søndag 11. november 2012

Tidsrekning

I barndomen min var dei 12 digre bøkene frå Store norske leksikon ei uuttømmeleg kjelde til kunnskap. For nokre år sidan gjekk dei inn i den moderne tidsalderen og blei eit nettleksikon. Så blei det slutt på papirleksikonet, og nå har Store norske leksikon gått inn i ei ny tidsrekning. Bokstaveleg talt. I Stavanger Aftenblad leser eg at det mest oppegåande, norskspråklege leksikonet har slutta å bruka forkortelsane f.Kr. og e.Kr. I tråd med moderne villfaringar heiter det no fvt. og evt.

Eg skal ikkje ta ein lang argumentasjon om kvifor det er tåpeleg her. Det rekk lenge å visa til Svein Egil Omdal sitt innlegg "Kristus ut av kalenderen" i Aftenbladet.  Her er hovudbodskapen hans for dei som ikkje orkar å lesa heile innlegget:
"Men alle med common sense vil fort oppdage at common era er det rene selvbedrag, og dessuten ikke så lite etnosentrisk. Den alminnelige tidsregning er – uansett om man kler den i andre ord – den kristne, og den er slett ikke så alminnelig. I dag er det den 25. heshvan i år 5773 etter den jødiske kalender, muslimene er kommet til år 1433 AH og både kinesere, thaier og andre holder seg med årstall som ikke stemmer med Almanakkforlagets.
I Norge har vi, vanen tro, ikke engang klart å bli enige om hva den nye forkortelsen betyr. Den lille v i fvt. og evt., står den for "vår" eller for "vanlig"? Det ene er ganske selvopptatt, det andre er både selvopptatt og upresist."
Det kan knapt seiast enklare og meir presist kor tullete slike påfunn er. For ikkje å seia: Kor misforstådde dei er. Ein del såkalt oppegåande personar meiner i fullt alvor at om me berre dyssar ned at me har ein 1000 år lang kristen kulturarv, vil me framstå som meir kultiverte. Dette skal då ikkje minst ha ein positiv innverknad på integrering av våre nye landsmenn frå ikkje-kristne kulturar. Eg trur det er omvendt.

Då eg gjekk på skulen på 1980-talet, hadde me "Kristendom" på timeplanen. Då eg jobba på ein ungdomsskule rundt år 2000, hadde faget blitt til "Kristendom, religion og livssyn", forkorta KRL. Dette var ei fornuftig endring. Å byta ut forkynninga kristendomstimane våre var prega av, med objektiv undervisning om kristendom og andre religionar, var eit stort framskritt som fremja kulturell forståing i alle retningar. Men så gjekk pendelen som vanleg litt for langt, og K-en forsvann. No heiter det "Religion, livssyn og etikk", og sjølv om kristendomen framleis skal ha den "kvantitativt største andelen av lærestoffet" (sitat frå læreplanen i RLE), har eg inntykk av at mange i rein godtruskap gjerne hadde sett at han hadde fått like lite plass som dei andre religionane.

Korleis kan dei forstå norsk moral og tankesett - ein føresetnad for ei vellukka integrering - om dei ikkje skal læra om bakgrunnen for dei? Kan dei forstå norsk julefeiring utan ganske inngåande kjennskap til kristen tru? Korleis skal dei læra språklege metaforar som "å vera ein Judas" eller "å kasta den fyrste steinen"?  Veit dei kvifor flagget vårt har eit kors?

Kristendomen er så kulturelt altomgripande i Noreg at det vil vera ei bjørneteneste av det store slaget å "skåna" innvandrarane for kunnskap om han, på same måte som det er ei bjørneteneste å ikkje læra kristne barn om andre religionar. Ingen er tent med å lata som at norsk kultur er religionsnøytral sjølv om stadig fleire nordmenn er det. Og då er det viktig, trur eg, at viktige kulturformidlarar, som skule og leksikonredaksjonar, ikkje stikk hovudet i sanden og bortrasjonaliserer verkelegheita. 

For verkelegheita er at vår tidsrekning starta med Kristi fødsel, anten me likar det eller ikkje. Så la oss ikkje framstå som kultur- og kunnskapslause. Me er trass alt i 2012 e.Kr.

2 kommentarer:

  1. Eg er samd i at det er viktig å kjenne til kulturhistoria og bakgrunnen til språklege bilete. Samstundes er eg samd med deg i at ein ikkje skal vere sjåvinistisk eller drive forkynning, og at vi alle må lære om kvarandre.

    Men er det ikkje litt på sida av den debatten, når ein trekkjer inn kva fagfolk skal bruke slags termar i fagtekstar? «Fvt» og «evt» er ikkje ukjent mellom historikarar. Det har lite med innvandring å gjere og meir med faget. http://www.aftenposten.no/kultur/I-Store-norske-leksikon-heter-det-ikke-lenger-for-Kristi-fodsel-7029018.html «Våre fagfolk som skriver historie bruker ofte "vår tidsregning", og leksikonets linje er å speile begrepsbruken i kunnskaps-Norge.»

    Eit meir aktuelt argument kunne t.d. vere at det hadde vore moro å lese i ein fagtekst at «Kristus vart fødd ca. år 5 før sin fødsel».

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg synes ikkje at det er på sida av debatten i og med at akademia er ein så viktig kunnskapsformidlar med stor påverknad. Påverknaden blir desto større når terminologien kryp ut av vitskaplege artiklar og inn i tekstar retta mot det vanlege publikumet, slik eit leksikon er.

      At termen "før vår tidsrekning" verkar temmeleg uvitskapleg og mykje mindre presis enn "før Kristus", er ein annan sak.

      Når det gjeld det siste, at Jesus skulle vera fødd før eller etter Kristus, meiner eg faktisk å ha lest noko slikt for ein del år sidan. Kan henda eg hugsar feil. Men slike påstandar/funn ser jo unekteleg litt underlege ut... ;)

      Slett