fredag 25. mars 2011

Far si hemmelegheit

For nokre dagar sidan fann eg ei lita skattkiste på internett, nemleg Nasjonalbiblioteket si elektroniske boksamling. Her kan ein søka på fritekst og få treff i både bøker og artiklar m.m. i elektronisk format. Faktisk er fleire tusen bøker skanna, nokre av dei også av nyare dato. Det var gjennom eit søk her at eg oppdaga far si hemmelegheit.

I sin ungdom var far fotballkeeper. Det var absolutt inga hemmelegheit. Gamle lærar Strøm sa ein gong han kom inn på fotball i kristendomstimen at Årdal har hatt tre gode keeperar: Kjell Skår, Jarl Sie og Olav Ullestad - altså far. Søstera mi er den einaste i familien som har sett far i aksjon i målet. Det var oppvisingskamp, og måla rann inn, så far stod stort sett bokstavleg talt i målet og plukka ut ballar. Søstera mi kjem aldri til å skriva under på Strøm sin påstand.

Det har aldri vore mykje snakk om denne fotballkarrieren, kanskje av naturlege årsaker. Kort oppsummert visste eg at han spelte for Årdal, Hjelm og Sola, og dermed var det ikkje overraskande når søket ga treff med Sola. Det dreidde seg om ei jubileumsbok for Sola Idrettslag der far var med på eit lagbilete. Til alt hell var boka digitalisert, så eg fekk sett biletet og lest teksten: "Laget som ble kretsmestere i 4. divisjon 1959/60". 

I over 50 år har altså far tagd om at keeperkarrieren kulminerte i eit kretsmesterskap. Det må vel vera rapporteringsplikt om slikt når ein har to fotballgalne søner?