søndag 5. juni 2011

Digitaliserte minne

Noko av det eg likar best med datateknologien, er at ein kan digitalisera og arkivera kopiar av slikt ein ikkje vil mista. Då har ein alt på ein stad, i eit ryddig system og det tar minimal plass. Og ikkje minst: om ein har ein tryggleikskopi oppbevart på ei anna adresse, veit ein at dei minna i alle fall er berga om det verste skulle skje.

For eit par år sidan jobba eg meg gjennom heile musikksamlinga vår. CD-ar, LP-ar, kassettar. Alt blei digitalisert. Frå "The Last Night of the Proms" via Katie Melua til svensk punk. Kvaliteten på opptaka frå LP-ane og kassettane blei så som så, men det var jo originalane òg. No kan i alle fall alt spelast når og kvar - og ikkje minst viss - me vil.

Som den arkivfreaken eg er - og særleg var - har eg sjølvsagt (så å seia) alle fotonegativa eg er skuldig i sidan eg fekk kamera. Dei låg innelåst i ein bankboks til dess banken flytta og bankboksen forsvann, og då dukka tanken på digitalisering opp. Sist sommar fann eg det eg trengte på Nordby kjøpesenter på Svinesund: ein negativ-skannar. Ok, det er ein billigmodell, og kvaliteten blir rett som det er litt bob-bob. Nokre bilete blir faktisk best om eg gjer dei om til svart-kvitt. Men han gjer jobben!

No er eg snart gjennom haugen og dermed til vegs ende på ei nostalgireise. Det har vore kjekt å sjå igjen bileta frå mellom anna språkreisa til England, Centra Oficejo og husklynga Tjørnuvík på Færøyane. Eller som nedanfor: kabelferga i Espevær, anno 1996. Snefrids treffande kommentar til biletet: "Eg er glad for at du har endra stil sidan det."


4 kommentarer:

  1. hahaha! kan virkelig ikke forstå hvordan hun kan ikke sette pris på den looken! Herlig, herlig! Du har en rosa fortid, altså... Interessant!

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  3. Nei. Jakken og buksa var faktisk burgunder. Skannaren gjengir som sagt ikkje fargane heilt optimalt. (At det fyrste svaret til deg blei sletta, skuldast ikkje eigensensur, men ein tasteglipp...)

    SvarSlett
  4. Synes du ligner litt på Åge Aleksandersen i yngre dager.

    SvarSlett