torsdag 6. august 2026

KI gjer så godt han kan

 Eg hadde laga ei oppgåve med familievokabular til eit begynnarkurs i norsk. Oppgåva bestod av eit slektstre, og så skulle studentane fortella om relasjonane mellom personane. Slektstreet var enkelt, og det enkle er jo som kjent ofte det beste, men av og til vil ein ha det litt fjongare. Derfor ba eg KI (gemini) om å laga eit slektstre til meg. Prompten eg gav, var denne:

"Lag et slektstre ut ifra disse opplysningene. Navn med store bokstaver er kvinner. De skal markeres med ♀. Menn skal markeres med ♂. Alle navnene skal stå me små bokstaver i slektstreet, men de skal selvfølgelig starte med stor bokstav. Her er opplysningene:

  1. KARI er gift med Ola. De har tre barn: ANITA, Jan og Lars.
  2. Jan er gift med LISE. De har to barn: SARA og Marius.
  3. ANITA har en kjæreste: Hans. Marker at de er kjærester med ♥ mellom dem.
  4. Lars er singel."

Det tok som vanleg berre nokre få sekund, og så kom dette ut:

 

Ikkje så dårleg forsøk dette, men den observante vil sjå at Jan no er gift med sin eigen bror i staden for Lise, som no er dottera deira. I tillegg kunne eg tenka meg å flytta Hans opp og til venstre for Anita og ta bort engelsken, men éin ting om gongen. Ny prompt: Jan er gift med Lise, ikkje Lars. Ei ganske lita retting, trudde eg. Så feil kan ein ta. Grei ut om denne familien om du kan:


No var det altså berre kaos, noko eg òg gav beskjed om. At engelsken hadde blitt norsk utan at eg bad om det, hjalp lite. Og kven i helsike var Magnus? 

Ny prompt med beskjed om å gå tilbake til start og påminning om dei ulike relasjonane. "Javel", tenkte KI og svarte slik:


No hadde det gått frå begynnarkurs i norsk til hovudfag i genealogi, så eg gav opp. Det enkle er det beste, og det blir med det sjølvlaga treet. Men det er jo freistande å presentera dette treet for studentane og høyra korleis denne familien blir framstilt.

Det blir sagt at KI vil ta over mange jobbar. Føreløpig ser det i det minste ut til at slekstforskarane sit trygt ei stund til.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar