fredag 22. april 2011

Vaklande sjølvtillit

Det er påske og tid for påsketradisjonar. Vår faste påsketradisjon er ein dagstur til klosterruinen på Tautra utanfor Frosta. Denne turen har vore eit fast påskeinnslag i sikkert 10 år, så sant vêret ikkje har vore for umedgjerleg. Og i så fall har me tatt turen like etter påske. Til Tautra skal me!

På programmet står vandring i naturreservatet (så sant me er der før det blir stengt for publikum på grunn av hekking), vaffel i Klostergården og eit besøk i  suvenir- og gåvebutikken, samt ein middagsstopp på veg heim. I år som fleire gonger før, la me middagsstoppen til Vågen vertshus på Frosta. For eit par år sidan kom det nye eigarar i vertshuset, og med dei ein ny og internasjonal meny (les: italiensk og tyrkisk). 

Me har til no alltid vore godt nøgde med maten dei nye eigarane har servert, og synes derfor at dei godt kan visa litt betre sjølvtillit enn kvitteringane deira utstrålar.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar