tirsdag 24. mai 2011

Fonograf

På jakt etter nye idéar i uttaleundervisning las eg i går i Carl Knap si bok "Den direkte metode i sprogundervisningen" frå 1916, som eg kjøpte på ryddesalg på folkebiblioteket i vinter. Knap skriv mellom anna om fonografen som undervisningsmateriell. Han slår fast at "dens bruk ingenlunde kan siges at være slaat igjennem", og at mange "stiller seg tvilende overfor dette nye læremiddel".

Foto: Holger Ellgaard
Dette nye læremiddel, altså fonografen, blei oppfunne i 1877 - nesten 40 år før Knap omtaler det som nytt. I dag går utviklinga litt fortare. 

Om me går 40 år tilbake i tid, kjem me til 1971. Det var på den tida broren min såg ein musikkassett for fyrste gong og far ikkje visste kva det var. Etterpå har kassetten rukke både å bli kjempepopulær og å forsvinna, LP-platene har forsvunne og fått eit nostalgisk comeback, og CD-platene har kome, sigra og starta nedturen. Nå er det digitale musikkfiler som gjeld. Eg såg eit TV-program i sist veke der ein fjortis såg ei LP-plate for fyrste gong. Han syntes det var kult at musikken  kom i eit handfast format.

Tilbake til fonografen. Carl Knap fekk ein demonstrasjon og kunne rapportera dette:
"Jeg hørte et digt og et prosastykke (The four Seasons). Efterat jeg en stund hadde vænnet mig til den generende susen i apparatet, hørte jeg ganske godt, ialfald paa bestemte steder i værelset."
Fonograf er altså ikkje å tilrå i uttaleundervisinga...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar