tirsdag 8. mars 2011

Spring för livet

I helga snubla me innom ein av dei svenske delfinalane i Melodi Grand Prix, eller Melodifestivalen som det heiter der i garden. Der varta Sara Varga opp med eit høgst uvanleg og veldig bra Grand Prix-bidrag, songen "Spring för livet". Det er ei tung vise  om mishandling i parforhold. Bodskapen er klokkeklar, og framføringa understrekar teksten på eit fenomenalt vis.

I Grand Prix er det eitt av to: hjerte-smerte eller krig-og-fred-og-sånn. Her er ein artist som bruker scenen til å formidla noko som på eit heilt anna vis treff einskildmenneske blant lyttarane, og det er mykje vanskelegare enn å synga om generelle verdsproblem som folk i varierande grad greier å ta inn over seg på eit individuelt nivå. Varga seier at ho skreiv songen for å hjelpa  andre, og det trur eg ho lukkast bra med. Svenske organisasjonar mot vald i heimen vil aldri nå ut på same vis med kampanjane sine som Varga gjer med denne enkle songen i eit av dei mest populære TV-programma i landet. 

"Spring för livet" gjekk vidare til hovudfinalen på laurdag, men han vil nok dessverre ikkje ha noko å gjera i den internasjonale finalen, i og med at folk flest i Europa ikkje kan svensk. Og om ein ikkje forstår teksten, blir det berre ei lita vise utan sceneshow. Det blir nok ikkje spektakulært nok. Sara Varga skal likevel ha mycket väl godkänd for dette - kanskje det beste eg har sett i Grand Prix-samanheng.