tirsdag 14. juli 2026

Måkene og reven

Om ikkje midt i ein storby, så bur me i utkanten av bykjernen i landets tredje største by, og her - seks kilometer frå Gamle bybro og Lykkens portal - er det ganske bra med dyreliv. Her har me sett både elg, rådyr, grevling og rev, i tillegg til veldig, veldig mange måker.

"Jeg hater måker", slo Odd Børretzen fast i ein kjend song, og mange av bebuarane på Risvollan vil nok seia seg einige i det. Dei flate taka i burettslaget er nemleg fine reirplassar for måkene, og dermed blir det utrygt for både to- og firbeinte når måkeungane kjem deisande ned på bakken i månadsskiftet juni/juli før dei er flygedyktige. Då gjeld det å planlegga ruta til butikken eller garasjen for å unngå kamikazeforeldra som stuper ned mot alt og alle, heilt uavhengig av om ein er på veg mot ungen eller ikkje.

Som regel er det berre foreldreparet som forsvarer ungen sin, men om det verkeleg er fare på ferde, slår dugnadanden inn i måkesamfunnet. Dei synes å ha eit intrikat vakt- og alarmsystem, og når alarmen går, kjem alle måkene med tilhald innanfor rimeleg avstand stormande til for å hjelpa, og saman kretsar dei rundt trugselen mens dei skrik for full hals.

Det var slik me for nokre år sidan blei merksame på reven som er ein trufast gjest på Risvollan om sommaren. Han har hi i nærleiken ein ein stad og tar ein nattleg runde på jakt etter mat til sine eigne avkom, særleg i den perioden måkeungane tuslar rundt i Utleirparken. Han er forbausande presis og kjem gjerne mellom halv eitt og to på natta. Og nei, me sit ikkje og held utkikk etter han. Måkene seier tydeleg i frå når han kjem luskande.

Han er ikkje så folkesky heller. Tidlegare i sommar stod han rett under soveromsglaset vårt og kika opp på oss, og tidlegare har me sett han kryssa gangvegen berre eit par meter bak uanande folk.

Kampen mellom måkene og reven er ein kamp på liv og død for dei forsvarslause og endå ikkje flygedyktige måkeungane, og av og til spring reven heim med ein fjørkledd godbit i kjeften til heftige, men akk så hjelpelause protestar frå måkene. Men andre gonger ...

Ei natt for kort tid sidan blei me vitne til eit drama med uventa resultat i Utleirparken. Dei siste par døgna hadde det vore to måkeungar der, og me rekna med at det berre var eit spørsmål om tid før reven tok ein av dei. Og ganske rett. I eitt-tida kom han luskande rundt hjørnet på gapahuken. Det tok litt tid før me såg han, men eg kan lova at måkene hadde sett han. Til vår overrasking var det ikkje nokon måkeungar å sjå, verken for oss eller reven. Han såg berre ein tom, open park utan gøymestader. Det var berre ein ting for reven å gjera: Han måtte raska gjennom parken - og det så raskt som berre ein rev kan raska.

Som tenkt, så gjort. Reven galopperte gjennom parken mens han gjorde seg så liten han kunne for å verga seg mot dei titals illsinte måkene som kretsa rundt han med sterke vinger, høge skrik og skarpe nebb. Om måkene har respekt for reven, fekk me sjå at respekten i høgste grad er gjensidig.

Dei blei altså ingen måkesteik for reven den natta. Korleis og kor hen dei to måkeungane var evakuert, er ikkje godt å vita, men om morgonen var dei på plass mellom trampolinene og rutsjebanen igjen, og det var då eg blei vitne til ein viktig augeblink i ein måkeunges liv. 

Den eine av dei to hadde sånn smått prøvd seg litt på vingene, og no stod han og drakk av ein pytt. Plutseleg slo han litt med vingene, tok ein slurk til og tenkte noko slikt som: "No er eg dritlei denne parken. Det er på tide å bli ei skikkeleg måke!" Så letta han, fauk gjennom parken, rundt hushjørnet, og borte var han. Truleg for alltid trygg for reven.

Måkeungen - reven 1-0.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar