tirsdag 16. juli 2013

Ein kartbokodyssé

Ryfylke
Heilt nederst i høgre hjørne på side 55 i kartboka mi finn du Trondheim. Der bur eg. For snart to veker sidan sette eg meg i bilen for å kjøra til Ryfylke, som ligg ein heilt annan plass i den same kartboka.

Etter ein kort stopp etter fem minutt for å fylla tanken på næraste bensinstasjon, vinka eg farvel til side 55 og sette kursen sørover gjennom dei to kjedelegaste sidene i heile kartboka: 52 og 51. E6 har rett og slett lite å by på mellom Trondheim og Oppdal. Men vêret var strålande, og eg tok meg tid til ein jorbærbøtteis øverst på side 44 før eg gjekk laus på den fyrste fjellovergangen: Dovre.

Himmelen blei gråare og gråare nedover side 44, men det lysna noko då eg bladde om til side 36 og svinga inn på Otta. Der forlet eg Europavegen og tok mot Vågå og fjellovergang nummer to: Valdresflya. 

Eg og Valdresflya har ein fast tradisjon når me møtest: Skodde. Men det er den kortaste vegen, og det skal visstnok vera fint der òg. Forutan skodda, kunne flya denne gongen by på litt regn, asfaltering med tilhøyrande kolonnekjøring og storslalom mellom altfor trafikkvan bjellesau og lam.

Og slik kom eg til Fagernes, og då var eg allereie i rute B1 på side 28 i kartboka. Dei to neste rutene kunne by på meir saueslalom, denne gongen over Golsfjellet, før eg nådde Gol i rute A3 noko over middagstid. Etter å ha leita i minst eit halvt minutt, gjekk eg lett angripen av hungersnaud inn på det fyrste matholet eg såg. Osteburgaren var like god som han såg ut, og eg gjekk frå underernært til overfødd i løpet av ein dryg halvtime.

Eg suste vidare gjennom kartboka til side 27 og over Hardangervidda, som viste seg frå godvêrssida. Etter ein snartur innom side 19 og 18 (i den rekkefølgja - eg kjørte jo frå aust mot vest), kom eg til Vøringsfossen nederst på side 26. Den hadde eg jo sett eit par gonger før, så eg stupte ned Måbødalen med korketrekkartunnelen (kor mange rundar kjører ein eigentleg?) og ned til ein av mine favorittar: Eidfjord.

Der venta solnedgang ved fjorden og ei seng på Vik Pensjonat.

På Ustaoset (side 27, rute E4) ligg Måfåvegen. Dette kunne ha vore namnet på riksveg 7 sørover gjennom Hardanger på kartblad 26, 18 og 17. Det synest som han bokstaveleg talt blei laga under mottoet "vegen blir til mens du går", og utbetringsarbeida som pågår no, ser ut til å ha same ideologiske grunnlag. Eit sammensurium av svingar og vekslingar mellom breie, smale og ekstra smale partier omgitt av distraherande flott natur med frukttre og isbre, alt krydra med motgåande bubilar. "Ikkje stopp unødvendig her på grunn av rasfaren", stod det på eit skilt. Slike skilt kan jo vera nyttige, men det hadde ikkje vore dumt med skilt av typen "Vegen blir smalare rundt denne svingen" heller.

Vel, eg kom meg til Odda. Der er det obligatorisk for representantar for familien Ullestad å stoppa, såvel på veg nordover som sørover. Etter den faste turen i gågata, putla eg så fort det let seg gjera på måfåvegar, tilbake til side 18 og femte og siste fjellovergang: Røldalsfjellet.

Mellom Nesflaten og Suldal på sidene 10 og 9, nådde vegane nye, og stadig smalare dimensjonar, og vips! Så var eg i Ryfylke. Det hende i rute F1 på side 9. Men målet mitt var ikkje før langt nede i rute E3. Vanlegvis byr ikkje denne strekninga på store opplevingar, men denne gongen var det litt annleis.

For øvst i rute E3 - altså ikkje langt frå mål - venta det eit fjordcruise. Ferja frå Nesvik til Hjelmeland skulle nemleg innom Ombo på denne turen, og i den delen av heimkommunen hadde eg utruleg nok aldri sett min fot før. Det har eg for så vidt ikkje ennå heller, i og med at eg ikkje gjekk i land. Men Ombo har i alle fall ein ting til felles med Shetland nå: Eg har vore til kai der.

Så gjekk turen frå Sandestøå på Hjelmeland, over Byrkja, ned Riskedalsbrekka og forbi GEA og Årdalstunet, og midt mellom Sedbergskrysset og Storå bru svinga eg til venstre inn den øvre porten.

Mor og far sat som vanleg på altanen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar