fredag 24. juni 2011

Ein hektisk dag i kyrkja

For akkurat 130 år sidan - fredag 24. juni 1881 - gifta Marta Olsdtr. Riveland (f. 1861) seg med Tobias Ivarson Ullestad (f. 1862) i Årdal kyrkje, Årdal i Ryfylke. Det var det fyrste skrittet mot å bli oldeforeldra mine. Ein heilt vanleg bryllaupsseremoni kan det ikkje ha vore, og salig sokneprest Dominicus Nagel Lemvig Brun må ha blitt ganske sveitt under messehakelen. Ola, far til Marta, tok nemleg konsekvensen av at det kostar både førebuingar og pengar å halda bryllaup. Omtrent slik ser eg for meg det som hende:

Etter at Marta og Tobias hadde sagt ja, rusla dei ned saman med ein av forlovarane og sette seg. Kanskje sette dei seg i benken som ber Ullestad-namnet. I så fall blei det ein kort rusletur, for den står faktisk i navet. Den andre forlovaren, Jens Ytrevoll, blei ståande og venta på at Johannes og Anne Sofie skulle koma hand i hand opp det ujamne tregolvet som utgjorde midtgongen.

Johannes var Marta sin storebror og gifta seg altså òg denne dagen. I tillegg til Jens Ytrevoll var Johannes sin bror, Kolbein, forlovar. Lemvig Brun gjorde det han skulle, og Ola fekk ei ny svigerdotter. Så gjekk ho ned, og opp kom Anna. 

Framme ved alteret bytte Johannes plass med storebror Kolbein, medan Jens Ytrevoll tok nokre knebøy. Det tar på å stå slik ved alteret bryllaup ut og bryllaup inn. Kolbein fekk si Anna, og endeleg kunne alle gå ned og ut og førebu seg til eit ekte sør-vestlandsk bryllaups-haraball med mykje andakt og alvor.

Utanfor kyrkja huka den nyslåtte trippelsvigerfaren Ola tak i Jens Ytrevoll:

- Du skal ha takk for innsatsen Jens.
- Det var då ingenting å takka for.
- Å jau, då. Nå får du gå heim å kvila ut til neste helg. For du stiller vel då òg?
- Neste helg?
- Ja, når veslejenta, ho Karoline, skal få sin Anders.

Jens Ytrevoll stilte som forlovar neste helg òg, han. Og Marta si søster Karoline fekk sin Anders - broren til Tobias.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar