søndag 10. april 2011

Åsas kurve

I sist episode av komiserien Kongsvik ungdomsskole på TVNorge fekk rektor Åsa eit problem i fanget: Karaktersnittet på skulen var for dårleg. Løysinga hennar var enkel: Åsas kurve. Karakterane skulle fordelast etter normalfordelingskurva som før, men kurva skulle forskyvast eitt hakk mot høgre på x-aksen - der sjølvsagt karakterane stod. Altså: det som før var ein 2-er, skulle no vera ein 3-er, ein gamal 4-er blei ein 5-er og så bortetter.

Dette er jo underhaldande i ein komiserie, men ikkje like morsomt når det skjer i verkelegheita. I 1996/97 underviste eg i norsk på ein vidaregåande skule. Det begynte allereie å gå opp for myndigheitene at Reform 94 kanskje ikkje var så genial som Hernes meinte, noko som var i ferd med å visa seg nettopp i karakterstatistikken.

På eit møte i norskseksjonen blei me dermed presentert for eit rundskriv frå høgare makter. (Eg trur det var frå Det kgl. norske kyrkje- og undervisningsdept., men hugsar ikkje sikkert.) I skrivet kom det fram at på grunn av nedgangen i karaktersnittet, skulle karakterskalaen justerast. Med andre ord: Åsas kurve lenge før TVNorge fann opp Åsa - og det i fullt alvor. Vidare stod det spenstig at sjangerbrot på eksamen ikkje automatisk skulle trekka ned - ein skulle vurdera om eleven hadde gjort det med vilje. Eg hugsar at veteranane i kollegiet såg mørkt på å vurdera om namnlause elevar dei aldri hadde møtt, var vankunnige eller kunstnarleg frimodige. Men bortdefinering av feil var utan tvil ein god måte å skjula manglar ved reformen på.

Også på høgare nivå har Åsas kurve vore i bruk. I 2004 presenterte professor Wolfgang Feigs ved NTNU ei undersøkjing der han viste at nokre av tyskstudentane som fekk B på eksamen i 2002, ville ha fått E i 1966.

Til slutt ein fysikkprofessor som gav meg eit innblikk i sensurteknikken sin for ein del år sidan: "Han med best poengsum får 1.0, og så går det nedover i tråd med normalfordelingskurva." Denne professoren skal ikkje skuldast for å bruka Åsas kurve, men me kan kanskje skulda han for ikkje å ta særleg omsyn til kunnskapsnivået til studentane heller.