onsdag 14. desember 2011

Heggvold ULLESTAD

Med ujamne mellomrom, og i periodar ganske ofte, får eg telefon frå folk som vil ha juridisk hjelp. Dette skuldast ikkje at eg hadde rettslære på vidaregåande og tok nokre vekttal i offentleg rett for 20 år sidan, men at namnet mitt er temmeleg likt namnet til ein profilert advokat her i byen. 

Han heiter Kjell Heggvoll. Eg heiter Kjell Heggvold Ullestad. Eg ber deg legga merke til forskjellane i namna i tilfelle du treng advokat: Han heiter Heggvoll med to l'ar. Eg heiter Heggvold med ld, og har dessutan eit anna etternamn: Ullestad. Både Heggvoll og Heggvold stammar for øvrig frå den same, delte garden i Soknedal, Sør-Trøndelag, men me er ikkje i slekt. Visse skjeringspunkt finst det likevel: I 70-årslaget til mora mi i sommar sat eg til bords med foreldrene til advokaten.

Nok om det.Det burde altså ikkje vera så komplisert å sjå forskjell på namna, all den tid eg har eit anna etternamn, og med gammaldagse telefonkatalogar hadde det ikkje vore noko problem i det heile.

Grunnen til problema er at advokatklientane søkjer etter telefonnummeret i telefonkatalogar på nettet, og då varierer det litt kva namn som kjem opp fyrst, alt etter kva stavemåte klientane vel. Det rare er likevel at dei ikkje les forbi det andre namnet. "Ullestad" tel liksom ikkje med. Andre er så smarte at dei les alle namna, men bestemmer seg for å prøva likevel. "Ja, det var det eg trudde," seier dei så når eg seier at dei har ringt feil. Kvifor i all verda ringer dei eit nummer dei trur er feil..?

Som regel går dette bra, men av og til kan det bli ganske irriterande. Det gjeld til dømes når oppringaren begynner å diskutera om eg verkeleg ikkje er advokaten, eller når dei finn ut at dei har ringt feil og likevel ringer 2-3 gonger til. Eller når folk ringer klokka 7.30 søndag morgon og både diskuterer og ringer opp att eit par gonger til for å vera sikker. Nokre har dessutan den uvanen at dei går rett på sak om dødsbu eller spørsmål om bankkontoen sin. Verst var det då ein psykiatrisk institusjon ringte og straks namnga ein pasient eg visstnok skulle vera verge for. Den same institusjonen greidde så å registrera mitt telefonnummer i advokatlista si, for så å gi nummeret til ein pasient som kontakta meg per sms. Eg synes verkeleg synd på denne pasienten som naturleg nok blei svært forvirra.

Det som òg irriterer, er mangel på normal folkeskikk. Her om dagen ringte telefonen mens eg var i ein butikk:

- Hei, det er Kjell.
- Unnskyld, kven er det?
- Det er Kjell Heggvold Ullestad.
- [Kort pause] Er det ikkje Kjell Heggvoll, advokaten?
- Nei, eg er Kjell Heggvold Ullestad. Eg er ikkje advokat.

Så var det 2 sekunders stillheit før røret blei lagt på i andre enden. Eit lite "Beklager" er då ikkje så mykje å forlanga. Spesielt ikkje klokka 7.30 søndag morgon.

Nokre morosame episodar har det òg blitt. Den fyrste gongen eg opplevde namneforvekslinga, var det Snefrid som tok telefonen. Eg stod ved oppvasken, og plutseleg høyrte eg at ho sa:

- Nei, han er bare lærer.

No er eg universitetslektor, men altså framleis ikkje advokat. Og framleis heiter eg Ullestad. 

1 kommentar: