onsdag 28. november 2012

Sandnes Ulf halvvegs gjennom bøygen

I helga sikra nyopprykka Sandnes Ulf seg ny kontrakt i eliteserien etter 3-1 over Ullensaker/Kisa i sin fyrste sesong i det ypperste selskap. Historia viser at det slett ikkje er sjølvsagt at ein eliteseriedebutant held plassen i den fyrste sesongen. Den same historia viser i tillegg at Sandnes Ulf berre er halvvegs gjennom bøygen, for sesong nummer to er statistisk sett heller ingen leik for nykomarane.

Sidan 1984 har åtte nye lag utanom Sandnes Ulf prøvd seg på øverste nivå i norsk fotball, og av dei er det berre Stabæk, som rykka opp i 1994, som har unngått nedrykk i dei to fyrste sesongane. Dei greidde seg i ti sesongar, men elles er lista dyster lesing:

Strindheim (1984), Djerv 1919 (1988), Fyllingen (1990), Aalesund (2003), Hønefoss (2010) og Sarpsborg 08 (2011) rykka ned i fyrste sesong, mens Haugesund (debut i 1998) måtte ta turen ned etter to sesongar. Det kan òg vera freistande å ta med Sandefjord, Strømmen og Odd på lista, i og med at dei gjorde comeback etter fleire tiår i lågare divisjonar. Fasit: Strømmen rykka rett ned i 1986, Sandefjord greidde seg i 2009, men rykka ned i den andre sesongen, mens Odd har halde seg i eliteserien sidan "nydebuten" i 1998.

Går ein lenger bakover i historia, finn ein det same mønsteret . Med få, heiderlege unntak har toppseriedebutantane rykka ned i løpet av dei to fyrste sesongane. Blant unntaka finn me Kongsvinger (opp 1982, ned 1999), Bryne (opp 1975, ned 1988) og ikkje minst Lillestrøm.
 
Mange hevdar at Lillestrøm aldri har rykka ned. Desse "mange" er folk som ikkje kjenner norsk fotballhistorie, og som trur at norsk seriefotball starta i 1963. Men norsk seriefotball starta i 1938, og Lillestrøm debuterte i det som då heitte Hovedserien i 1952/53, for så å rykka ned i 1960/61. I 1975 var dei tilbake, og dette var den 38. strake sesongen på høgaste nivå. Det er norsk rekord.

Litt halv-apropos kan det vera morosamt å nemna ytterpunkta når det gjeld opp- og nedrykk, utan at dei gjeld nykomarar: Rosenborg (1967) og Moss (1987) gjekk rett frå opprykk til seriemeisterskap. Nils Arne Eggen var Rosenborgspelar i 1967 og Mossetrenar i 1987. I den andre enden finn me heislaget Brann som rykka ned og opp annakvart år frå 1979 til 1986.

Og lat oss til slutt minnast Vidar FK frå Stavanger, som på midten av 1990-talet stemte for å innføra kvalifisering om opprykk frå 2. til 1. divisjon. Ja, eg trur til og med at dei tok initiativet til ordninga. Resultatet var tre strake tap i kvalifiseringa i åra 1997-1999.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar