mandag 28. mai 2012

På gjengrodde skulestiar

"Livet er knyttet til N2 i proteinet."

Denne påstanden er henta frå kladdeboka mi i kjemi frå 1. klasse på gymnaset, og eg har inga aning om kva det tyder. Eg har heller inga aning om kva alt det andre (eller kanskje heller: noko som helst av det andre) i kladdeboka tyder. Truleg forstod eg heller lite av det då eg skreiv det òg. Det var nemleg klart for meg veldig tidleg at eg ikkje kom til å bli kjemikar, fysikar eller biolog.

Den gamle kladdeboka kom hit til Trondheim med foreldra mine sist veke. Eller rettare sagt: Foreldra mine kom med boka. Det har seg nemleg slik at eg framleis har eit lite flyttelass, hovudsakeleg i form av kasser med bøker, ståande hjå dei i Årdal, og no tenkte far at han skulle ta med ein kasse eller to når dei likevel skulle nordover med stor bil. Tilfeldigvis blei det kassen med dei gamle skulebøkene, den kassen eg så absolutt har minst bruk for. Men, men. Tanken var god, og det opnar for mimring. Og før eller seinare måtte jo det òg ryddast i.

I dag gjekk eg laus på en fyrste posen. Den inneheldt nokre gamle skulebilete, russehua med tre knutar (ein dobbel) og ein bruskork - eg var ingen engasjert russ - og ein del bøker frå vidaregåande. Eg skal innrømma at det var litt morosamt å bla i dei.

Side opp og side ned med formlar og reknestykke og ting eg ein gong visste kva var, alt krydra med drodlerier og teikningar som viser at konsentrasjonen ikkje alltid var på topp. I tyskprøveboka kunne eg lesa at eg ville bli journalist, mellom anna fordi dei får reisa mykje, og på ein engelskprøve påstod eg underleg nok at eg likte krimbøker. Matteprøvene såg ut til å ha gått ganske greit - det var til og med ein 6-ar, men og ein kommentar frå mattelærar Skår: "Tilfeldigviss rett svar!".

På neste prøve slo eg tilbake: "NB! Eg veit at ein ikkje skal gange vekk nemnaren i ein ulikskap, men det går når den er den same på begge sider!!!" Det er trist å tenka på at dette kanskje var det næraste eg var eit opprør på vidaregåande...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar