søndag 26. februar 2012

Regnbukser

Regnbukser er truleg dei vanskelegaste klesplagga som finst. Dei er for så vidt lette å ta på, og dei eg har er ikkje så verst å ha på heller. Men det er frykteleg vanskeleg å vita når eg skal ha dei på, synes eg.

Fredag var eit klassisk eksempel. Eg vakna til plaskregn og tenkte: "Å nei, regnbukser." Det er som sagt ikkje så ille med regnbukser, men det er då likevel meir komfortabelt å sykla til jobb i vanlege bukser. Regnbukser pustar dårleg, så i opphald fungerer dei mot si hensikt: Du blir blaut på innsida av buksa. 

Det plaskregna gjennom heile frukosten, men då eg rydda av bordet slutta det å regna. Kva no? Ville det bli opphaldsvêr og greitt med vanlege bukser, eller var det berre ein liten pause? Det var det siste. Etter eit minutt eller to, var det på 'an igjen. Saka var klar, eg tok på meg regnbuksene og gjekk ut.

Då slutta det å regna. Denne regnpausen varte til eg parkerte sykkelen utanfor jobben. Heldigvis hadde eg tørt skift med meg...

Då eg kika ut og sjekka vêret før eg skulle heim om ettermiddagen, var det opphald og ganske fint. "Berre vent, om 5 minutter plaskar det," sa eg til ein kollega, "for no tar eg ikkje regnbukser."

Eg treng ikkje forelja det opplagde som skjedde, men heldigvis har eg tørre skift heime òg..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar