eller nyttelaus leiting etter gjengløymde lesebriller her i garden, nei. Slikt var for foreldre, seniormedlemmer i esperantoklubben og altså Snefrid. Til i dag.

Augelegen føreslo at eg kjøpte meg eit par billigbriller med passande styrke til eg får skikkelege, og dermed gjekk turen til Nille. Så no sit eg her med eit nytt møblement til 59 kroner i trynet og håper at auga får det litt betre framover.

1 kommentar:

  1. Eg kjenner fleire over 60 som sit med Nille-briller.

    SvarSlett