Viser innlegg med etiketten teikneseriar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten teikneseriar. Vis alle innlegg

søndag 2. februar 2014

Hockeysveis

Før jul kom det ut eit album med Pondus på esperanto med tittelen Maltrafoj, som kan omsettast med "missar". Eg var med i sluttfasen av korrekturlesinga, og la det vera sagt med ein gong: Pondus er ikkje lett å omsetta. Her haglar det med slang, metaforar og allusjonar, og språket spenner seg over eit vidt stilspekter. Og når dette så skal omsettast til eit internasjonalt publikum med ulik språkbakgrunn... Ja, du forstår problemet.

I ei av stripene er det snakk om Pondus sin hockeysveis på 80-talet. Det norske ordet kjem av at denne frisyren i si tid var populær blant ishockeyspelarar, men slik var det ikkje i alle andre land, og då var det grunn til å tru at denne referansen ikkje ville bli forstått. Altså kva skulle me kalla hockeysveisen på esperanto?

Eg spurte språkmektige kollegar på universitetet og fann ut at den folkelege frisyren hadde mange ulike - og til dels svært folkelege - namn på ulike språk.

På fransk heiter det grevlingsveis ("coupe de blaireau"), og det er jo ikkje ei dårleg samanlikning. Underlegare er det engelske "mullet", mulle på norsk - ein særdeles hårlaus fisk. Nederlendarane kallar det ei matte ("mat"), og i Tyskland har dei eit heilt eige, sjølvkomponert ord: Vokuhila. Det er ei forkorting for "vorne kurz, hinten lang", som tyder "kort framme og langt bak".

Min italienske kollega, Vanessa, kom ikkje på noko italiensk ord for frisyren som lyste mot henne på PC-skjermen, så ho sende spørsmålet vidare til ei venninne. Svaret var at denne frisyren ikkje fanst i Italia, og endå mindre eit ord for det. Og om det skulle finnast eit ord for det, ville venninna helst ikkje kjenna til det...

I den store, spansktalande verda veit dei kva ein hockeysveis er, men dei er ikkje heilt einige om kva han skal kallast. I Spania kallar dei det treffande nok ein mopp ("las greñas"), medan dei i Argentina snakkar om cubansk hår ("cubana"). Kva dei kallar det på Cuba, veit eg ikkje...

Ikkje le for høgt og lenge om du likte argentinarane sin harselas med cubanarane. Eg har nemleg latt meg fortelja at det islandske uttrykket for hockeysveis tyder norsk hår.

Alle desse ulike orda og uttrykka for å skildra ein frisyre viser tydeleg kor samanfletta språk, tankesett og kulturreferansar er, og at det som er openbert for den som snakkar eitt språk, kan vera totalt uforståeleg for den som snakkar eit anna.

Så kva gjorde me i Pondusstripa? Esperanto har - så langt me fann ut - ikkje noko eige ord eller uttrykk for hockeysveis, så me gjorde det enkelt: langnakka hår. Om du lurer på kva det heiter på esperanto, må du nok kjøpa albumet...

mandag 13. desember 2010

Fakta om Fantomet

Eg har alltid lest ein del teikneseriar, men aldri Fantomet. Ikkje før i sist veke. Då leste eg mi fyrste Fantomet-historie - "Når hevnens time slår" i nr. 1/1993. Det viste seg å vera temmeleg informativt når det galdt bakgrunnen til Fantomet. Her er det eg lærte:

  • Dagens Fantomet er det 21. i rekka, og dette Fantomet har vore hovudperson sidan serien starta i 1936.
  • Christopher Walker, den einaste overlevande etter eit sjørøvarangrep, blei det fyrste Fantomet for 400 år sidan for å nedkjempa sjørøveri, grusamheiter og urettferd.
  • "Jobben" har gått i arv til den eldste sonen i kvar generasjon. Unntaket var det 13. Fantomet, som var nummer fire i søskenflokken. Han blei Fantomet sidan brørne heller ville ha sivile jobbar i England.
  • Alle Fantoma har vore storvokste. Igjen er unntaket det 13., som var stutt og veldig firskoren.
  • Fødselsdagen til det 21. Fantomet har stadig blitt justert for at han ikkje skal bli for gamal. I 1990 blei datoen sett til 25. juni 1960 - 24 år etter at dei fyrste historiene om han blei fortalt.
  • Fantomet held til i ei grotte i jungelen i Bengal saman med kona Sala og tvillingar (gut og jente).
  • Det er brei usemje om kvar Bengal ligg, men i 1/1993 blir det argumentert godt for Tanzania. 

Det var det eg veit om Fantomet, og eg kjem ikkje til å legga meg i selen for å læra meir heller...