onsdag 14. mars 2012

Flyttemeldinga

Me er for lengst installert i den nye leiligheita, og snart er alle pappeskene pakka opp. I tillegg til maling, dyre elektrikarar og pappeskeoppakking, inneber flytting som kjent òg litt papirarbeid, mellom anna flyttemelding til folkeregisteret. 

No til dags er slikt lett: alt kan gjerast på nettet. Det tok nokre få minutt å formelt flytta både meg og Snefrid utan noka form for overraskingar. (Slik har det ikkje alltid vore: Ved ei flytting kom det fram at Snefrid ikkje var norsk.) Denne gongen kom dei heller uviktige, men litt kuriøse overraskingane ei stund etterpå. Nærare bestemt i går.

Då fekk me nemleg stadfestinga på flyttinga, som heiter "Underretning om registrert flytting", som om me ikkje alt var informert om flyttinga. ("Underretning om registrering av flytting" hadde nok vore meir i tråd med innhaldet i brevet.) Det var to ting eg la merke til i dette informasjonsskrivet. For det fyrste kom det frå skattekontoret i Melhus. Me flytta 2,5 km frå Nardo i Trondheim til Risvollan i Trondheim, men flyttemeldinga blei altså handsama i ein temmeleg mykje mindre nabokommune. Vel, byråkratiet om det.

Men det var ein morsom detalj til: Me blei gjort oppmerksom på at me har klageadgang. På vår eiga flytting. Dei må ha lite å gjera på Melhus... Truleg er dette meint som ein sjanse til å retta eventuelle feil. Tyrkleifar finst jo overatl, og plutseleg kan husnummeret bli feil osv. Denne oppmodinga om å sjekka adressa, var altså formulert slik:

Skattekontorets registrering av flyttingen er et enkeltvedtak som kan påklages. Klagen sendes innen bla bla bla...
Ein liten djevel i meg får jo unekteleg lyst til å klaga, om ikkje anna så for å sjå kva skattekontor som blir klagehandsamar. Melhus må jo i så fall vera inhabil. Uansett måtte eg i så fall hugsa å trekka klagen før skattekontoret i t.d. Snillfjord tvangsflytta oss tilbake til Nardo. Utan klagerett.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar