søndag 15. desember 2024

Fy! Skamme seg, Sit!

"Sit" er Studentsamskipnaden i Trondheim, Ålesund og Gjøvik. Når eg googlar Sit, seier det fyrste treffet, titulert "Om Sit", dette om organisasjonen si målsetting: "Sit skal bidra til at du som student trives." For å oppnå denne målsettinga gjer Sit veldig mykje bra. Til dømes har dei studentbuligar og fleire treningssenter, i tillegg til at dei driv ulike kantiner, kaféar og kioskar på campusane. Her skal det handla om kioskane, eller nærare bestemt Rápido-kiosken på Dragvoll.

Som tilsett på Dragvoll i 15 år har eg hatt stor glede av denne kiosken. Dit har eg gått når eg har hatt behov for sukkerhaldig energipåfyll på min veg gjennom rettebunkane, noko friskt og kaldt å drikka til lunsjen eller rett og slett mat til lunsjen når det var tomt for lunsjalternativer i skapet heime. Og hit har me - eg og kollegaene - gått for å kjøpa kvar vår is på slutten av varme og lange undervisingsdagar når me har hatt sommarkurs.

Men eg har sjølvsagt fått meir enn sjokolade, drikke og baguettar i kiosken. Korte eitt- eller to-minutts ordvekslingar med dei hyggjelege og alltid smilande og blide damene og mennene bak kassaapparata. (Forresten: synes du òg at ordet "kassaapparata" var litt visuelt forvirrande?) Desse damene (mennene òg, men dei er definitivt flest damer) har ofte hatt ein morosam kommentar eller observasjon på lur og dermed bidratt til å gjera dagen litt gladare. 

Inntil for ganske kort tid sidan var det to kassaapparat i kiosken på Dragvoll, men i løpet av hausten forsvann det eine til fordel for sjølvbetjeningsautomatar. Du veit slike som fleire butikkar allereie har slutta med på grunn av svinn (les: steling). Og tidlegare i veka fekk eg fordundre meg vita at det andre kassaapparatet - og dermed den siste kassadama/-mannen - òg skal erstattast med ein sjellaus berøringsskjerm frå nyttår. Og kva med dei tilsette? Jo, éi blir flytta til Gløshaugen og dei to andre fortset på Dragvoll som lagerarbeidarar. Dei skal fylla hyller og pakka esker utan nemneverdig kundekontakt. Dei gler seg ikkje.

Og det gjer heller ikkje me som bruker kiosken.

Motivet er jo klart som dagen: auka inntening. Dei har rekna på det og kome fram til at reduserte lønskostnader vil meir enn vega opp for auka svinn (les: steling) og mindre besøk.

For det blir garantert mindre besøk. For underteikna og, vil eg tru, mange andre forsvinn over halve poenget med kioskturen. Eg meiner: sjokolade, drikke og baguettar får du kjøpt mykje billigare på matbutikken, så kvifor skal ein då gå til kiosken når det heller ikkje gir nokon sosial gevinst? Når ein i staden for å få ein gladare dag, blir møtt av noko av det mest upersonlege samfunnet har å by på, ein berøringsskjerm? Eg skal ikkje seia at eg ikkje kjem til å handla på Rápido, for det gjer eg garantert allereie den fyrste veka etter nyttår, men det blir heilt sikkert sjeldnare enn før. 

Så tilbake til Sit si måletting: å bidra til studenttrivsel. Eg er ein middelaldrande tilsett som står støtt og har andre å spøka med enn beteninga i kiosken. Mange av studentane våre er derimot unge som leitar både etter seg sjølv og eit sosialt haldepunkt. Undersøking etter undersøking viser at stadig fleire studentar kjenner seg einsame. For nokre av desse er møtet med dei smilande damene i Rápido kanskje det sosiale høgdepunktet i løpet av dagen. Ja, kanskje er det det einaste smilet dei får i kvardagen. For dei som har det slik, handlar Rápido om meir enn sjokolade, drikke og baguettar. Det blir eit haldepunkt. Beteninga i kiosken opplever sjølv at det er slik for nokre av studentane våre.

Når Sit tar bort dette haldepunktet, bidreg dei ikkje til studenttrivsel. Då bidreg dei til eit mindre personleg samfunn, mindre glede, meir kulde og i verste fall til meir einsemd. Då går profitten føre den ideelle målsettinga. Fy, Sit. Skamme seg.

Her om dagen hadde ei av dei tilsette på seg ein julegenser, noko eg kommenterte. Ho fortalde at ho hadde brukt han på jobben ei stund, men éin dag hadde ho hatt ein annan, vanleg genser. Då etterlyste studentane julegenseren. Snart forsvinn meir enn julegenseren, og eg trur nok studentane vil merka det òg.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar