søndag 13. mai 2012

Lego for vaksne

Til veka kjem foreldra mine på besøk, hovudsakeleg for å sjå den nye leiligheita vår. Dei kjem med bil frå Ryfylke og blir her i nokre dagar. Det betyr sjølvsagt at dei blir nokre netter òg, og då treng dei noko å sova i. Tida med luftmadrassgjesteseng på golvet er over, så no har me kjøpt sovesofa på IKEA.

IKEA-møbler kjem som kjent i flate pakker og må monterast. I dag blei eg ferdig med sovesofaen. Eg bygde sjølve sofaen i går og skuffene i dag. Ikkje fordi det var uoverkomeleg å greia på ein laurdag, men på den måten hadde eg litt pusling å driva med i dag òg.

Eg tilhøyrer den minoriteten som synes det er ganske artig å gi flatpakkene møbelfasong. Det er vaksenlivets svar på Lego, som eg var veldig glad i som liten. Du får ei eske med ørten delar og bitar samt eit hefte med byggeteikningar. Så er det berre å gjera som teikningane seier. For meg som er fødd med åtte tommeltottar og to peikefingrar (slik at eg kan gripa rundt ein blyant og peika på kor skapet skal stå når det er ferdig) er det dessutan kjekt å ha kjensla av å ha laga noko av og til. Sjølv det ikkje heilt kan konkurrera med hyttekjøkena far lagar heilt frå botn. For ikkje å snakka om husa han har bygd, til dels dønn åleine.

Og eg begynner å få trening: Sidan innflyttinga i februar har eg legomontert kjøken-, spise- og salongbord, seks stolar, tre Billy-hyller, eit vitrineskap og ein skjenk i tillegg til sovesofaen. Nesten alt har gått nesten heilt smertefritt. Unntaket som stadfestar regelen, er stolane til spisebordet. Det er noko med IKEA og spisesalongstolar. Berre spør broren min. Han var klar til å brenna sine halvvegs ut i monteringa, noko eg alltid har mobba han for. Det slutta eg med for eit par månader sidan...

Ein forskjell på IKEA og Lego er at den fyrste kjem med verkty, eller rettare sagt umbraconøkkel. I staden for å selja små umbraconøkkelsett separat legg IKEA minst éin nøkkel i kvar eske. Så no kan eg starta nettbuttikk med spesialisering innan umbraconøklar, særleg 5 og 6 mm. Rett skal vera rett: Nokre av verktya i IKEA-pakkene er ganske snedige og kjem godt med i sykkelverkstaden, som t.d. kuleforma umbraconøklar. Men eg treng strengt tatt ikkje fire av dei.

Ein annan ting IKEA er rause med, er embalasje. Fuglane veit kor mange kvadratmeter papp og kor mange kubikkmeter plast me har kasta dei siste månadene. Dette tilgir eg gladeleg. Alternativet ville jo vore møbelbyggesett med fiks ferdige riper og hakk. Og det held med dei hakka me alt har laga sjølv.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar