lørdag 18. februar 2012

Nabolag

Nå har det gått ei veke sidan me flytta til eit nytt nabolag, men her skal det handla litt om det gamle nabolaget vårt - det me flytta frå etter ti og eit halvt år.

Der fann me mellom anna eit hyggjeleg ektepar med den mest asosiale og sleipe katten i landet, ein supersosial trønder og ein familie med to labradorar - ein ung og leiken, og ein gammal og doven. Og så var det Brannmann-Harald, då. Verdas snillaste pensjonist som me seriøst vurderte å ta med oss hit til det nye nabolaget. Ein gong sist snørike vinter han stod i stova og såg at Snefrid måkte, kom han resolutt ut og tok over heile måkinga. Han tok til og med snøen med seg heim og dumpa han i sin eigen hage!

Me er nordmenn, noko som inneber at me ikkje hadde full oversikt over nabolaget. Til dømes er det framleis litt uklart for oss kor mange døtre den næraste naboen, som me delte hage med, eigentleg har. Og bur eigentleg nokre av døtrene heime hjå foreldra, mon tru? Folka i den eine halvparten av huset på andre sida av vegen hadde me aldri kjent att på gata, i og med at me (truleg) aldri har sett dei. Me trur at det var litt uskiftingar der i løpet av dei ti åra, men me veit ikkje sikkert. Fuglane veit kva labradoreigarane heiter, eller labradorane for den saks skuld.

Naboen til venstre for oss snakka eg rett nok med fleire gonger, utan at eg dermed veit kva han heiter eller lever av. Men me var då i alle fall på hels. Dagen etter at me hadde flytta, snakka eg også med kona hans. Det var ho som innleidde denne fyrste samtalen mellom oss, og etter ti års naboskap var opningsorda hennar:

"Skal de flytta?"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar