onsdag 31. juli 2013

Hakkespettboka 2.0

Alle me som har vakse opp med Donald Duck har vel latt oss imponera av Hakkespettboka, denne knøttlitle boka som inneheld alt som er av jordisk kunnskap. I alle fall nesten. For i historia "Tilbake til Xanadu" skjer det utenkelege: På biblioteket i Tralla La finn Ole (eller Dole eller Doffen - kven veit?) eit manuskript frå år 73 der det er ei opplysning nederst på side 1106 i bind 13 som ikkje står i Hakkespettboka. Dette resulterer forøvrig i eit unisont "OI!"

Denne boka skulle me sjølvsagt alle hatt kloa i, men akk!, ho er reservert for ein liten speidarklubb i ein liten by i Amerika. Og endå verre: Både byen, speidarklubben og ikkje minst Hakkespettboka er fiktive. Så det får bli med draumen. Eller?

Nei då, Hakkespettboka finst, ho, og så å seia alle i vår del av verda har tilgang til ho om enn i ei anna form og med andre namn enn originalversjonen. Forma er elektronisk, og namnet varierer: Ipad, nettbrett, smarttelefon og så bortetter. 

Alle svar ligg i lommeformat berre eit fåtal tastetrykk borte, anten ein lurer på teksten til "Summer of 69", kva ein kjeleflikkar eigentleg gjorde eller korleis ein skal opna ei pistasjnøtt med alt for lita glipe mellom skala. Me treng rett og slett ikkje lura lenger.

Og nettopp det er vel ulempa med denne moderne Hakkespettboka: Ho tar livet av felles undring, tankespinn og mange underhaldande diskusjoner. For så snart nokon har kviskra eit halvhøgt "Hm, lurer på kva...", så tar tre samtalepartar  opp telefonen og surfar seg fram til eit udiskutabelt svar på snaue halvminuttet. Effektivt, utvilsamt veldig nyttig, men dessverre tidvis temmeleg kjedeleg. Det er liksom ikkje lov å undrast lenger.

Men eg slår stadig vekk opp i Hakkespettboka, versjon 2.0, eg òg. For korleis skal eg elles få i meg den siste, gjenstridige pistasjnøtta? Eg kan då ikkje berre gå ut i skogen og spørja eit ekorn heller.

onsdag 17. juli 2013

Idrettar me ikkje har 2: Radball

Foto: CC Stefan Kuhn
Ordet Radball er tysk og tyder "sykkelball", og her snakkar me om ballsport på to hjul. Radball - heller ikkje for denne sporten har me eit norsk ord - er ein lagsport som best kan samanliknast med five-a-side-fotball, men altså på sykkel.

To lag med to eller fem spelarar spelar mot kvarandre, og det gjeld å skåra flest mål. No har du sikkert bilete à la polo i hovudet, altså syklistar med ei kølle til å slå ballen. Men nei, i Radball skjer alt på og med hjelp av sykkelen, som kan minna litt om den gode, gamle Appache-sykkelen. Og det er akkurat her det fascinerande ligg: Utøvarane viser nemleg ein fantastisk kontroll over sykkelen, og skuddteknikken er svært imponerande. Med berre ei lita rørsle med framhjulet sender dei ballen i veg med stor kraft og presisjon.

Eg høyrde om Radball for fyrste (og så å seia siste) gong i ein Derrick-episode, der ein ung gut var oppslukt av denne sporten og hadde store ambisjonar. Dette må vera noko regissøren har funne på, tenkte eg og googla i veg. Men nei. Sporten er i høgste grad reell, og det finst både EM, VM og verdscup. Det finst over 400 Radballklubbar, i fylgje Wikipedia, og Tyskland, Sveits og Tsjekkia er supermaktene.

Her er ein liten smakebit frå VM i 2012:



tirsdag 16. juli 2013

Ein kartbokodyssé

Ryfylke
Heilt nederst i høgre hjørne på side 55 i kartboka mi finn du Trondheim. Der bur eg. For snart to veker sidan sette eg meg i bilen for å kjøra til Ryfylke, som ligg ein heilt annan plass i den same kartboka.

Etter ein kort stopp etter fem minutt for å fylla tanken på næraste bensinstasjon, vinka eg farvel til side 55 og sette kursen sørover gjennom dei to kjedelegaste sidene i heile kartboka: 52 og 51. E6 har rett og slett lite å by på mellom Trondheim og Oppdal. Men vêret var strålande, og eg tok meg tid til ein jorbærbøtteis øverst på side 44 før eg gjekk laus på den fyrste fjellovergangen: Dovre.

Himmelen blei gråare og gråare nedover side 44, men det lysna noko då eg bladde om til side 36 og svinga inn på Otta. Der forlet eg Europavegen og tok mot Vågå og fjellovergang nummer to: Valdresflya. 

Eg og Valdresflya har ein fast tradisjon når me møtest: Skodde. Men det er den kortaste vegen, og det skal visstnok vera fint der òg. Forutan skodda, kunne flya denne gongen by på litt regn, asfaltering med tilhøyrande kolonnekjøring og storslalom mellom altfor trafikkvan bjellesau og lam.

Og slik kom eg til Fagernes, og då var eg allereie i rute B1 på side 28 i kartboka. Dei to neste rutene kunne by på meir saueslalom, denne gongen over Golsfjellet, før eg nådde Gol i rute A3 noko over middagstid. Etter å ha leita i minst eit halvt minutt, gjekk eg lett angripen av hungersnaud inn på det fyrste matholet eg såg. Osteburgaren var like god som han såg ut, og eg gjekk frå underernært til overfødd i løpet av ein dryg halvtime.

Eg suste vidare gjennom kartboka til side 27 og over Hardangervidda, som viste seg frå godvêrssida. Etter ein snartur innom side 19 og 18 (i den rekkefølgja - eg kjørte jo frå aust mot vest), kom eg til Vøringsfossen nederst på side 26. Den hadde eg jo sett eit par gonger før, så eg stupte ned Måbødalen med korketrekkartunnelen (kor mange rundar kjører ein eigentleg?) og ned til ein av mine favorittar: Eidfjord.

Der venta solnedgang ved fjorden og ei seng på Vik Pensjonat.

På Ustaoset (side 27, rute E4) ligg Måfåvegen. Dette kunne ha vore namnet på riksveg 7 sørover gjennom Hardanger på kartblad 26, 18 og 17. Det synest som han bokstaveleg talt blei laga under mottoet "vegen blir til mens du går", og utbetringsarbeida som pågår no, ser ut til å ha same ideologiske grunnlag. Eit sammensurium av svingar og vekslingar mellom breie, smale og ekstra smale partier omgitt av distraherande flott natur med frukttre og isbre, alt krydra med motgåande bubilar. "Ikkje stopp unødvendig her på grunn av rasfaren", stod det på eit skilt. Slike skilt kan jo vera nyttige, men det hadde ikkje vore dumt med skilt av typen "Vegen blir smalare rundt denne svingen" heller.

Vel, eg kom meg til Odda. Der er det obligatorisk for representantar for familien Ullestad å stoppa, såvel på veg nordover som sørover. Etter den faste turen i gågata, putla eg så fort det let seg gjera på måfåvegar, tilbake til side 18 og femte og siste fjellovergang: Røldalsfjellet.

Mellom Nesflaten og Suldal på sidene 10 og 9, nådde vegane nye, og stadig smalare dimensjonar, og vips! Så var eg i Ryfylke. Det hende i rute F1 på side 9. Men målet mitt var ikkje før langt nede i rute E3. Vanlegvis byr ikkje denne strekninga på store opplevingar, men denne gongen var det litt annleis.

For øvst i rute E3 - altså ikkje langt frå mål - venta det eit fjordcruise. Ferja frå Nesvik til Hjelmeland skulle nemleg innom Ombo på denne turen, og i den delen av heimkommunen hadde eg utruleg nok aldri sett min fot før. Det har eg for så vidt ikkje ennå heller, i og med at eg ikkje gjekk i land. Men Ombo har i alle fall ein ting til felles med Shetland nå: Eg har vore til kai der.

Så gjekk turen frå Sandestøå på Hjelmeland, over Byrkja, ned Riskedalsbrekka og forbi GEA og Årdalstunet, og midt mellom Sedbergskrysset og Storå bru svinga eg til venstre inn den øvre porten.

Mor og far sat som vanleg på altanen.

tirsdag 2. juli 2013

Sykkelproffar og radioamatørar

Sykkelsirkuset Tour de France er i gang igjen, og i år blei den fyrste etappen verkeleg eit sirkus. Kort tid før eit samla felt skulle spurta om etappesigeren, stod nemleg ein buss fast i målseglet. Panikken greip arrangørane - med god grunn - og det gjekk ut melding til alle lagbilane om at målet blei flytta tre kilometer fram. Nokre minuttar seinare var bussen borte, og målet blei flytta tilbake til mål, og lagbilane fekk ein ny beskjed å vidareformidla til ryttarane over radiosambandet.

Radiosamband har vore mykje omdiskutert i sykkelverda. I dag har alle profflaga radiosamband mellom fylgjebilane og kvar enkelt syklist på laget. Dermed kan sportsdirektørane styra troppene sine frå bilane basert på kunnskap dei har om det som skjer lenger framme eller lenger bak i løypa. Om ei gruppe som har rykka frå feltet og opparbeidd ei leiing på 3 minutt, begynner å henga med geipen, får alle i hvoudfeltet beskjed av sjefane sine om det tvert. Før radiosambandet si tid måtte hovudfeltet sjølv gjetta seg til kva som skjedde i teten, og så satsa på ein taktikk basert på det.

Mange meiner at denne utviklinga ikkje er positiv. Dei peiker på at løpa blir for forutsigbare og at det flyttar det taktiske elementet frå sykkelsetet til bilsetet. Etter å ha fulgt Tour de France og andre etapperitt sidan lenge før Hushovd slo igjennom, er eg langt på veg samd i denne kritikken. Det har vore ein klar tendens til at ressurssterke lag har styrt ritta på ein slik måte at det tidvis har blitt kjedeleg. Det er så å seia slutt på halsbrekkande bruddforsøk og avsindig gambling. Sportsdirektørane har full kontroll over det som skjer og styrer sykkelmarionettane med kirurgisk prestasjon. 

Hovudargumentet for radiosambandet er tryggleiken. At det er viktig for ryttarane å vita om eventuelle farer lenger framme i løypa, anten det er lokale regnskyll som gjer utforkjøringa såpeglatt eller bussar som står fast i målseglet. Dette er jo unekteleg eit veldig godt argument. Eller: Det hadde vore eit godt argument viss det hadde fungert. For kva skjedde på laurdag då målet blei flytta fram og tilbake? Radiosambandet strauk så det sang.

Fleire av ryttarane fekk aldri beskjed frå laget sitt. Vinnaren høyrde om både bussen og flyttinga av målet for fyrste gong under sigersintervjuet. Andre forstod ikkje meldinga fordi lagleiinga informerte på eit språk ikkje alle på laget forstod så bra. Mens atter andre fekk hendingane med seg og førebudde seg til tidleg spurt. Og dermed blei det lett panikk og knall og fall.

Eg trur ikkje at det er så vanskeleg å sameina ønsket om opnare og mindre direktørstyrte ritt med radiosamband for å auke tryggleiken på den andre. Løysinga burde vera såre enkel: Erstatta laga sine radiosamband med eit nøytralt, arrangørstyrt samband som informerer om det løparane må vita for å koma heilskinna til mål. Då får alle ryttarane den same beskjeden, gjerne på 2-3 ulike språk, og så slepp dei å uroa seg over tryggleiken. I staden kan dei bruka hovudet til å legga sin eigen meir eller mindre meiningsfylte taktikk.

Eg trur det hadde blitt meir underhaldande sykkelritt slik.

lørdag 15. juni 2013

Gjensidige, kunden og ein som nytta høvet

For eit par dagar sidan kunne Aftenposten melda at kvar fjerde ungdom synes det er greit å svindla forsikringsselskapet sitt ved å plussa litt ekstra på erstatningskravet. Heldigvis er moralen betre i høgare aldersgrupper, men i alderen 40-59 er det framleis 6% som meiner at "det kan godtas av og til" å plussa på kravet. Det var ein av desse eg traff på utanfor Trondheim Spektrum for eit drøyt år sidan.

Eg blei skrekkeleg sur på han, men direkte forbanna på forsikringsselskapet mitt, som absolutt ikkje skal få vera anonyme her. Det heiter Gjensidige. Så kva skjedde?

Eg hadde vore på handballkamp mellom Byåsen og Larvik. Hallen var fullstappa, og det var parkeringsplassen òg. Etter mykje om og men hadde eg funne ein noko knøvlete plass, og då eg lirka meg ut med rygging mellom bilar og ein grøftekant etter kampen, gjekk det ikkje betre enn at eg så vidt sneia borti bilen føre meg. Touchen var så liten at eg verken kjende eller høyrde det sjølv, og eg hadde ikkje oppdaga det om ikkje passasjeren min hadde gjort meg merksam på det. 

Eigaren sat i den andre bilen, og såg nærast nøgd ut då han kom ut og straks utbraut: "Me må skriva skademelding!" Javisst, tenkte eg, men det var ein underleg fyrste kommentar. Eg svara at me fyrst måtte sjå om det var nokon skade. Det var han samd i, om enn litt motvillig.

Fyrst såg me heller ingen skade, men etter å ha skrubba vekk litt skit frå støtfangaren hans, såg me to bittesmå riper på baksjermen, like over hjulet. Gutungen hans heldt fast på at han ikkje såg nokon skade, men faren ba han halda kjeft. Personleg hadde eg ærleg talt gitt blaffen om det var min bil. Det gjorde ikkje han, og det var jo greitt nok. Det var no ein gong min feil. Surt var det sjølvsagt, men eg tenkte at det umogleg kunne bli så dyrt. 

Men det blei det. Etter ei god stund kom det brev frå Gjensidige om at skaden var taksert til 15000. Rekninga mi blei rett nok mykje mindre, men eg såg fort at dette umogleg kunne stemma. Derfor ringte eg Gjensidige og fortalte ei surmaga kjerring at eg var skeptisk til denne takseringa, som sjølvsagt var gjort av motparten sitt selskap. "Og sidan du har feilen, godtar me takseringa," konkluderte ho. 

Det viste seg at det hadde dei gjort utan å sjå rekninga frå verkstaden og kva som var gjort. Derfor ba eg om å få sjå rekninga. "Då må du kontakta det andre selskapet," sa servicemedarbeidaren. "Kva? Gjensidige er jo min representant. De må då gjera det for kundane. Det er jo ikkje lett for meg å få tak i slikt. Det er jo mellom anna difor ein har forsikring: For å få hjelp i forsikringssaker," sa eg i ein noko forundra tone som sikkert ikkje var så hjarteleg som han kunne ha vore. 

Etter litt om og men - utruleg nok - ga ho seg og lova å skaffa spesifikasjonane frå det andre selskapet. Etter eit par veker kom det i postkassa. Det var som eg venta: Sniken hadde venta på at nokon skulle sjå hardt på bilen hans slik at han kunne få fiksa ymse andre feil på forsikringsselskapet og ein annan sjåfør si rekning. Han hadde mellom anna skifta den eine baklykta, sjølv om ho ikkje kunne ha blitt skada under "samanstøyten" vår. I fylgje Gjensidige sitt fylgjebrev var derimot skadane i tråd med det som hadde skjedd på parkeringsplassen.

Det var dei på ingen måte, noko eg ringde og fortalte dei. Eg la til at denne personen ikkje berre påførte meg ekstra utgifter, men at han og svindla Gjensidige for truleg ein femsifra sum. Det var dei ingenlunde interesserte i å undersøkja. 

Eg kan forstå at selskapet ikkje går i krigen for så små summar, men dei treng ikkje nettopp støtta motparten blindt og vera direkte småfrekk mot kunden som varslar om ein sannsynleg svindel. Dei kunne til dømes ha sagt: "Greit, me skal ta ein ny kikk på skademeldinga og vurdera saken." Og om det ikkje var mogleg, eller om dei ikkje kunne konkludera med svindel, kunne dei i det minste ha sagt noko slikt som: "Takk for tipset. Me skal notera namnet hans til eventuelle seinare saker og varsla selskapet hans." Men nei: Hjå Gjensidige er det den lurte kunden som er mest til bry.

Av denne saka trakk eg to lærdommar:

1. Skademeldinga skal ikkje berre seia kva som blei skadd, men òg kva skadar som ikkje oppstod.
2. Gjensidige - og truleg andre forsikringsselskap - synes sjølv det er greitt å bli svindla litt i ny og ne.

Og då er det ikkje så rart om mange andre òg synes det. Eg er ikkje blant dei, men om eg høyrer om nokon som har sett fyr på bilen sin eller senker båten i fjorden for å tena seg rik på Gjensidige, må nok selskapet rekna med å finna ut av dette utan mi hjelp. For eg har sjeldan blitt så dårleg mottatt som den gongen eg prøvde.

torsdag 14. mars 2013

Dell installerer - og informerer

Eg hadde knapt fått posta Google si eminente omsetjing av skildringa av eit spel før ein Dell-PC serverte denne infomative meldinga under ein installasjon. Folk som er kunnige i engelsk og data finn sikkert ut kva Dell eigentleg meiner... (Litt hjelp: C-Major er namnet på installasjonen.)
"Installere C-Major Hørlig Sjåfør og Søknadene."

tirsdag 12. mars 2013

..send meg, takk og nyt!

I helga fekk eg lyst til å sjå om eg fann eit passande sykkelspel til nettbrettet mitt. Dermed gjekk eg inn på android-app-butikken Google Play og søkte etter "cycling". Spela er jo for det meste engelskspråklege, må vita, og det er jo stort sett Google òg.

Eg fekk opp ei lang liste aktuelle og uaktuelle kandidatar. I den fyrste kategorien var det eit spel med det noko kaudervelske namnet "Bike racing spill", skildra som "speed game". Eg klikka meg inn på spelet for å lesa meir om det, og dermed fekk eg helgas språklege høgdepunkt. Skildringa sto nemleg på norsk, omset av Google sjølv, avdeling Translator. Teksten var ikkje så veldig oppklarande om spelet, forutan at det dreier seg om eit puslespel (og dermed uinteressant), men han sa ganske mykje om kvifor norskstudentane mine bør halda seg unna Google Translator:
"Dette er en sykkel og racing tema puslespill. Vårt utvalg av bildene er veldig flott, kan utvikle observasjon, tenkning og kreativitet. Spleising av spillet vanskeligere, del av sømmen er ferdig, kan du holde den drar, for å observere den andre ikke å kjempe komponentene på plass. Du er kjent med denne teknikken kan fullført det, er jeg sikker på at du vil like.

Bildet vil bli kuttet i 3x3 eller 4x4 eller 5x5 eller 6x6 komponenter, må du kjempe hele puslespillet til rett sted. Du kan klikke "Tips" for å vise bilder på nettet, når du er ferdig, kan du bruke det som bakgrunnsbilde fotografier, og inn i det neste spillet."

Så kjem nokre spesifikasjonar, som m.a. "Bilder er veldig vakker" og "Flere spill for deg å velge", før det heile blir avrunda med:
"Hvis du har noen kommentarer, vennligst send meg, takk og nyt!"

Og ein kan vel strengt tatt ikkje anna enn å nyta slikt. Vakkert er det - takk, Google!