torsdag 29. august 2013

Den dagen det var så bratt

Ei ulukke kjem sjeldan åleine, heiter det. I den tre timar lange undervisingsøkta mi i norsk for utlendingar, trinn 1, i dag kom ulukkene som skote ut av ei ketchupflaske. Skjønt, ulukker... Eg skal vera den fyrste til å innrømma at noko av det som hende var resultat av kvalifisert kløning frå mi side. Her er det som hende:

Då klassen skulle høyra på ein ny tekst, starta eg fyrst feil spor. Eit hendeleg uhell, som hadde vore lett å retta opp dersom det rette lydsporet faktisk hadde vore på minnepinnen min. Men det enda altså med høgtlesing. Vel, vel, verre ting har hendt før, og verre ting kom snart til å henda.

Etter arbeidet med den nye teksten stod ei samtaleøving i par for tur. Studentane får kvar sin delvis utfylte tabell med informasjon om nokre personar, og så må dei spørja kvarandre om den manglande informasjonen. Denne oppgåva bruker eg kvart år med stort hell, så ho var ein sjølvsagt del av oppgåvekompendiet eg har laga for å sleppa endelaus kopiering i løpet av semesteret. "Person A ser på side 4 og person B på side 5," sa eg. Alle sette i gong, og det var ivrig summing i 30 sekund. Så kom det: "Me har den same informasjonen!" Akk ja, så hadde eg kopiert feil i kompendiet, og dermed blei den oppgåva utsett til over helga.

Neste punkt på programmet: Ordstilling ved hjelp av PowerPoint. Då krasja PowerPoint. Eg prøvde å starta programmet igjen. Det varte og det rakk - sekund blir lange i slike stunder - og eg førebudde meg på å ta det med små kritstumpar på tavla. Men i siste augneblink ombestemte PowerPoint seg, og samarbeidde likevel.

Dermed kom me oss velberga ut av den fyrste økta, og eg gjekk ned i språklaben for å klargjera økt nummer to.

Labtimen kort oppsummert: Programvaren krasja ved oppstart, men fungerte etter ein langdryg omstart. I kaoset som oppstod, huka eg av eit par feil oppgåver slik at kjøreplanen på tavla og innhaldet på lydspora ikkje passa, i tillegg til at eg måtte opp å ta kopiar av eit par oppgåver. Det heile blei elegant avrunda med ein ny datakrasj fem minutter før slutt.

Det gode med alt dette er at uhell- og svimekvoten er brukt opp for dette semesteret, og det alt i den fyrste veka. Med andre ord: Dette blir eit supersemester!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar