onsdag 11. mai 2011

Kva driv dei eigentleg med?

På Rena har dei Rena farge og parfymeri og i Grimstad finn du Agder møbler og musikk. Desse firmanamna er unekteleg litt oppsiktsvekkande, men dei fortel i alle fall kva verksemd det er snakk om. Ikkje alle er like opplysande.

På ein sykkeltur i går sykla eg forbi skiltet til Trondheim minilager, og då melde jo spørsmåla seg med ein gong: Kva driv dei med? Kva er eit minilager? 

Det hjalp ikkje veldig at "mini" var utheva med feite typar, altså Trondheim minilager. Er det eit lager for små ting? Eller tilbyr dei små lager? Veldig små, i så fall, jamfør uthevinga. Og er det marknad for små lager? Kan ein ikkje like godt bruka garasjen? Er det ikkje å skremma vekk kundane når du reklamerer med at lageret du leiger ut, nærast er eit bøttekott?

Minilageret er  ikkje det einaste noko tåkelagde bedriftsnamnet i Trondheim. Analysesenteret på Leangen er heller ikkje heilt sjølvforklarande. Analyserer dei kva som helst? Dei må i det minste analysera mykje, for huset er svært. Kunne eg fått jobb der med hovudfaget mitt i tysk? Er det noko germanistar kan, så er det jo setningsanalyse. Gi meg ei leddsetning, så skal eg finna dativobjektet før du rekk å blunka, sjølv utan fancy lab.

Konsulent er - dessverre for dei som ber tittelen - ein ganske utvatna tittel. Og om det er diffust kva Analysesenteret driv med, er firmaet Multiconsult direkte mystisk. Smak på det: Multiconsult, eller på norsk: ymse rådgjeving. Her kan det handla om alt frå rotteutrydding til finanshjelp. Dei kunne vel strengt tatt like godt ha kalla firmaet sitt Firmaet vårt. Eg hadde blitt like klok av det. 

Når føler ein intuitivt at her hadde eg hatt bruk for ein multikonsulent, eit analysesenter eller eit minilager? Risikerer dei ikkje å gå glipp av kundar når dei har slike namn? Firmanamnet er trass alt den viktigaste reklameplakaten dei har, så han bør jo seia noko.

Truleg finst det mange andre og like meiningslause firmanamn rundt i landet - forslag mottas med takk.

4 kommentarer:

  1. I løpet av de neste dagene kommer jeg til å falle for fristelsen til å gugle minilageret i et håp om å finne ut hva de gjør - et sånt mysterium kan jo ikke stå ubesvart!

    SvarSlett
  2. Dette er visst ei bedrift som tilbyd eit lite lager for dei som ikkje har nok plass heime. Når ein oppdagar konseptet, så er kanskje ikkje namnet så dumt likevel: http://www.trondheimminilager.no/

    Det vert kanskje som å seie til tippoldemor at om hundre år har alle eit produkt som heiter BankID. «Åh, kvifor må dei kalle det noko så uforståeleg?»

    SvarSlett
  3. Då var det i alle fall ein fornuftig tanke bak eitt av namna. Men eg synes framleis det er litt risikabelt å utheva "mini" så sterkt. Vel, dei om det.

    SvarSlett
  4. Egentlig er det jo faktisk et helt fantastisk konsept - en ekstra bod på en gård i nærheten av byen! Nesten så jeg må finne ut om jeg har noe som trenger å lagres? (noe av rotet fra kontoret?)

    SvarSlett