mandag 18. juli 2011

Straffekonk

Eg har tidlegare skrive om at Japan er virtuell verdsmeister i fotball, ein tittel dei framleis held. Etter finalesiger over USA i kvinnefinalen i går kan Japan no også skilta med eit heilt reelt gull i fotball-VM. USA var nok det beste laget, men Japan var klart best i straffesparkkonkurransen som måtte til.

Fotballfans har gjerne eit ambivalent forhold til straffekonk. Det er dramatisk og underhaldande å sjå på, men blir sett på som bingoaktig. Tilfeldigheitene får rå, heiter det. Få nyskapingar har fått meir kjeft i fotball-Norge enn regelen om at alle seriekampar som slutta uavgjort skulle avgjerast på straffar. Regelen blei innført etter mykje diskusjon i 1987 og fjerna utan diskusjon i god tid før neste sesong.

Straffekonk hører ikkje heime i seriekampar, men eg har blitt venlegare innstilt til straffekonk som avgjerande faktor i cupspel. Eg er ikkje lenger så kategorisk på at tilfeldigheitene rår. Når USA og Japan er like flinke/dårlege med tanke på å skåra mål i den tilmålte tida, og USA skyt tre elendige straffespark mot eitt svakt frå Japan, er det ikkje då greitt at Japan vinn? Då har dei faktisk vore best på éin viktig del av spelet: å sparka ballen forbi keeper og i mål. 

Tilfeldigheiter speler ofte ei rolle i spelemål òg, og det spelemessig dårlegaste laget kan gjerne vinna på at ein forsvarsspelar snublar i beina sine og dyttar ballen i eige mål. Er det meir rettferdig? Eg trur faktisk at dei fleste straffekonkurransane blir avgjort på grunn av ferdigheitene til eksekutørane og keeperane. Og om det er slik, er det ein legitim måte å skilja klint og kveite på. 

Kva alternativ har me? Første-mål-vinn, eller golden goal, blei prøvd i nokre år. Dessverre var angsten for baklengs større enn lysta på eigne skåringar, og dermed blei ofte ekstraomgangane ein kjedeleg stillingskrig som likevel enda i straffar. Å droppa tidsgrensa på 120 minutt og la laga halda på til det kjem eit mål, er ikkje noko alternativ. Piffen går etter kvart ut av både spelarar og publikum. I Norway cup tel dei cornerar når det endar uavgjort. Det er minst like tilfeldig som straffar, men ein slepp så tydelege syndebukkar. Samstundes kan talet på cornerar vera eit uttrykk for kven som har vore det dominerande laget i kampen.

Me talde cornerar på skulen òg i si tid, men det er vel heller tvilsamt om tre-cornerar-er-straffe-regelen ville ha livets rett utanfor skulegarden. Og sjølv med den enda me jo opp med straffekonk av og til.Så fotballag og fans verda over får berre finna seg i at straffekonk er ein del av spelet, og at det kan løna seg å øva på det. Slik Tromsø gjorde i 1987 og berga plassen i 1. divisjon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar