mandag 23. desember 2024

Hockeynissen

Det er kvelden før kvelden og all julepynten er på plass. I alle fall den julepynten som er verd å visa fram. Noko av pynten er nyare krimskrams utan sjel, mens noko er arvegods og har historie. Til den siste kategorien høyrer definitivt krumtappen vår: Hockeynissen.

Hockeynissen heiter det av openberre grunnar: han står på snabelskøyter og har ei hockeykølle i handa. Og godt er det, for utan denne kølla hadde han ikkje klart å stå. Til det er han rett og slett for gamal og gebrekkeleg. Glansdagane er rett og slett forbi.

Eller glansdagane hans var forbi til eg redda han frå dødsboet til svigermor for tre år sidan og han fekk nytt liv på hylla vår i Trondheim. Ein gong talde me det til 50 nissar på pianoet til svigermor, og av alle nissane ho etterlet seg, var det berre Hockeynissen eg såg som verneverdig. Han kan ikkje anna enn å vekka medkjensle der han står på vaklande piperensar-bein og med eit ansikt som har blitt truffe av så mange puckar at eit auge er klistra igjen og nasen er omplassert til rett under det opne auget. Kledebonen av kreppapir gir unekteleg eit stakkarsleg preg - ikkje minst buksa som er i ferd med å gå i oppløysing. 

Men for ein sjarm. Og for ein stil!


Sjølvsagt blei me nysgjerrige på å finna ut kven Hockeynissen var. Kor gamal er han og kor kjem han ifrå? Det finst faktisk bilete av ein fetter på Digialt Museum, men det er ein skøytenisse.utan hockeykølle. Elles er han lik om me ser bort ifrå Hockeynissen sine idrettsskadar i ansiktet. Museet fortel at skøytenissen er frå 1934 og omtalar han heller sjellaust: "Nisse på skøyter. Laget av bomull og kreppapir over ståltråd. Ansikt presset papirvatt."

Fullt så gamal er visst ikkje nissen vår. Ifylgje svigermor si eldre syster, som absolutt er ei truverdig kjelde her, blei han truleg kjøpt ikkje lenge etter krigen. Det meste blei sett tilbake i krigsåra, også julepyntproduksjonen, som nok ikkje hadde den høgaste prioriteten. Dermed er det nok ikkje unaturleg at den same, enkle nissemodellen var i sal i over ti år. 

Kor sjarmerande Hockeynissen enn er, vil nok julepyntprodusentane anno 2024 legga lista noko høgare når det gjeld material og utforming. Men som bladet Samler & Antikkbørsen (nr. 8, 2024) fortel, var det ikkje uvanleg med heimelaga julepynt på marknaden i fyrste del av 1900-talet og fram til etter krigen. For nokre var det ei kjærkomen ekstrainntekt, og me skal ikkje sjå bort ifrå at vårt 80 år gamle sjarmtroll har eit slikt opphav.

Det same bladet fortel òg at slike heimelaga "nisseraringer med unike uttrykk" har fått ein renessanse, og at dei er populære mellom samlarar. Vel, dei kan by kva dei vil. Hockeynissen er ikkje til sals. Til neste år gjer me heller som svigertanta mi førslår: me set han på eit speil med bomull rundt. Ein hockeynisse treng jo ein skøytebane!

God jul!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar