søndag 6. november 2011

Oppgradering og nedgradering

På jobben bytte dei nettopp ut e-postløysinga, og samstundes fekk me ei oppgradering av Office-pakka frå 2007 til 2010. Anten me ville eller ikkje. Eg siklar ikkje etter slike oppdateringar. Word (og sikkert resten av kontorpakka) har knapt nok har kome med noko nytt vanlege folk verkeleg treng, sidan 97-utgåva, og det ein då sit igjen med er masse ekstraarbeid med å læra seg å finna fram i nye menyar og gjera alle personlege innstillingar av stavekontroll, autokorrektur, stilar osb. på ny. For den nye versjonen hugsar sjølvsagt ikkje innstillingane i versjonen han erstattar.

Men, men. Dette er no lite heft i det store og heile.

Verre er det når ei oppgradering gjer maskina ubrukeleg. Det skjedde på mini-pc-en min i sist veke. På den har eg heile tida kjørt Linux, nærare bestemt Ubuntu. Eg var svært nøgd med versjon 11.04 (med klassisk visning - lika ikkje det nye grensesnittet), men maskina masa om oppgradering til 11.10, og etter å ha rådført meg litt med klokare datahovud enn mitt, ga eg etter. 

Ubuntu 11.04 blei til Ubuntu 11.10, og musematta slutta sporenstreks å fungera. Eg googla etter tips og fann nokre som eg prøvde utan vellukka resultat. Det var berre ein ting å gjera: nedgradera igjen.

Her dukka to nye problem opp: For det fyrste er ikkje 11.04 på marknaden lenger, så eg måtte ned på 10.04. For det andre: Etter gjentatte mislukka forsøk fann eg til slutt ut at det ikkje var mogleg å laga oppstartsdisk for Ubuntu 10.04 i den siste 11.10-versjonen. Eg måtte faktisk gjera det på ei Windows-maskin før det lukkast meg å nedgradera (les: oppgradera) frå 11.10 til 10.04.

I prosessen var eg innom fleire Ubuntu-forum, og fleire enn eg er kritiske til at utviklarane kjører ut nye "halvfabrikata" kvart halvår i staden for stabile versjonar t.d. kvar 18. månad. Denne misnøya bør Ubuntistane merka seg, for det var ikkje få som skreiv at dei no valte å forlata Ubuntu. Ein bør passa seg så ein ikkje raserer eit veldig godt alternativ til dei marknadsleiande og dyre operativsystema. Er stoda like dårleg når støtta til 10.04 går ut om halvtanna år, blir det nok Windows på minien òg.

No fungerer i alle fall maskina mi igjen etter oppgraderingsstuntet - med eit dugande grensesnitt og noko eldre og treigare programvare....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar