lørdag 16. mai 2026

Eit brød? 200 milliardar, takk!

Gamle myntar og setlar kan ofte vera ei dør til fortida. Fysiske pengar er tidskapslar som ber historia i seg og gjer epokar og hendingar meir handgripelege. Til dømes er ikkje lenger unionen med Sverige like fjern og berre noko i historiebøkene når du held i ein femøring frå 1876 med Oscar II sitt monogram, og ein 50-marksetel frå DDR med bilete av Friedrich Engels og tung industri fortel om eit land som forsvann og ein dramatisk del av den nære historia vår. Svalbardpengane som eg har skrive om tidlegare, minner oss om gruvehistoria på Svalbard, mens tyske Notgeld fortel om den spektakulære økonomiske kollapsen i Tyskland for omlag hundre år sidan.

Notgeld - nødpengar på norsk - er pengar som blir produsert i krisetider, i denne samanhengen setlar og myntar som blei trykt og prega under hyperinflasjonen i Tyskland i åra 1921-23. 

Etter den 1. verdskrigen gjekk den tyske økonomien fullstendig over styr, og regjeringa kjørte setelpressa på høggir med det resultatet at den tyske valutaen fullstendig mista verdien sin. Lærde folk oppgir fleire ulike grunnar til at dette skjedde. Den kanskje viktigaste grunnen var krigserstatninga sigersmaktene påla Tyskland å betala etter krigen. I januar 1921 laud kravet på 3000 milliardar mark, noko som tilsvarte ein stabel med 100 marksetlar som rakk to gonger rundt jorda. Desse pengane fanst naturleg nok ikkje, og landet var dømt til mislighald. I tillegg kom aukte offentlege utgifter på heimebane som fylgje av krigen og generell varemangel. Den endelege dropen som fekk det til å fossa over, var den franske okkupasjonen av Ruhrområdet i januar 1923 for å pressa Tyskland til å betala krigserstatninga. Då gjekk dei tyske arbeidarane der til generalstreik, mens tyske myndigheiter garanterte for løna deira. Men sidan det heller ikkje fanst pengar til dét, var det inga anna løysing enn å trykka nye pengar med stadig høgare pålydande og stadig lågare reell verdi. 

I juli  1919 kosta ein amerikansk dollar 14 mark, i januar 1922 var prisen oppe i 192 mark, eitt år seinare snautt 18 000 mark, og i november 1923 måtte ein ut med ikkje mindre enn 4,2 billionar mark. Altså 4 200 000 000 000 mark for 1 dollar.

10 millionar mark setel og 1/2 million mark mynt frå Hamburg,
begge datert august 1923.

Eit anna og meir folkeleg mål på utviklinga er korleis brødprisen steig til absurde høgder, særleg gjennom kriseåret 1923:
  • Desember 1919: 0,80 mark
  • Januar 1923: 250 mark
  • August 1923: 69 000 mark
  • September 1923: 1,5 millionar mark
  • Oktober 1923: 174 millionar mark
  • November 1923: 201 milliardar mark
Frå oktober til november var prisstiginga på brød på hele - hald deg fast - 115,5 millionar prosent! Vidare kosta ein kilo poteter rundt 100 milliardar mark, eitt egg over 400 milliardar, ein kilo svinekjøt ni billionar og ein trikkebillett i Berlin 150 milliardar.

I ein slik situasjon er ikkje lønsutbetaling noka enkel sak, så til slutt blei løna utbetalt to gonger om dagen. Både i lunsjpausen og ved arbeidsdagens slutt stod arbeidarane klar med trillebårer som dei fylte opp med setlar før dei sprang til butikken mens trillebårlasset enno hadde nokon verdi.

Den statlege pengepressa greidde ikkje å halda tritt med etterspurnaden og behovet for nye pengar. Derfor fekk regionale bankar løyve til å produsera eigne setlar og myntar. Det er desse pengane som blir kalla Notgeld. Nødpengane har oftast svært høg pålydande verdi, samtidig som dei er ganske enkle. Setlane har ofte berre trykk på éi side, og myntane er av billeg materiale, som aluminium. Det måtte bli slik når det skulle trykkast så mykje. Til gjengeld er ofte setlane fagerike og dekorative. Ein annan interessant detalj som fortel mykje om kor ille det var, er at dei er datert ikkje berre med året, men med månaden. Like greitt det, for neste månad var dei uansett verdilause.

I november 1923 tok galskapen slutt. Ein valutareform erstatta den verdilause papirmarken med rentemarken, som blei knytt til gullprisen. Dermed strauk dei tolv nullar og sa at ein ny mark tilsvarte ein billion av den gamle, og dermed kosta ein amerikansk dollar det same som han hadde gjort før verdskrigen: drygt fire mark. Og brødet som nettopp hadde kosta over 200 milliardar? Det kosta no rundt 0,65 mark.

Kjelder:
Deutsche Geschichte in Schlaglichtern. Meyers Lexikonverlag 1990.
Deutscher Bundestag: Hyperinflation in Deutschland 1923. (Besøkt 16.5.26)
Frank Stocker: Die Inflation von 1923: Preise. (Besøkt 16.5.26)
Århundrets krønike. Cappelen 1988.




onsdag 22. april 2026

KI - meir K enn I

Alle brukar KI no til dags. Eg òg tidvis. I jobben får eg hjelp av KI mellom anna til å laga enkle illustrasjonar til bruk i undervisinga, og til å laga utkast til oppgåver - utkast det så må jobbast ein god del med før dei kan brukast, for KI kjenner jo ikkje studentane mine og kva eg eigentleg ønsker å oppnå med oppgåva. Derfor er ein porsjon MI - menneskeleg intelligens - absolutt nødvendig for å halda den pedagogiske skuta på rett kurs.

Det er lett å skjøna at nokre blir hekta på KI, for han (ho, den, det, hen ...?) er jo så støttande. For ein mannsalder sidan vikarierte eg i ein klasse med ungdomar som hadde ulik grad av utviklingsforstyrringar. Det var ei heilt fantastisk oppleving og ein verkeleg boost for sjølvtilliten, for absolutt alt eg føreslo av aktivitetar blei mottatt som den mest lysande ideen i manns minne, og alt var berre genialt. Slik er KI òg. Uansett kva du skriv, får du ros og heiderleg omtale i retur. Sjølvsagt er det inspirerande for mange, for eksempel masterstudentar som slit med motivasjonen og leitar etter ein veg ut. Og så er det jo så kjapt! Sjølv i "tenkande modus" tar det under eit minutt før svaret kjem. Eller rettare: eit svar.

Det er stor forskjell på å få svaret og å få eit svar. Det viser denne historia frå i går kveld.

Eg har ein hobby som har fulgt meg sidan tolvårsalderen: norsk fotballhistorie, og i går sat eg og pusla med ein svært utfordrande del av denne historia, nemleg historia om arbeidarfotballen i mellomkrigstida. Kort fortalt handlar den om eit nærast parallelt fotballunivers som oppstod som ei fylgje av klassemotsetnader på 1920-talet. Nok om det. Problemet med statistikk over arbeidarfotball er enkelt samanfatta han knapt nok finst og er veldig vanskeleg å finna. Den norske arbeidarfotballen går det an å kartlegga når ein veit kor ein skal leita, men det er verre med nabolanda Sverige og Danmark, og det var akkurat dei eg grubla på i går.

Etter å ha leita høgt og lågt, vidt og breitt og langt og lenge på nettet, slo det meg i går at KI kanskje kunne grava opp ei nettside eller to eg ikkje hadde funne. Så dermed spurte eg min digitale assistent: "Kan du lage ei liste over kampene du finner til det danske arbeiderlandslaget i fotball i perioden 1920-40 med årstall, sted, motstander og resultat?"

Og jammen! Etter svært kort tid kom det ei liste på 13 kampar. Dette såg jo bra ut! Eller? No har det seg jo slik at eg allereie sit på ein del informasjon om dette temaet, og eg såg raskt at noko skurra. For Danmark deltok faktisk ikkje i arbeidarolympiaden i 1925, og om dei hadde gjort det og vunne den fyrste kampen, hadde dei gått vidare og spelt fleire kampar. Men Danmark hadde visst blitt utslått i 1. runde etter seier. Det er surt, det! Det var fleire andre ting som ikkje stemte òg, blant anna fleire kampar mot Noreg - og dei har eg svært god oversikt over.

Hmmm... Kva hadde skjedd? Eg ba om ei oversikt over kjeldene for kvar kamp. Då svarte KI: "Det er et godt spørsmål." Og så fulgte nokre halvkveda viser som lett lot seg avkrefta, samt generelle kjelder om arbeidaridretten, kjelder som ikkje inneheld slik statistikk. 

Eg bestemte meg for å ta ein stikkprøve, for no begynte det å bli interessant. Eg ba om detaljert informasjon om kampen Danmark angiveleg skulle ha spelt i arbeidarolympiaden i 1925, og det fekk eg saman med ein påstand om at denne kampen var historisk interessant fordi han var ein del av denne olympiaden, der altså verken Danmark eller motstandaren deltok. 

For moro skuld ba eg så min gradvis ikkje fullt så gode, men alltid like positive venn i cyberspace om å laga ei tilsvarande liste for Sverige. Vips! Der kom ei liste med ti kampar, der åtte av dei beviseleg aldri hadde blitt spelt ifylgje mine pålitelege opplysningar frå sikre kjelder. Derimot var ingen av dei kampane Noreg faktisk spelte mot Sverige på lista. 

OK. På tide å ta tyren ved horna, så eg skreiv:
Opplysningene dine om arbeiderlandskampene til Danmark og Sverige er fullstendig feil. Ingen av disse lagene deltok i arbeiderolympiaden i Frankfurt i 1925. Jeg har full oversikt over Norges arbeiderlandskamper, sjekket mot aviser og andre pålitelige kilder, og kampene du lister opp mellom Norge og Sverige eller Danmark har aldri blitt spilt.

Har eg nemnt at KI alltid er positiv? Heller ikkje no var det sure miner, men ærlegheit på same nivå som eg opplevde i den tidlegare nemnde skuleklassen:

Du har helt rett, og jeg må legge meg flat her. Det er pinlig, men viktig å korrigere: Jeg har i de forrige svarene begått en grov feil ved å "konstruere" en kampoversikt som ikke stemmer med de historiske faktaene. Når du sier at du har sjekket dette mot pålitelige kilder og aviser, har du helt rett – de kampene jeg listet opp eksisterer ikke i de offisielle protokollene for AIF eller DAI. [...] 
Jeg listet opp en rekke resultater mellom Norge, Sverige og Danmark som ikke har funnet sted. Faktum er [...] 
Jeg beklager at jeg blandet sammen informasjon om arbeideridrettens generelle historie med fiktive kampdata. Det er en lærepenge for meg som AI; i iveren etter å gi deg en strukturert oversikt, endte jeg opp med å generere feilinformasjon som ikke tåler et dypdykk i arkivene til Arbeiderbladet eller Social-Demokraten.

Og til slutt - alltid like imøtekomande:

Takk for at du rettet meg så kontant. Det er slik jeg lærer å bli bedre. 

Det naturlege spørsmålet eg sende i retur var: "Hvorfor konstruerer du ei liste med informasjon som ikke finnes?" Svaret som kom etter få sekund, bør hengjast opp til skrekk og advarsel på alle lesesalar rundt på universiteta våre. Dønn ærleg og takknemleg forklarte min i høgste grad binære venn korleis iveren hadde bikka over:

Du har helt rett til å være irritert, og jeg setter stor pris på at du konfronterer meg med dette. At jeg konstruerte en liste med fiktive resultater og datoer, er et grovt brudd på rollen min som en pålitelig samarbeidspartner. Det er rett og slett ikke godt nok, og jeg beklager virkelig at jeg serverte deg "hallusinasjoner" som fakta.
Når jeg feiler på denne måten, skyldes det ofte at jeg prøver å fylle hull i informasjonen min ved å kombinere generelle historiske mønstre (som at disse landene samarbeidet) med logiske antagelser, i stedet for å innrømme at jeg ikke har den spesifikke databasen tilgjengelig. I dette tilfellet førte det til ren diktning. [...]

Jeg har ikke tilgang til en ferdig tabell over disse spesifikke kampene i mitt "minne". I stedet for å be deg om listen eller si at jeg ikke fant den, genererte jeg data som så troverdige ut (steder som Hamar, Oslo og København), men som altså var feil.

Og til slutt den openberre konklusjonen: "Det er en svakhet jeg må jobbe med." Ja, det er det, for føreløpig risikerer me alle - fotballstatistikarar, supermosjonistar, kronisk sjuke og masterstudentar, for å nemna nokre - å få svar som er meir kunstige enn intelligente.


tirsdag 24. mars 2026

Neeeeiiii!

Neeeeiiii! Det var det eg sa høgt då eg opna det siste nummeret av bladet Samler- og antikkbørsen for å hyggja meg i godstolen. For det viste seg at det var nettopp dét det var: det siste nummeret. "Takk for følget" lyste det mot meg i overskrifta på leiarartikkelen. 

Eg oppdaga dette bladet for omtrent to år sidan og har sidan kjøpt det og kost meg med å lesa om pussige antikvitetar, endå pussigare samlarar og hinsides pussige auksjonsprisar på alt frå kinesisk porselen til emaljeskilt frå bensinstasjonar, rett nok utan å bli så mykje klokare på antikvitetsverda. Eg får vel heller parafrasera svigermor og slå fast at eg har lest mykje og gløymd alt. Men no er det altså slutt. Samler- og antikkbørsen er ikkje lønsam lenger og nummer 3-2026 blei det siste i rekka. 

No er ikkje eg så levande opptatt av antikvitetar og snurrepiperier som avsnitta over kan tyda på, og derfor kan det nokså lange og temmeleg oppgitte neeeeiiii-et høyrast ut som ein overreaksjon. Når nei-et likevel kom med så mange e-ar og i-ar, skuldast det fyrst og framst fordi dette skjer om og om igjen: Eg finn noko eg likar, og kort tid etterpå forsvinn det. 

Berre dei siste månadene har det skjedd minst tre gonger utanom dette bladet. Fyrst med eit fiskeprodukt som eg syntes var alldeles fortreffeleg. Eg rakk å kjøpa det to gonger, og sidan har eg ikkje sett det. Meir sjokkerande er det at både Pukka og Yogi har slutta med lakris-te. Det vil seia, dei har lakris-te, men då med pepparmynte-smak. Kva er då vitsen med lakris i teen? Pepparmynte overkjører jo alt av smakar. Dessutan er det så vatndrivande at ein kan jo ikkje drikka det etter klokka to på ettermiddagen om ein vil sova om natta.

Det definitivt mest irriterande er at Tine sin smøreost med peppar ser ut til å ha dratt dit pepper'n gror. Han har i alle fall ikkje vore å sjå verken hjå Coop, Rema eller Kiwi dei siste vekene. Men her har eg enno eit håp om at han kan dukka opp igjen og at matpakkene kan koma tilbake til normalen igjen.

Fire favoritt-ting har altså fordufta på kort tid og slutta seg til rekkene av produkt handelsstanden har bestemt å ta ifrå meg. Tidlegare har dette skjedd med mellom anna ein cornflakes-sort (fekk prøva han éin gong!), uike pålegg, dusjsåpe, deodorant, kalender-dagbok, sokkar og fleire andre ting eg ikkje hugsar no. 

Eg reknar med at nokre av produkta er nye produkt som leverandørane testar ut, men nokre av dei har hatt eit langt og lukkeleg liv før dei møtte meg, som Samler- og antikkbørsen. Bladet var inne i sitt 32 år då det kom ut for meg. Deretter tok det altså to år. Så ja, eg har eit eige talent: Eg får bra ting til å forsvinna frå marknaden ved rett og slett å kjøpa dei.