I kveld vann USA over Brasil i kvartfinalen i fotball-VM for damer. Dei vann på straffesparkkonkurranse etter å ha utlikna i det 122. minutt, altså halvtanna minutt på overtid i andre ekstraomgang.
Det var ganske lett å peika ut ein syndebukk. Stakkars Daiane la hovudet på hoggestabben ved å laga sjølvmål alt etter to minutt, for så å stå for den avgjerande bommen i straffekonken. På veg til skafottet fekk ho selskap av Andréia, keeperen som var på bærtur ved USA si utlikning på overtid. Men det var korkje Daiane eller Andréia si skuld at det gjekk så galt på slutten. Det var Erika si skuld.
Rundt fem minutt før slutt i 2. ekstraomgang leia Brasil 2-1 og var sjølvsagt interessert i at tida skulle gå. Då passar det godt med skadar og spelestopp. Erika fekk ein liten dult i ryggen i eige straffefelt. Så rusla ho vidare i 3-4 sekunder før ho stupte i bakken og rulla seg dramatisk rundt. Dommaren stoppa spelet og fekk inn båremannskapet. Dei brukte vel rundt to minutt på å få henne på båra, surra henne fast og bera henne av banen.
Så snart ho var av banen, hoppa Erika av båra og jogga til midtlina under sterk pipekonsert for å koma innpå ved neste daudballsituasjon. Ho kom innpå og blei premiert med gult kort for usportsleg opptreden. Men dommaren gjorde meir: Ho la til tre minutter for uthaling av tida. Utlikninga til USA kom altså halvvegs ut i den tilleggstida. Hadde Erika droppa idiotiet, hadde kampen vore slutt før USA si skåring, og Brasil hadde vore i semifinalen.
Det var ein positiv og ein negativ ting ved det som skjedde. Den negative er at filminga tydelegvis er i ferd med å koma i damefotballen òg, den som har vore herleg fri for slikt. Den positive er at det endeleg var nokon som blei skikkeleg straffa for tullet. Å gå glipp av ei VM-medalje burde vera ein effektiv lærepenge, men eg er redd brasilianarane ikkje ser - eller vil sjå - at dei tapte på grunn av dumme Erika.
Det er så mykje enklare å skulda på uheldige Daiane.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar