lørdag 12. mars 2011

Sveriges bodskap til Europa

For nokre dagar sidan skreiv eg om Sara Vargas song i den svenske Grand Prix-finalen, "Spring för livet". Ikkje uventa nådde han ikkje opp i finalen i kveld. Vargas ettertenksomme tekst om konemishandling måtte sjå seg grundig slått av denne bodskapen:
 I will be popular [...] My body wants you, girl. I gonna get you when I'm popular.
Det var mykje rart i finalen, og svenskane gjorde det enkelt: Dei valde han fjortisjentene syntes var søtast. Han heiter Eric Saade (uttalt med to a-ar) og vann med songen "Popular" - ein vaskeekte, platt plastic-fantastic. Det gjekk med andre ord "käpprätt åt skogen".

Den som vil, finn sikkert songen på YouTube. Her blir han i alle fall ikkje posta...