Viser innlegg med etiketten reise. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten reise. Vis alle innlegg

søndag 17. mars 2024

Av fulle folk

Av born og fulle folk får ein høyra sanninga, heiter det. Vel, om dei ikkje alltid serverer oss sanninga, kan dei vera ganske frittalande - også i samanhengar der folk flest føretrekk å halda ein så låg profil som mogleg. Som til dømes på bussen.

For ei tid sidan kom eg over ein tekst eg må ha skrive då eg nettopp hadde flytta til Stavanger for å studera hausten 1991. Det er ei heilt sann skildring av ein i utgangspunktet heilt vanleg busstur inn til sentrum ein kvardagsmorgon. Heilt vanleg blei han derimot ikkje, for det kom ein full mann med meiningar om bord. Her er teksten, lett omarbeidd.

Frå vindaugsplassen såg eg mannen som stod og sjangla på busstoppen utanfor Siddishallen. Synet av halvlangt hår, utsliten dongerijakke og halvtom flaske ga fritt leide for fordommar av alle slag, og eg målte anitpatiane mot stakkaren mens bussen svingde til sides og stoppa. Eg konkluderte med at det var greitt at han kom om bord, men han trong ikkje nettopp setja seg ved sida av meg.

Det gjorde han ikkje. Han kika seg litt rundt før han sette seg på ein vindaugsplass mot kjøreretninga, to rader føre meg. Han tok eit raskt blikk rundt på oss. Me prøvde å ikkje sjå på han. Han rista på hovudet. Så begynte han å snakka. Stemmen var klar og stødig og nådde utan problem til dei bakerste setene. Han sa:

- Fy faen så seriøse alle er her! Ingen som ler. Ingen som smiler. Ingen som snakkar saman. Bussen er søren meg den mest usosiale plassen på jorda. Men det er ikkje meint slik. Ein skal hyggja seg på bussen. Sjå, her sit de to og to og berre ser på kvarandre, ingen seier noko. Alle sit bare og ser på dei andre og tenkjer: "Kor skal han? Går ho på skulen? Han hadde seg nok ein rangel i år." Men snakka saman, nei, det er det ingen som gjer.

- De har jo ei rekkje ting felles, sa han til jenta som sat rett imot han. Du har blå bukse, ho har blå bukse. Han har joggesko, sa han og peika på ein gut tvers over midtgangen, og det har ho òg. Eg er gammal, men du er ikkje gammal, og det er heller ikkje ho på sida av deg. Noko må de jo ha å snakka om - nokre felles interesser, handball, fotball, bilcross eller felles venner. 

Jenta kika brydd utover Mosvatnet. Han fortsette. 

- Heile gjengen sit berre og stirrar på kvarandre. De skal vel på jobben eller skulen og har ikkje tid til å snakka. No sit de her og berre ser på meg fordi eg bryt tausheita. Ja, du der i den blå lua òg. Eg såg det med ein gong. Du treng ikkje snu deg vekk og lata som ingenting. 

Bestemora i blå lue studerte intest Texaco-stasjonen me kjørte forbi, mens mannen tok ein kort kunstpause. Han fekk auge på to som søv.

- Dei to som søv der er sikkert kompisar, slår han fast. Hadde seg nok ein skikkeleg rangel i går. Hei! Du som søv der - du jobbar vel i kommunen, du? Ikkje det, nei. Kjem du for seint på jobben no, kanskje? Ikkje det heller, nei. Men han andre som søv der - er det kompisen din? Å nei. Han skal vel kanskje av her, forresten. Best å vekkja han, ein veit jo aldri. Som sagt så gjort. På veg inn i rundkjøringa til motorvegen dulta han borti den sovande mannen.

- Å, så du har kontroll på kor du er. Deg har eg forresten truffe før, ikkje sant? Det var det eg visste.

No vende han seg på ny til jenta som sat ovanfor han. 

- Er det meg du synes er løyen sidan du ler? Du går vel på skulen, du? Kva skule då? På naturfaglina? Sånt om plantar og dyr og sånt? Sei meg, kva heiter den hekken rundt huset der, då? Enn det treet der? Nei, ikkje der - det er ein lyktestolpe, det. Det treet der. Veit du ikkje dét heller? Kva er det de lærer på skulen? Men du veit vel kva tre som står i midtrabatten her. Ikkje? Det gjer eg. Det er lønn.

Me var komne til rundkjøringa i Kannik, og mannen gjekk gradvis over frå filosofiske betraktningar til meir praktiske utfordringar. 

- Nei, noko så usosialt! Eg seier det, eg, at det er mykje merkeleg her i verda. Det var då forresten som bare faen med den flaska. Er det ingen som har ein lommekniv med korketrekkjar?

Det var det ingen som hadde. Det var i alle fall ingen som sa noko. Ikkje eg heller. Dessutan skulle eg av ved jernbanen, på holdeplassen rett ovanfor polet, og kniv hadde eg jo uansett ikkje. Det siste eg høyrde då eg gjekk ut, var eit hjartesukk:

- Eg skulle så gjerne hatt meg eit glas vin. Må vel få lov til det?

Bussdøra gjekk igjen bak meg. Ute var det klarvêr og litt kaldt, og bussar dura overalt.



onsdag 23. oktober 2013

Reiserute

Snefrid hadde eit ærend på Tunga i Trondheim, og derfor kika me på korleis det var å koma seg dit med buss frå Risvollan. Til å hjelpa oss hadde me busselskapet AtB sin utmerka reiseplanleggar på nettet.

Me tasta inn avreisestad og reisemål og fekk opp ei lang liste med avgangar. Det viste seg slett ikkje å vera noko problem å bussa denne strekninga, om enn ikkje alle forslaga var like freistande. Eg oppdaga til dømes dette ganske kreative forslaget:

Ta buss 8 frå Risvollan kl. 23.51 og gå av på Samfundet. Der må du venta i 13 minutter på buss nummer 5 som kjører deg til Østre Berg. Dit kjem du klokka 00.25, altså 34 minutt etter at reisa starta.

Så må du venta igjen. På Østre Berg. I fire timar og 25 minutt. Eg håper det er busskur med tak på Østre Berg.

Klokka ti på fem - 04.50 - kjem endeleg buss 94 og fraktar deg til iskremfabrikken, noko som tar fem minutt. Då kan det tenkast at du angrar på at du ikkje like greit tok beina fatt då du kom til Østre Berg, for ikkje å seia då du gjekk på bussen på Risvollan. 

Mellom Risvollan og Tunga er det ca. 5,5 km langs den kortaste vegen. Stipulert reisetid: fem timar og fire minutt.

AtB skal få eit lite gratisråd av meg: Programmer reiseplanleggaren slik at ruter som får eit opphald på over t.d. 20 minutt blir filtrert vekk. Det ser liksom ikkje så innbydande ut når ein busstur i byen tar lengre tid enn ein sykkeltur til Oppdal.

tirsdag 16. juli 2013

Ein kartbokodyssé

Ryfylke
Heilt nederst i høgre hjørne på side 55 i kartboka mi finn du Trondheim. Der bur eg. For snart to veker sidan sette eg meg i bilen for å kjøra til Ryfylke, som ligg ein heilt annan plass i den same kartboka.

Etter ein kort stopp etter fem minutt for å fylla tanken på næraste bensinstasjon, vinka eg farvel til side 55 og sette kursen sørover gjennom dei to kjedelegaste sidene i heile kartboka: 52 og 51. E6 har rett og slett lite å by på mellom Trondheim og Oppdal. Men vêret var strålande, og eg tok meg tid til ein jorbærbøtteis øverst på side 44 før eg gjekk laus på den fyrste fjellovergangen: Dovre.

Himmelen blei gråare og gråare nedover side 44, men det lysna noko då eg bladde om til side 36 og svinga inn på Otta. Der forlet eg Europavegen og tok mot Vågå og fjellovergang nummer to: Valdresflya. 

Eg og Valdresflya har ein fast tradisjon når me møtest: Skodde. Men det er den kortaste vegen, og det skal visstnok vera fint der òg. Forutan skodda, kunne flya denne gongen by på litt regn, asfaltering med tilhøyrande kolonnekjøring og storslalom mellom altfor trafikkvan bjellesau og lam.

Og slik kom eg til Fagernes, og då var eg allereie i rute B1 på side 28 i kartboka. Dei to neste rutene kunne by på meir saueslalom, denne gongen over Golsfjellet, før eg nådde Gol i rute A3 noko over middagstid. Etter å ha leita i minst eit halvt minutt, gjekk eg lett angripen av hungersnaud inn på det fyrste matholet eg såg. Osteburgaren var like god som han såg ut, og eg gjekk frå underernært til overfødd i løpet av ein dryg halvtime.

Eg suste vidare gjennom kartboka til side 27 og over Hardangervidda, som viste seg frå godvêrssida. Etter ein snartur innom side 19 og 18 (i den rekkefølgja - eg kjørte jo frå aust mot vest), kom eg til Vøringsfossen nederst på side 26. Den hadde eg jo sett eit par gonger før, så eg stupte ned Måbødalen med korketrekkartunnelen (kor mange rundar kjører ein eigentleg?) og ned til ein av mine favorittar: Eidfjord.

Der venta solnedgang ved fjorden og ei seng på Vik Pensjonat.

På Ustaoset (side 27, rute E4) ligg Måfåvegen. Dette kunne ha vore namnet på riksveg 7 sørover gjennom Hardanger på kartblad 26, 18 og 17. Det synest som han bokstaveleg talt blei laga under mottoet "vegen blir til mens du går", og utbetringsarbeida som pågår no, ser ut til å ha same ideologiske grunnlag. Eit sammensurium av svingar og vekslingar mellom breie, smale og ekstra smale partier omgitt av distraherande flott natur med frukttre og isbre, alt krydra med motgåande bubilar. "Ikkje stopp unødvendig her på grunn av rasfaren", stod det på eit skilt. Slike skilt kan jo vera nyttige, men det hadde ikkje vore dumt med skilt av typen "Vegen blir smalare rundt denne svingen" heller.

Vel, eg kom meg til Odda. Der er det obligatorisk for representantar for familien Ullestad å stoppa, såvel på veg nordover som sørover. Etter den faste turen i gågata, putla eg så fort det let seg gjera på måfåvegar, tilbake til side 18 og femte og siste fjellovergang: Røldalsfjellet.

Mellom Nesflaten og Suldal på sidene 10 og 9, nådde vegane nye, og stadig smalare dimensjonar, og vips! Så var eg i Ryfylke. Det hende i rute F1 på side 9. Men målet mitt var ikkje før langt nede i rute E3. Vanlegvis byr ikkje denne strekninga på store opplevingar, men denne gongen var det litt annleis.

For øvst i rute E3 - altså ikkje langt frå mål - venta det eit fjordcruise. Ferja frå Nesvik til Hjelmeland skulle nemleg innom Ombo på denne turen, og i den delen av heimkommunen hadde eg utruleg nok aldri sett min fot før. Det har eg for så vidt ikkje ennå heller, i og med at eg ikkje gjekk i land. Men Ombo har i alle fall ein ting til felles med Shetland nå: Eg har vore til kai der.

Så gjekk turen frå Sandestøå på Hjelmeland, over Byrkja, ned Riskedalsbrekka og forbi GEA og Årdalstunet, og midt mellom Sedbergskrysset og Storå bru svinga eg til venstre inn den øvre porten.

Mor og far sat som vanleg på altanen.

mandag 23. januar 2012

Unge herr Lessings kultursjokk

I første halvdel av 1800-tallet var Norge et populært reisemål for tyske vitenskapsmenn. De kom for å undersøke alt fra geologi og fauna til samfunnsstrukturer og skikker, og stort sett var de meget begeistret over det de så og opplevde. Botanikeren Christian Friedrich Lessing (1809-1862) som reiste gjennom hele Skandinavia i 1830, var i så måte et unntak.

Lessing var bare 21 år gammel og hadde nok i liten grad vært utenfor de kondisjonerte kretser i Berlin, så møtet med de norske bøndene og fiskerne ble et heftig kultursjokk. I reiseskildringa hans Reise durch Norwegen nach den Loffoden durch Lappland und Schweden (Berlin, 1831) hagler det med ironiske og sarkastiske oppstøt om det aller meste her på berget.

Lessings generelle karakteristikk av Ola Nordmann kan oppsummeres kort i ordene mistroisk, uvennlig, naiv, drikkfeldig og uutholdelig nygjerrig. "I det hele må jeg imøtegå enhver drøm om [det norske] folkets uskyld og enfoldighet, og jeg kan bare forsikre Dem om at menneskene bare ville la være å stjele og bedra så sant begge deler var umulig," oppsummerer han.

Nysgjerrigheten var spesielt et smertens punkt for den fremadstormende botanikeren. "Det er helt umulig å unngå spørsmål om hvor man kommer fra, hva målet med reisen er, og, mens det er kvinner til stede, hvor gammel man er," klager han allerede på side 9. Ja, så vanskelig er dette for ham at han fraråder alle å reise i Norge på søndager. Da har nemlig nordmennene ekstra god tid til å få utløp for nysgjerrigheten. 

Lessings strategi for å slippe unna alle disse spørsmålene, var å late som om han ikke forstod norsk. Men så var det da heller ikke nødvendig med særlige språkkunnskaper for å reise i Norge: "Kan man ordene heht, smørr, pige og dramm, så klarer man seg så lenge det ikke skjer noe spesielt," fant han ut. Nei, for den unge jyplingen stod det klart at norske bønder og fiskere hadde stått langt bak i køen da vettet ble utdelt. Naiviteten hersker, og man kaller "et ugift kvinnfolk for jomfru og et klokt menneske for skolemester".

I Lofoten topper kollisjonen mellom den intelektuelle tyskeren og de primærbehovfokuserte fiskerne seg i en scene som bare finner sitt motstykke i Holbergs komedie om Erasmus Montanus, der man diskuterer årsaken til ne- og nymåne. Hos Lessing handler det om tidevannet:
"Man spurte meg om sjøen synker eller om landet stiger, og de mente at det første var mest sannsynlig i og med at all drikkingen i løpet av dagen måtte føre til at vannstanden sank. Ja! Hvis havet bestod av brennevin, for her i landet er de om mulig enda mindre glade i å drikke vann enn hos oss."
Lessing hadde sikkert rett i mye av det han skrev, og det meste kunne nok lett forklares ut fra datidas sosiale og økonomiske forhold i Norge. Hadde han reist rundt i dag, hadde han (forhåpentligvis...) fått et noe annet inntrykk. Men én påstand tror jeg at han fremdeles ville ha holdt fast på:
"Det er ganske likt å reise i dette landet som i Sverige, bare på mange måter vanskeligere og dyrere."

torsdag 11. august 2011

Heisen og billettautomaten

Me har nettopp hatt nokre fine dagar i Stockholm. Byen var kanskje ikkje så flott som fleire hadde fått oss til å tru før me reiste - "så där lagom" er eit passande vitnemål - men me kosa oss. Ein av dei kulaste attraksjonane hadde me glede av opptil fleire gonger om dagen: Hotellheisen.

Hotellet vårt, Hotel Bentleys, kan nemleg skilta med den eldste heisen i Stockholm. Han er 130 år gammal og tar tre personar. Trappene går rundt heissjakta, og "veggene" i heissjakta er eit gullfargemåla metallgitter med ei flott dør. Innanfor døra er det ei nyare gitterdør, og begge dørene må vera lukka for at heisen skal gå. Det var det sjølvsagt nokre som ikkje hugsa på då dei forlot heisen, så eit par gonger måtte me gå opp eller ned trappene til eller frå 4. etasje.  Vanlegvis er trapper ok, men her handla det jo om heistur for heisturen si skuld. Heisen gjekk ikkje fort, men det var berre fint, for då hadde me tid til å sjå på teakinteriøret og produsentlogoane som var graverte inn i vindaugene.

Meir moderne var det på Arlanda flyplass. Mens me venta på koffertane, bestemte me oss for å kjøpa billett til flybussen på ein automat. Då me kom bort til automaten, stod det ei jente i 20-årsalderen føre oss og heldt på å avslutta billettkjøpet sitt. "Får håpa at det ikkje er altfor komplisert," sa eg til Snefrid og tenkte mest på at det kunne vera ein jungel av billettkategoriar.

Dette må jenta ha høyrt, for ho snudde seg, smilte til oss og spurte - på norsk - om me hadde brukt automaten før. Nei, det hadde me jo ikkje, men eg var sjølvsagt klar til å hjelpa henne om ho stod fast. Eg rakk ikkje å spørra om det. "Det er ikke vanskelig!" sa ho og tok til å trykka på skjermen og gjorde heile bestillinga for  oss før ho avslutta: "Og no kan du setta inn bankkortet der."

Eg fekk plutseleg ei sterk kjensle av korleis foreldra mine må ha det omgitt av all slags nymotens teknologi og folk som i pur hjelpsamheit tar over kontrollen i livet deira så snart eit tastatur dukkar opp. Forskjellen er sjølvsagt at eg veit korleis slik teknologi skal brukast. Denne elskverdig hjelpsame jenta tok det derimot heilt for gitt at slike innrettingar var langt utanfor fatteevne for folk som nærmar seg 40. Ho var sikkert overtydd om at me hadde fått hjelp med innsjekkingsautomaten av barnebarna

Det hjalp heller ikkje særleg då ho skulle velga billettype og valde fullpris med orda: "Dere er ikke under 26, he-he." I fullt alvor med eit stort smil.