lørdag 16. mai 2026

Eit brød? 200 milliardar, takk!

Gamle myntar og setlar kan ofte vera ei dør til fortida. Fysiske pengar er tidskapslar som ber historia i seg og gjer epokar og hendingar meir handgripelege. Til dømes er ikkje lenger unionen med Sverige like fjern og berre noko i historiebøkene når du held i ein femøring frå 1876 med Oscar II sitt monogram, og ein 50-marksetel frå DDR med bilete av Friedrich Engels og tung industri fortel om eit land som forsvann og ein dramatisk del av den nære historia vår. Svalbardpengane som eg har skrive om tidlegare, minner oss om gruvehistoria på Svalbard, mens tyske Notgeld fortel om den spektakulære økonomiske kollapsen i Tyskland for omlag hundre år sidan.

Notgeld - nødpengar på norsk - er pengar som blir produsert i krisetider, i denne samanhengen setlar og myntar som blei trykt og prega under hyperinflasjonen i Tyskland i åra 1921-23. 

Etter den 1. verdskrigen gjekk den tyske økonomien fullstendig over styr, og regjeringa kjørte setelpressa på høggir med det resultatet at den tyske valutaen fullstendig mista verdien sin. Lærde folk oppgir fleire ulike grunnar til at dette skjedde. Den kanskje viktigaste grunnen var krigserstatninga sigersmaktene påla Tyskland å betala etter krigen. I januar 1921 laud kravet på 3000 milliardar mark, noko som tilsvarte ein stabel med 100 marksetlar som rakk to gonger rundt jorda. Desse pengane fanst naturleg nok ikkje, og landet var dømt til mislighald. I tillegg kom aukte offentlege utgifter på heimebane som fylgje av krigen og generell varemangel. Den endelege dropen som fekk det til å fossa over, var den franske okkupasjonen av Ruhrområdet i januar 1923 for å pressa Tyskland til å betala krigserstatninga. Då gjekk dei tyske arbeidarane der til generalstreik, mens tyske myndigheiter garanterte for løna deira. Men sidan det heller ikkje fanst pengar til dét, var det inga anna løysing enn å trykka nye pengar med stadig høgare pålydande og stadig lågare reell verdi. 

I juli  1919 kosta ein amerikansk dollar 14 mark, i januar 1922 var prisen oppe i 192 mark, eitt år seinare snautt 18 000 mark, og i november 1923 måtte ein ut med ikkje mindre enn 4,2 billionar mark. Altså 4 200 000 000 000 mark for 1 dollar.

10 millionar mark setel og 1/2 million mark mynt frå Hamburg,
begge datert august 1923.

Eit anna og meir folkeleg mål på utviklinga er korleis brødprisen steig til absurde høgder, særleg gjennom kriseåret 1923:
  • Desember 1919: 0,80 mark
  • Januar 1923: 250 mark
  • August 1923: 69 000 mark
  • September 1923: 1,5 millionar mark
  • Oktober 1923: 174 millionar mark
  • November 1923: 201 milliardar mark
Frå oktober til november var prisstiginga på brød på hele - hald deg fast - 115,5 millionar prosent! Vidare kosta ein kilo poteter rundt 100 milliardar mark, eitt egg over 400 milliardar, ein kilo svinekjøt ni billionar og ein trikkebillett i Berlin 150 milliardar.

I ein slik situasjon er ikkje lønsutbetaling noka enkel sak, så til slutt blei løna utbetalt to gonger om dagen. Både i lunsjpausen og ved arbeidsdagens slutt stod arbeidarane klar med trillebårer som dei fylte opp med setlar før dei sprang til butikken mens trillebårlasset enno hadde nokon verdi.

Den statlege pengepressa greidde ikkje å halda tritt med etterspurnaden og behovet for nye pengar. Derfor fekk regionale bankar løyve til å produsera eigne setlar og myntar. Det er desse pengane som blir kalla Notgeld. Nødpengane har oftast svært høg pålydande verdi, samtidig som dei er ganske enkle. Setlane har ofte berre trykk på éi side, og myntane er av billeg materiale, som aluminium. Det måtte bli slik når det skulle trykkast så mykje. Til gjengeld er ofte setlane fagerike og dekorative. Ein annan interessant detalj som fortel mykje om kor ille det var, er at dei er datert ikkje berre med året, men med månaden. Like greitt det, for neste månad var dei uansett verdilause.

I november 1923 tok galskapen slutt. Ein valutareform erstatta den verdilause papirmarken med rentemarken, som blei knytt til gullprisen. Dermed strauk dei tolv nullar og sa at ein ny mark tilsvarte ein billion av den gamle, og dermed kosta ein amerikansk dollar det same som han hadde gjort før verdskrigen: drygt fire mark. Og brødet som nettopp hadde kosta over 200 milliardar? Det kosta no rundt 0,65 mark.

Kjelder:
Deutsche Geschichte in Schlaglichtern. Meyers Lexikonverlag 1990.
Deutscher Bundestag: Hyperinflation in Deutschland 1923. (Besøkt 16.5.26)
Frank Stocker: Die Inflation von 1923: Preise. (Besøkt 16.5.26)
Århundrets krønike. Cappelen 1988.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar