tirsdag 3. januar 2012

Fellesstart

For den langrennsinteresserte er det gode dagar med etapperennet Tour de Ski på fjernsyn nesten kvar dag. Denne konkurransen med 9 renn på snaue to veker, blei arrangert fyrste gong for rundt fem år sidan for å gjera langrenn meir attraktiv som TV-sport. I det heile har langrennsfolket gått svært langt for å bli TV-vennlege. Altfor langt etter mi meining.

Eg mislikar til dømes fellesstartane. Eit klokt hovud fann ut at det blei for komplisert for mellom-europearane å sjå på at løparane starta individuelt og sloss mot klokka. Det måtte bli lettfatteleg: Fyrste mann til mål. Punktum. Då ville det bli meir spanande.

Men slik har det dessverre ikkje blitt. Ei fem-mil med fellestart er eit einaste stort gjesp. Dei beste løparane held seg samla til det gjenstår eit par kilometer. Då blir tempoet skrudd opp, og i den siste skråninga rykker Petter Snørrthug. Eg veit ikkje om det er løypene som er for lette, eller løparane som er for feige, men ingen prøver eller greier å stikka av frå dei andre. Det er bortkasta tid å sjå anna enn dei siste 10 minutta, særleg i herreklassen. Unntaket var 30 km under OL i Vancouver, der svenskane laga stor underhaldning med briliant taktikk. Dei gode, gamle fem-milene med intervallstart derimot...

Då kunne du fylgja løpsutviklinga til kvar enkelt frå passeringspunkt til passeringspunkt. Løparane var overlatt til seg sjølv i einsam kamp mot klokka, og då kunne litt av kvart henda. Den som hadde opna for hardt, kunne ikkje gøyma seg inne i eit felt og bli trekt med. Han måtte vær så god bita tennene saman og betala prisen: sjå at forspranget minka kilometer for kilometer. Eller du hadde dei løparane som opna forsiktig og lista seg oppover resultatlistene så forsiktig at ein nesten ikkje blei obs på dei før dei gjekk i mål til andreplass.

Eit drama som duellen mellom Bjørn Dæhlie og Niklas Jonsson under OL i 1998 er det umogleg å gjenskapa i form av ein fellesstart. Dessverre. 

No driv til og med skøytesporten - den mest ubesudla av alle vinteridrettar - og leflar med fellesstart. Den spanande, 13-minutters kampen mann mot mann på 10 000 m blir for trøytsam for det moderne TV-publikumet, og fjernsynsselskapa krev endringar for å visa sporten. Resultatet er fellesstart på langdistansen, foreløpig på eit forsøksstadium. Og la oss håpa at det blir med forsøket.

Skøyteløp er ein  sport der det er relativt lett å henga på motstandarane. Den store farten gjer at det er kjempefordel å ligga bak - mykje meir enn i langrenn - og isen er naturleg nok fri for bakkar der dei beste kan setta inn støtet. Mellomdistanseløparar som elles ville blitt ein halv runde bak, kan gå til topps fordi dei greier å henga med inn og har ein god spurt. Slikt er ikkje god underhaldning. Det er berre trist. For langdistanseløparane, for dei som kjem på slike idéar og for heile skøytefolket. 

Skøytesporten må ikkje bli ei leikegrind for dei som ikkje har anna å fara med enn Snørrthug-rykk. Eg er redd fellesstart snarare skremmer bort dei ekte skøyteentusiastane enn å trekka nye massar til sporten. Det må vera noko for oss som likar å sjå  seige atletar i kamp mot mjølkesyra, mørke tankar og klokka òg. 10 000 m skøyter på tradisjonelt vis er nesten den siste arenaen for det nå som skifolket i pur velvilje har tatt livet av 5-mila si.

Det er ein grunn til at skøytesporten så å seia ikkje har endra seg sidan slutten av 1800-talet: Han fungerer.

Eg såg ein slik skøytefellesstart på TV før jul. Det var eit meiningslaust kaos, og den gamle skøytekommentatoren Per Jorsett oppsummerte det heile treffande neste dag: "Dersom det tradisjonelle ikke holder, så får sporten heller gå ned med flagget til topps."

mandag 19. desember 2011

Svart

I helga vant jeg boka Tordengudens sønn av finnen Arto Paasilinna i ei loddtrekning.  Jeg har aldri lest noe av Paasilinna før, men jeg har flere ganger tenkt at jeg skulle gjøre det, så dette passet perfekt. Praten rundt bordet kom inn på Paasilinna og bøkene hans, og den svarte humoren hans ble kommentert.

"Hva er egentlig svart humor?" spurte en. Det ble en liten diskusjon der ord som dyster og livets mørke sider ble nevnt, og vi sa oss ganske snart fornøyd med "definisjonen". Etterpå kom jeg til å tenke på at det ikke bare er humor som er svart.

Penger kan også være svarte, da som et resultat av svart arbeid, altså arbeid som det ikke betales skatt av. En pessimist kan se svart på det aller meste, men han er ikke nødvendigvis svartsynt for det. De mange svartsynte på bedehusene rundt omkring på Sør-Vestlandet kan tvert i mot være veldig optimistiske. Det må de være i sin evige kamp for de ti bud. Det 9. budet handler forøvrig om sjalusi, eller svartsjuke om du vil. Får svartsjuka overtaket, kan det til og med gå så langt at det svartner for en, og da kan det fort bli en svart dag for noen og enhver.

Nå går det derimot mot lysere dager, for om to dager snur sola.

onsdag 14. desember 2011

Heggvold ULLESTAD

Med ujamne mellomrom, og i periodar ganske ofte, får eg telefon frå folk som vil ha juridisk hjelp. Dette skuldast ikkje at eg hadde rettslære på vidaregåande og tok nokre vekttal i offentleg rett for 20 år sidan, men at namnet mitt er temmeleg likt namnet til ein profilert advokat her i byen. 

Han heiter Kjell Heggvoll. Eg heiter Kjell Heggvold Ullestad. Eg ber deg legga merke til forskjellane i namna i tilfelle du treng advokat: Han heiter Heggvoll med to l'ar. Eg heiter Heggvold med ld, og har dessutan eit anna etternamn: Ullestad. Både Heggvoll og Heggvold stammar for øvrig frå den same, delte garden i Soknedal, Sør-Trøndelag, men me er ikkje i slekt. Visse skjeringspunkt finst det likevel: I 70-årslaget til mora mi i sommar sat eg til bords med foreldrene til advokaten.

Nok om det.Det burde altså ikkje vera så komplisert å sjå forskjell på namna, all den tid eg har eit anna etternamn, og med gammaldagse telefonkatalogar hadde det ikkje vore noko problem i det heile.

Grunnen til problema er at advokatklientane søkjer etter telefonnummeret i telefonkatalogar på nettet, og då varierer det litt kva namn som kjem opp fyrst, alt etter kva stavemåte klientane vel. Det rare er likevel at dei ikkje les forbi det andre namnet. "Ullestad" tel liksom ikkje med. Andre er så smarte at dei les alle namna, men bestemmer seg for å prøva likevel. "Ja, det var det eg trudde," seier dei så når eg seier at dei har ringt feil. Kvifor i all verda ringer dei eit nummer dei trur er feil..?

Som regel går dette bra, men av og til kan det bli ganske irriterande. Det gjeld til dømes når oppringaren begynner å diskutera om eg verkeleg ikkje er advokaten, eller når dei finn ut at dei har ringt feil og likevel ringer 2-3 gonger til. Eller når folk ringer klokka 7.30 søndag morgon og både diskuterer og ringer opp att eit par gonger til for å vera sikker. Nokre har dessutan den uvanen at dei går rett på sak om dødsbu eller spørsmål om bankkontoen sin. Verst var det då ein psykiatrisk institusjon ringte og straks namnga ein pasient eg visstnok skulle vera verge for. Den same institusjonen greidde så å registrera mitt telefonnummer i advokatlista si, for så å gi nummeret til ein pasient som kontakta meg per sms. Eg synes verkeleg synd på denne pasienten som naturleg nok blei svært forvirra.

Det som òg irriterer, er mangel på normal folkeskikk. Her om dagen ringte telefonen mens eg var i ein butikk:

- Hei, det er Kjell.
- Unnskyld, kven er det?
- Det er Kjell Heggvold Ullestad.
- [Kort pause] Er det ikkje Kjell Heggvoll, advokaten?
- Nei, eg er Kjell Heggvold Ullestad. Eg er ikkje advokat.

Så var det 2 sekunders stillheit før røret blei lagt på i andre enden. Eit lite "Beklager" er då ikkje så mykje å forlanga. Spesielt ikkje klokka 7.30 søndag morgon.

Nokre morosame episodar har det òg blitt. Den fyrste gongen eg opplevde namneforvekslinga, var det Snefrid som tok telefonen. Eg stod ved oppvasken, og plutseleg høyrte eg at ho sa:

- Nei, han er bare lærer.

No er eg universitetslektor, men altså framleis ikkje advokat. Og framleis heiter eg Ullestad. 

onsdag 7. desember 2011

Über die deutsche Sprache

 "I am indeed the truest friend of the German language [...] I would only some changes effect."
Sitatet ovanfor er henta frå forfattaren Mark Twain si eiga, ordrette omsetjing av ein tale han heldt på tysk i Wien i 1897. Som tidlegare tysklærar og stolt eigar av eit tysk hovudfag har eg naturlegvis fått med meg at det finst både ein del fordommar og ein viss motvilje mot det tyske språket rundt omkring. Dette er altså langt ifrå noko nytt og femner vidare enn norsk skuleungdom.

Dei aller fleste kjenner til Gullivers reiser til Lilleput og Brobdingnag (landet med kjemper) i Jonathan Swift sin roman frå 1726. Mindre kjent er det kanskje at Gulliver også reiste til ei rekke andre land, mellom anna Hoyhnhnm-landet. Her herskar hestar over menneska, og språket deira blir skildra slik av Gulliver (kapittel 30):
"In speaking, they pronounced through the nose and throat, and their language approaches nearest to the High-Dutch, or German, of any I know in Europe; but is much more graceful and significant. The emperor Charles V. made almost the same observation, when he said "that if he were to speak to his horse, it should be in High-Dutch."
Gullivers reiser har sin nordiske halvbror i Nils Klims reise til den underjordiske verden av Ludvig Holberg (1684-1754). Forfattaren, filosofen og bergensaren Holberg meinte ganske mykje om det aller meste, og i memoarane sine sa han si hjartans meining om folkeslag og språk han hadde kjennskap til. Om tysk skriv han:
"Det Tydske Sprog er i sig selv haardt og vanskeligt, men giøres endnu vanskeligere ved det, at de vil imitere det Romerske Sprog, saasom de forvirre Ordenes naturlige Orden; thi ved det, at de skille de Ord ad, som Naturen har sammenføjet, og tage det forreste og sætte bagest, kan man ikke forstaae noget deraf, førend man kommer til Enden der af, som gierne sluttes med 2 eller 3 Verba, der styre det Foregaaende, saa at man tidt og mange gange maa læse det om igien. Denne Pinebænk kalde de Tydske Sprogets Ziir og Gravitet."
Dette ville vore musikk i øyrene til Mark Twain. Ingen - heller ikkje norske ungdomsskuleelevar som har fått tysk valfag tredd ned over hovudet av overambisiøse foreldre - kan konkurrera med den amerikanske forfattaren i antipati mot tysk språk. I 1880 ga han ut boka A tramp abroad med eit vedlegg med tittelen That Awful German Language, og det finnest ei eiga nettside med sure oppgulp om tysk signert Mark Twain. Han ville som sagt "some changes effect", nemleg:
"I would only the language method - the luxurious, elaborate construction compress, the eternal paranthesis suppress, do away with, annihilate; the introduction of more than thirteen subjects in one sentence forbid; the verb so far to the front pull that one it without a telescope discover can. With one word, my gentlemen, I would your beloved language simplify, so that, my gentlemen, when you her for prayer need, One her yonder-up understands."
Du synes kanskje at dette begynner å grensa mot hetsing, og at motparten (altså det tyske språket) må få sjansen til å forsvara seg. Som mulig motvekt til Swift, Holberg og Twain avsluttar eg med ei kort og klar melding, truleg frå ein park ein stad i Tyskland:
"Der, der den, der den am ersten dieses Monats hier angeklebten Warnungsbefehl, dass nichts in den Teich geworfen werden darf, selbst in den Teich geworfen hat, angibt, erhält eine Belohnung von 5 Mark."

fredag 2. desember 2011

Jusspråk

På gymnaset - eller vidaregåande skule, for lesarar under 30 - hadde eg rettslære. Det var eit ganske nyttig fag der me fekk litt innblikk i nyttige emne som kjøpsrett og arverett. Dessutan fekk me ei innføring i korleis ein kan trenga gjennom juridisk språk, som unekteleg kan vera temmeleg langt, tungt og krokete.

"Lovtekstar er ikkje skrivne for å bli forstått," sa lærar Jens, "dei er skrivne for ikkje å bli misforstått." Dei har lukkast ganske bra den fyrste delen av denne målsettinga i ei setning eg fann i ein boligkjøpskontrakt i går. Der heiter det (sjølvsagt på bokmål):
"Dersom selger ikke oppfyller sine forpliktelser iht. nærværende kontrakt, skal han på sin side svare til den til enhver tid fastsatte forsinkelsesrente iht. lov om forsinkelsesrente, til kjøper av den enhver tid innbetalte del av kjøpesummen inntil kontraktens bestemmelser er oppfylt."
Ein kunne sjølvsagt ha sagt (til og med på bokmål):
 "Selgeren må betale forsinkelsesrenter av den innbetalte kjøpesummen til kjøperen hvis han ikke oppfyller forpliktelsene sine i kontrakten. Rentens størrelse bestemmes av lov om forsinkelsesrente, og renten løper til forpliktelsene er oppfylt."
Men slik språkbruk kan som kjent lett misforståast. Særleg av vrange advokatar, for som ein ung advokatspire oppsummerte lærdommen i jusstudiet: "Eg blir veldig flink til å så tvil." Og då hjelper det jo med klassisk jusspråk. 

Om ein vil så tvil, altså.


torsdag 24. november 2011

For dumminger

For ei tid siden så jeg denne boktittelen i universitetsbokhandelen på Dragvoll: "Anxiety and Depression for Dummies - Workbook". Dette er bare én av mange uheldige og/eller pussige boktitler i "for Dummies"-serien, som favner om alt fra algebra til økologisk hagearbeid. 

De potensielle kjøperne av boka ovenfor, kunne for eksempel hatt minst like stor glede av "Happiness for Dummies" eller "Boosting Self-Esteem for Dummies". Andre titler er litt mer tvetydige. Hvem tenker en på som dumminger i tittelen "Coaching Volleyball for Dummies"?

Her er et knippe titler fra "2011 Catalog for Dummies":
  • Training Your Brain for Dummies
  • Being the Best Man for Dummies (Kan tolkes på to måter)
  • Smart Homes for Dummies (Tenk å være dummere enn sitt eget hjem...)
  • Vocabulary for Dummies (360 sider!)
  • Logic for Dummies (Ikke den enkleste boka i serien)
  • Running a Restaurant for Dummies (Hvorfor?)
Og til slutt boka for meg og mine kolleger (i norsk utgave, selvfølgelig): "Teaching English as a Foreign Language for Dummies".

fredag 11. november 2011

Best før

For eit par månader sidan hadde eg nokre innlegg her som gjorde at nokon lurte på om eg begynte å få litt alderskrise. Innlegga handla om at ei vekt stempla livsstilen som uttrygg og at eg fekk lesebriller. Det er ingenting mot det som hende i går:

Eg skulle hella litt potetgull i ei skål då eg fekk auge på utløpsdatoen. Under merkelappen "Best før" stod datoen for 40-årsdagen min...