Viser innlegg med etiketten sport. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sport. Vis alle innlegg

lørdag 14. juni 2025

Styrkeprøven og eg

Denne helga tråkkar 600 syklistar seg dei 515 kilometrane frå Trondheim til Oslo i Den store styrkeprøven. Sjølv er eg milevis frå å vera i stand til slike utskeiingar no, men i 2006 var eg éin av ca. 1800 som tok denne turen, som då var 54 mil. Det gjorde eg saman sykkelkompis og jobbkollega Olaf.

Styrkeprøven var noko eg hadde hatt som eit fjernt mål sidan eg fekk meg landevegssykkel sist på 80-talet, og då eg tok fram sykkelen igjen i 2004 etter mange års pause, blei målsettinga meir alvorleg. Det var noko eg måtte gjera. Eg måtte bevisa for meg sjølv at eg kunne klara det trass kroppslege utfordringar. Og det gjorde eg sjølv om det var nokre humpar på vegen. 

Eg skal vera den fyrste til å innrøma at eg ikkje fyrst og framst gleidde meg då eg stod på torget. Faktisk huska eg at eg på ein treningstur eit par veker tidlegare tok meg i å tenka at om eg dett og brekker beinet no, er det heilt greitt ... Den siste treningsturen onsdagen før rittet gjekk heller ikkje etter planen. Eg punkterte to gonger og måtte til slutt få haik med ein postbil (!) som kjørte meg til Sandmoen, der sambuaren min kunne henta meg. Eg og Olaf hadde heller ikkje sykla så mykje saman, men me hadde hatt ein 20 mils langtur til Agdenes og tilbake i kaldt pisseregn og kuling i kasta, så me var i det minste herda.

Turen gjekk fint heilt til den fyrste drikkestasjonen litt før heimbygda til mor, Soknedal. Da sa Olaf: "Eg toler eigentleg ikkje sportsdrikk, men eg prøver." Dermed fekk han vondt i magen til me var over fjellet. Inne i sjølve Soknedal hadde dei to onklane mine, Ottar og Odd, tatt oppstilling for å heia på meg. Det var stas!

Bortsett frå Olaf sine mageproblem gjekk det fint over fjellet, men på andre sida begynte eg å frysa. Derifrå heldt eg på å frysa skvett ihel på kvar drikke- og matstasjon. I tillegg fekk eg vondt i kneet ein stad rundt Tretten. Då hadde me alt skrinlagt målet om 24 timar. Åleine i motvind og med mage- og kneproblem var det lite realistisk, men det var aldri aktuelt å bryta. Eg visste at om eg braut i fyrste forsøk så det blei ei negativ oppleving, kom eg truleg aldri til å prøva igjen. 

Så eg tråkka vidare trass i at kneet gjorde vondt kvar gong eg trampa den venstre pedalen ned - noko eg gjorde drygt 70 gonger per minutt - og at eg blei meir og meir sliten. For ikkje å seia trøtt og søvnig. Det monotone partiet inn mot Minnesund var forferdeleg i så måte. Då heldt eg nesten på å duppa av, så på drikkestasjonen på Eidsvoll blei det tatt grep: Eg blei påtvunge eit pleidd og drakk ein kopp kaffe. Her trengs det litt bakgrunnsinformasjon: Eg drikk aldri kaffe. Dermed gjekk denne koppen rett i fletta på meg. Superdoping, rett og slett. Derifrå gjekk det svært så lett, og då eg kom til Oslo nær 28 timar etter starten, var eg klar for å sykla heim igjen. 

Det skulle visa seg at eg ikkje var så pigg likevel. Eg overnatta hjå fetteren til sambuaren min. (Han henta meg i målområdet med orda: "Har du sykla hit, greier du vel å sykla resten òg.") Der låg eg i eit varmt rom i andre etasje og stira på den gammaldagse vifta i taket og ønskte at ho hadde gått. Kvifor eg ikkje starta ho? Eg kom ikkje på at det var mogleg! Styrkeprøven rammar meir enn bein og rygg.

Men historia om meg og Styrkeprøven var ikkje over med det. Eg bruker å seia at eg har sykla Styrkeprøven 1,2 gonger. Tre år seinare stod eg nemleg på startstreken igjen - åleine og i betre form enn nokon gong - men dritvêr gjorde at eg braut på Fagerhaug, nøyaktig ein femtedel ut i løypa. Då var eg så gjennomblaut og kald at eg ikkje syntest det var forsvarleg å fortsetta over fjellet, trass i at eg visste at vêret derifrå kom til å vera bra. Det er framleis bittert 16 år seinare, men det var rett.

Arrangøren kjørte meg til togstasjonen på Oppdal. Då eg kom inn i venterommet, såg eg ein person eg drog kjensel på. Eg hadde sett han på TV kvelden før. Han blei intervjua om Styrkeprøven og fortalte at han hadde prøvd seg ein gong før, men då måtte han bryta på Oppdal. Denne gongen skulle det derimot gå! Og no sat han altså på venterommet. Eg valde å ikkje seia noko om at eg hadde sett intervjuet. Stakkaren hadde lidd nok.

Eg lærte noko viktig i 2009: Det er vanskelegare å bryta Styrkeprøven enn å fullføra. For koss skal du koma deg heim igjen? Og kva med sekken din, som er på veg til Oslo? Sekken blei henta av Matthias, ein kamerat som òg sykla dette året, så det gjekk heilt fint. Heimtransporten var ei større utfordring. Det gjekk ingen tog nordover før nattoget, og sambuaren min var utanlands. Å sykla heim igjen, var svinnande lite aktuelt. Til såg eg berre ei løysing: min gode ven Jardar. Han heiv seg i bilen og kjørte 12 mil og henta meg. Og så 12 mil tilbake, sjølvsagt. Det sat langt inne å spørra han, men det sat ikkje langt inne for han å seia ja. Aldeles fantastisk!

Draumen om å koma under 24 timar blei knust av trøndervêret i den junidagen i 2009, og eg veit at det ikkje blir fleire forsøk. Men pytt, pytt. Grensa på 24 timar var ein draum - målet var å koma seg til Oslo på sykkel. Og det greidde eg!



fredag 28. mars 2025

Italia - Norges Nemesis på fotballbanen

Så er ei ny VM-kvalifisering i fotball for menn i gang, og optimismen rår etter to sigrar mot éin middelmådig og éin under middelmådig motstandar. Men snart blir det alvor, om eit slikt ord passar når ein snakkar om fotball. Då skal me - som alltid i kvalifiseringar - opp mot eit av topplaga i Europa, og for kort tid sidan blei det avgjort at det blei Italia som får rollen som bøyg for oss på vegen mot VM neste år.

Skulle italienarane nekta oss vidare avansement, vil det ikkje vera fyrste gongen. I internasjonale meisterskap har Italia vist seg å vera vår Nemesis. Om og om igjen har det enda med tap. Knepne, men dog tap og heimreise.

Det starta alt under OL i Antwerpen i 1920. Då var ikkje VM oppfunne, så OL var den viktigaste fotballturneringa for landslag. Derfor var det ikkje mindre enn ein kjempesensasjon då Norge vann 3-1 over regjerande meister England i 1. runde. Rett nok England sitt amatørlag, men like fullt verdas beste. Sensasjonen blei ikkje mindre av at Norge berre hadde fem sigrar på dei 37 kampane landslaget hadde spelt sidan 1908. I 2. runde blei det stortap med 0-4 mot Tsjekkoslovakia, og dermed blei det trøsteturnering for nordmennene. Der var det duka den fyrste tette bataljen mot Italia. Heile fire ekstraomgangar måtte til før italienarane sende oss heim med 1-2 i bagasjen.

Så gjekk det 16 år før Norge igjen var med i den olympiske fotballturneringa, no under leikane i Berlin 1936, Hitler sine propagandaleikar. Her gjekk det aldeles strålande for det norske laget, og med 3-2 over Polen i bronsefinalen kunne Asbjørn Halvorsen sine menn reisa heim med det som så langt er den einaste medalja Norge har vunne i eit mesterskap for menn. Med stjernespelarar som Reidar Kvammen, Arne Brustad, Henry Johansen og Jørgen Juve leika laget seg til sigrar over både Tyrkia og heimefavoritten Tyskland. Men finale blei det ikkje, for i semifinalen venta Italia igjen. På ny blei det ein jamn og tett kamp som enda 2-1. Det avgjerande målet kom seks minutt ut i fyrste ekstraomgang som eit resultat av "hurtig italiensk oppfattelse og handling", ifylgje lagleiar Halvorsen.

1930-talet var den fyrste gullalderen til det norske fotballandslaget, og året etter OL-medaljen slo dei Irland og kvalifiserte seg til VM i Frankrike i 1938. No skulle dei opp mot dei verkeleg store laga, men det blei ei kortvarig glede. For kven andre stod på motsatt banehalvdel allereie i 1. runde enn Italia? Det blei dejá vu. Det hjalp verken at "tribunene drønnet av bifall" for Norge eller at publikum peip i ti minutt på domaren etter at han hadde annulert eit norsk mål. For tredje gong hadde Italia slått ut nordmennene med 2-1 etter ekstraomgangar.

Etter VM i Frankrike gjekk det heile 56 år før Norge kvalifiserte seg til VM igjen, denne gongen i USA. I det innleiiande gruppespelet møtte Norge Mexico, Irland og - sjølvsagt - Italia. Gruppa blei rekordjamn. Alle laga vann éin kamp, tapte éin og spelte éin uavgjort, og alle laga skårte like mange mål som dei slapp inn, men Norge var det laget som skårte (og slapp inn) færrast mål. Dermed rauk Norge ut, mens alle dei andre gjekk vidare. For den som ikkje kjenner historia, er det kanskje inga overrasking kven Norge tapte for. 1-0 vann Italia denne gongen og blei dermed nok ein gong avgjerande for at nordmennene måtte pakka kofferten og reisa nordover.

No var Norge inne i sin andre gullalder, så allereie fire år seinare, i 1998, blei det ny VM-deltaking. Vertslandet var nok ein gong Frankrike, og Norge gjekk vidare frå gruppespelet etter den sagnomsuste sigeren over Brasil. For fyrste gong var Norge klar for åttandedelsfinalen, og for femte (!) gong blei laget slått ut av Italia. Kampen blei til alt overmål spelt i Marseille, byen der Italia slo oss ut 60 år tidlegare. Og akkurat som den gongen blei det ein jamn kamp, der "dei asurblå" vann med eitt mål. 1-0 blei resultatet.

Med unntak av OL i 1984, som var eit "reservelagsmeisterskap", er EM i 2000 det einaste meisterskapet der Norge ikkje har blitt slått ut av Italia. Rett og slett fordi laga ikkje møttest. Dette meisterskapet var for øvrig det fyrste og føreløpig einaste EM-sluttspelet Norge har kvalifisert seg til. Men då skal det leggast til at me var frykteleg nære å koma gjennom nålauget til mesterskapet i Sverige åtte år tidlegare. Med siger i den siste kvalifiseringskampen hadde det blir harry-fotballtur, og sju minutt før slutt leia me. Men det blei 1-1. Mot - ja, gjett kven.


fredag 10. juli 2015

Idrettar me ikkje har 3: Tsjokball

Sidan me ikkje har denne idretten, har me heller ikkje noko namn på han, og eg har heller ikkje funne noko namn på svensk eller dansk. Tsjokball er mi eiga omsetting av det tyske namnet Tchoukball, som òg blir brukt på andre språk og som tyder... tja, ingenting faktisk. Idretten har rett og slett namn etter den lyden som kjem når ein skårer.

Tsjokball framstår som den ultimate gymtime-sporten, med full fart, masse mål, lite utstyr og tilsynelatande enkle reglar. Det er ein lagsport (7 spelarar på kvart lag) som kan minna om handball, men i staden for vanlege mål med keeper, er det ein liten skråstilt trampoline i kvar enden av banen. Rundt trampolinane er det ein sone, og ein lagar mål ved å kaste ballen på trampolina slik at han sprett utanfor sona og går i golvet utan at nokon fangar han. Når ballen treff trampolinen, seier det visstnok "tsjok", ifylgje dei som driv med dette, og derav det litt spesielle namnet.

Det er også eit par andre ting som skil tsjokball frå handball:
  • Ein kan skåra i begge endar av banen. Begge lag spelar altså begge vegar. Slik blir det tempo av!
  • Kroppskontakt er forbudt. Det er det definitivt ikkje i handball... 
  • Det angipande laget kan berre bruka tre pasningar før dei må skyta.
  • Nokre regelbrot og feil gir mål til motstandarlaget. 
Tsjokball blei oppfunne i 1970 av den sveitsiske idrettslegen Hermann Brandt, som syntes at aggresjon og fysisk kontakt i idrett førte til for mange skadar. I tillegg skulle den nye sporte fremja god sportsand, eller fair play. Brandt sin idrett blei spesielt populær i Taiwan, som har dominert dei internasjonale meisterskapa. I VM i 2011 deltok 12 land frå Europa, Asia og Sør-Amerika.

Her er ein liten smakebit av tsjokball, eller tchoukball, som det offisielt heiter:


 

søndag 2. mars 2014

Tidenes beste frå Hjelmeland?

Det 90 km lange Vasaloppet i dag blei meir spennande enn vanleg for oss som har røter i Hjelmeland kommune i Rogaland. Omlag 15 km frå mål rykka hjelmelandsbuen Audun Laugaland og fekk etter kvart ei luke på 40 sekunder. Han såg energisk og sprek ut, og 5 km før mål var kommentatorane på svensk TV sikre på at han ville vinna. "Det är bara en som kan ta från honom sägeren, och det är han själv," sa dei. Underteikna trudde ikkje det han såg der han sat og hoppa i sofaen. 

Knappe 2 km før mål var det framleis 20 sekunders luke, men bak gjekk det styggfort, og Audun var tom for krefter. 400 m før mål blei han tatt igjen. Underteikna fall litt saman i sofaen, som ein gjerne gjer etter ei nær-siger-oppleving, og Audun Laugaland stupte over mål til ein 4. plass.

Etter målgangen låg han lenge utslått og nedslått i snøen. I intervjua kjempa han med følelsane etter å ha vore så nær den store sensasjonen. Han hadde riktignok både 8. og 9. plass frå før, men ingen trudde vel på ein siger til Hjelmeland i verdas største skiløp. Lysløypene i Bjødnabu er jo ikkje nettopp navlen i skiverda. Audun var sjølvsagt skuffa, men også stolt av innsatsen sin, sa han. Og det er det all grunn til. Ikkje berre er det karrierebeste etter fleire år like under toppen i langløpssirkuset, men det er ei av dei beste prestasjonane i Hjelmeland si idrettshistorie. Kanskje den beste.

Det har vore idrettslag i Hjelmeland i over 100 år, men det har ikkje vore så mange høgdepunkt å visa til resultatmessig. Underleg nok har dei beste resultata kome vinterstid, trass i at ein vanleg Ryfylkevinter med plussgrader og regn i berre liten grad inviterer til klassisk norsk vintersport. Eit aktivt skøytemiljø på Fister resulterte i to NM-gull (1979-1980) og deltaking i to VM i kortbaneløp (1975-76) for Jostein Staurland. Alle desse meisterskapa var rett nok uoffisielle, men VM er VM, og NM-gull er NM-gull - også om heile sporten bokstaveleg talt blei lagt på is her i landet året etterpå på grunn av lita deltaking. Ein annan VM-deltakar frå Hjelmeland var syklisten Håvard Nybø som var med i landevegsrittet i 2009, og som gjekk til topps i Rogaland GP same år. 

Utover dette har det blitt med eitt og anna kretsmeisterskap til idrettslaga i Hjelmeland, mellom anna i 1979, då fotballaget i Årdal tok meisterskapet i 7. divisjon. Dessutan gjorde Fister det så bra i volleyball rundt 1990 at dei nesten rykka opp i 2. divisjon.

Det var altså eit sjeldant idrettshistorisk høgdepunkt for hjelmelandsbuen me såg i Mora i dag, og neste år blir det endå betre. For då er Audun Laugaland bitte litt sterkare og held heilt inn.

tirsdag 24. september 2013

Det var Viking her, og det var Viking der...

For snart 25 år sidan var eg på cupfinale i handball i Storhallen i Stavanger. Dette var på den tida Stavanger kjempa med Grenlandsområdet om å vera navlen i Handballnorge. Stavanger IF var nok det beste laget i landet det året, men akkurat denne kvelden blei dei slått av byrivalen Viking, som dermed tok sitt fyrste handballmeisterskap.

Sidan blei det fleire meisterskap på både SIF og Viking før lufta gjekk ut av Stavangerhandballen. Då fusjonerte dei to klubbane under namnet Viking Håndball, og sidan har det vore bob-bob. I fjor rykka laget ned frå eliteserien, og speler altså no i 1. divisjon, der det var sesongopning i helga.

Viking opna sesongen på bortebane, i Bergen. Mot Viking. Det var altså Viking mot Viking, eller rettare Viking TIF mot Viking Håndball, eller som det heitte på tekst-tv: Viking (Ber) - Viking (Sta). For å gjera forvirringa endå litt større: Viking (Ber) har blå trøyer og kvite bukser, ikkje ulikt Norges beste fotballag, Viking FK - i Stavanger.

Det er langt i frå fyrste gong at norske lag møter seg sjølv i døra på denne måten. I 1915 møttest Kvik (Halden) og Kvik (Trondheim) i semifinalen i fotballcupen, og sju år seinare møttest dei igjen i kvartfinalen. Haldensarane vann forøvrig begge oppgjera. Dessuten var det fleire møte opp gjennom åra mellom S&FK Lyn frå Oslo og Lyn frå Gjøvik til dess den siste klubben endra namnet til Gjøvik/Lyn etter den 2. verdskrigen. I tillegg har det vore brukbare Ørn-klubbar både i Trondheim og Horten utan at eg veit sikkert om dei har spelt mot kvarandre nokon gong. Ikkje minst bør det nemnast at Rosenborg heiter Rosenborg fordi dei ikkje fekk lov til å heita Odd. Det var (og er) nemleg namnet til Skiensklubben som var nærast einerådande på den tida RBK blei stifta.

Men tilbake til Viking - Viking. Eg reknar med at det var god stemning og at samtlege Vikingspelarar - såvel på heimelaget som på bortelaget - følte at kampsongane og heiaropa på tribunen varma. Til slutt enda det med åttemålssiger til Viking, og dermed ligg Viking både øvst og nedst på tabellen etter ein serierunde. Og nettopp det er kanskje rekord i norsk idrett.

Heia Viking!

onsdag 17. juli 2013

Idrettar me ikkje har 2: Radball

Foto: CC Stefan Kuhn
Ordet Radball er tysk og tyder "sykkelball", og her snakkar me om ballsport på to hjul. Radball - heller ikkje for denne sporten har me eit norsk ord - er ein lagsport som best kan samanliknast med five-a-side-fotball, men altså på sykkel.

To lag med to eller fem spelarar spelar mot kvarandre, og det gjeld å skåra flest mål. No har du sikkert bilete à la polo i hovudet, altså syklistar med ei kølle til å slå ballen. Men nei, i Radball skjer alt på og med hjelp av sykkelen, som kan minna litt om den gode, gamle Appache-sykkelen. Og det er akkurat her det fascinerande ligg: Utøvarane viser nemleg ein fantastisk kontroll over sykkelen, og skuddteknikken er svært imponerande. Med berre ei lita rørsle med framhjulet sender dei ballen i veg med stor kraft og presisjon.

Eg høyrde om Radball for fyrste (og så å seia siste) gong i ein Derrick-episode, der ein ung gut var oppslukt av denne sporten og hadde store ambisjonar. Dette må vera noko regissøren har funne på, tenkte eg og googla i veg. Men nei. Sporten er i høgste grad reell, og det finst både EM, VM og verdscup. Det finst over 400 Radballklubbar, i fylgje Wikipedia, og Tyskland, Sveits og Tsjekkia er supermaktene.

Her er ein liten smakebit frå VM i 2012:



søndag 10. mars 2013

Idrettar me ikkje har 1: Padel

Noreg har nettopp sanka bøtter og spann med gullmedaljer i vinteridrettar som store delar av verda har eit svært så perifert forhold til. Eg meiner: Kor mange i Brasil kjenner til nordisk kombinert? Tilsvarande finst det mange fascinerande idrettar - store og små - som er ukjende for nordmenn flest. Dette skal handla om ein slik idrett: Padel.

Eg sat på eit hotellrom i Barcelona og zappa då eg kom over ein racketsport eg aldri hadde sett før. Det minna om ei kryssing av tennis og squash, og det gjekk styggfort. Underhaldningsverdien var høg med mange spektakulære ballvekslingar og uventa krumspring av dei fire spelarane.

Det var fyrst vel heime eg fann ut at det var padel, eller padeltennis på svensk, eg hadde sett. (Idretten er så ukjent i Noreg at eg ikkje har klart å finna det norske namnet, om han har noko norsk namn.) Det er eit racketspel som blir spelt inne i eit glasbur på 10 x 20 meter. Ein speler alltid double, altså to mot to, og spelarane står på kvar si side av eit nett, som i tennis. Poengsystemet er også som i tennis.

Det som gjer padel spektakulært, er at veggene i buret er ein del av banen. Når ballen kjem frå motstandaren, kan du la han gå i veggen bak deg, for så å dundra til han på tilbakevegen. Dette gjer at tempoet blir ekstremt høgt, og ein får mange uventa situasjonar. Det er til og med lov å slå ballen ut gjennom dørene på langsidene, og då spring sjølvsagt spelarane ut av buret for å slå han inn igjen. Padelspelarar gir seg ikkje så lett.

Padel blei oppfunnen i Mexico i 1969, og er spesielt stort i Spania og Sør-Amerika. Det har vore arrangert VM sidan 1992, og Argentina og Spania har dominert desse stort både for kvinner og menn.

Som TV-sport var padel svært så bra, og det må vera utruleg gøy å spela padel sjølv. For ikkje å snakka om kor god mosjon det må vera! Her er ein liten smakeprøve:


tirsdag 3. januar 2012

Fellesstart

For den langrennsinteresserte er det gode dagar med etapperennet Tour de Ski på fjernsyn nesten kvar dag. Denne konkurransen med 9 renn på snaue to veker, blei arrangert fyrste gong for rundt fem år sidan for å gjera langrenn meir attraktiv som TV-sport. I det heile har langrennsfolket gått svært langt for å bli TV-vennlege. Altfor langt etter mi meining.

Eg mislikar til dømes fellesstartane. Eit klokt hovud fann ut at det blei for komplisert for mellom-europearane å sjå på at løparane starta individuelt og sloss mot klokka. Det måtte bli lettfatteleg: Fyrste mann til mål. Punktum. Då ville det bli meir spanande.

Men slik har det dessverre ikkje blitt. Ei fem-mil med fellestart er eit einaste stort gjesp. Dei beste løparane held seg samla til det gjenstår eit par kilometer. Då blir tempoet skrudd opp, og i den siste skråninga rykker Petter Snørrthug. Eg veit ikkje om det er løypene som er for lette, eller løparane som er for feige, men ingen prøver eller greier å stikka av frå dei andre. Det er bortkasta tid å sjå anna enn dei siste 10 minutta, særleg i herreklassen. Unntaket var 30 km under OL i Vancouver, der svenskane laga stor underhaldning med briliant taktikk. Dei gode, gamle fem-milene med intervallstart derimot...

Då kunne du fylgja løpsutviklinga til kvar enkelt frå passeringspunkt til passeringspunkt. Løparane var overlatt til seg sjølv i einsam kamp mot klokka, og då kunne litt av kvart henda. Den som hadde opna for hardt, kunne ikkje gøyma seg inne i eit felt og bli trekt med. Han måtte vær så god bita tennene saman og betala prisen: sjå at forspranget minka kilometer for kilometer. Eller du hadde dei løparane som opna forsiktig og lista seg oppover resultatlistene så forsiktig at ein nesten ikkje blei obs på dei før dei gjekk i mål til andreplass.

Eit drama som duellen mellom Bjørn Dæhlie og Niklas Jonsson under OL i 1998 er det umogleg å gjenskapa i form av ein fellesstart. Dessverre. 

No driv til og med skøytesporten - den mest ubesudla av alle vinteridrettar - og leflar med fellesstart. Den spanande, 13-minutters kampen mann mot mann på 10 000 m blir for trøytsam for det moderne TV-publikumet, og fjernsynsselskapa krev endringar for å visa sporten. Resultatet er fellesstart på langdistansen, foreløpig på eit forsøksstadium. Og la oss håpa at det blir med forsøket.

Skøyteløp er ein  sport der det er relativt lett å henga på motstandarane. Den store farten gjer at det er kjempefordel å ligga bak - mykje meir enn i langrenn - og isen er naturleg nok fri for bakkar der dei beste kan setta inn støtet. Mellomdistanseløparar som elles ville blitt ein halv runde bak, kan gå til topps fordi dei greier å henga med inn og har ein god spurt. Slikt er ikkje god underhaldning. Det er berre trist. For langdistanseløparane, for dei som kjem på slike idéar og for heile skøytefolket. 

Skøytesporten må ikkje bli ei leikegrind for dei som ikkje har anna å fara med enn Snørrthug-rykk. Eg er redd fellesstart snarare skremmer bort dei ekte skøyteentusiastane enn å trekka nye massar til sporten. Det må vera noko for oss som likar å sjå  seige atletar i kamp mot mjølkesyra, mørke tankar og klokka òg. 10 000 m skøyter på tradisjonelt vis er nesten den siste arenaen for det nå som skifolket i pur velvilje har tatt livet av 5-mila si.

Det er ein grunn til at skøytesporten så å seia ikkje har endra seg sidan slutten av 1800-talet: Han fungerer.

Eg såg ein slik skøytefellesstart på TV før jul. Det var eit meiningslaust kaos, og den gamle skøytekommentatoren Per Jorsett oppsummerte det heile treffande neste dag: "Dersom det tradisjonelle ikke holder, så får sporten heller gå ned med flagget til topps."