søndag 11. juni 2023

Hustrig comeback - og eit lite jubileum

Sist helg sykla eg mosjonsrittet Tour de Frøya på ..., ja, på Frøya. For meg var dette eit comeback sidan det var ganske nøyaktig fem år sidan sist ordinære mosjonsritt (eller turritt, om du vil). Dessutan var det min fyrste start på Frøya - i eit ritt som eg hadde høyrt mykje fint om.

Vêrmeldinga la derimot ikkje opp til at det skulle bli noka stor oppleving. Gjennom veka hadde yr.no lova varierande grad av kaldt blåsevêr med tilhøyrande regn, men varselet var litt meir optimistisk på rittdagen. Det var ganske brukbart då eg starta frå Trondheim kl. 8.30, men både vind og regn tiltok utover mot kysten, og då eg kom opp av Frøyatunnelen, plaska det ned og trea stod i 60 graders vinkel. Gradestokken nøydde seg derimot med åtte grader. 

På mirakuløst vis letta det den siste timen før rittet. Dermed kom me oss i alle fall tørrhjulte rundt sjølv om vinden framleis var noko hustrig, utan at eg tar for hardt i. Dei to fyrste mila i motvind gjekk i heile 21 km/t... Men så gjekk det jo tilsvarande lettare og fortare den andre halvdelen. Dermed kom eg greitt rundt som nr. 79 av 165 på ein time og 48 minutt sjølv om dagsformen ikkje var den beste.

Men uansett vêr og eigen dagsform var det ei hyggjeleg oppleving. Frøyværingane kan det med å arrangera sykkelritt. Touren er tydelegvis ein kollektiv happening der halve befolkninga stiller på dugnad og den andre halvdelen som heiagjeng langs løypa. Trass i den kalde vinden var det liv og røre med musikk, flagg, dans og applaus i kvar einaste bygd og grend. Ja, for ein sart ryfylking med haugianske aner blei det nesten litt valdsamt til tider...

Det var eit mosjonsritt slik det skal vera. God stemning og deltakarar av alle slag: unge og gamle, på racersyklar, offroadar og tandemsyklar. Ja, til og med to trehjulsyklar med to seter. Herleg! I førpandemisk tid og i solskin var det nok ei himla stemning, vil eg tru. Eg ser ikkje bort ifrå at det blir ein ny tur neste år, særleg om trøndersommaren skulle stikka innom.


Comebacket var òg eit lite jubileum: mitt 50. mosjonsritt sidan debuten i 1990. Det hadde vore fleire om det ikkje var ein 14 år lang pause mellom ritt nummer to og tre...

Dei femti startane fordeler seg på 28 ulike ritt, i kronologisk rekkefylgje: Rogalandsrittet, Jadarrittet, Storsjön runt, Markathriller'n, Byneset-Klæbu rundt, Trondheimsfjorden rundt, Sjælland rundt, Styrkeprøven Trondheim-Oslo, Bergmannsrittet, Hemnerunden, Vätternrundan, Telemark Tours, Selbu rundt, Rissa rundt, Minikarolinerrittet, Victoriarunden, Vasatrampet, Austrått Grand Prix, Trondheimsrittet, Tour of Jämtland (Trondheim-Åre), Hitrarittet, Siljan runt, Stærk, Snåsavatnet rundt, Smøla rundt, Olsokrittet, Tour de Tomtvatnet og Tour de Frøya - i alt 6365 km og eit utal opplevingar.


torsdag 30. mars 2023

Minnebøker

Då eg gjekk på barneskulen rundt 1980, hadde me minnebøker der klassekameratar, andre vener, familiemedlemmar m.m. skreiv helsingar slik at eigaren av boka skulle minnast ein resten av livet. Berre få år seinare dukka skuledagbøkene opp. Der svarte venene på prefabrikerte spørsmål som "Favorittfarge" og "Verste fag på skulen", men i minnebøkene måtte ein vera kreativ og laga helsinga sjølv.

Ofte var det så som så med kreativiteten. Det gjekk mykje på standardhelsingar som: 

Mi adresse er som før - opp ei trapp og inn ei dør.

eller:

Hei på deg! Tre ord på snei! Du er grei!

for ikkje å snakka om denne klassikaren som har illustrert mangt eit minnebok-bidrag gjennom åra:

     L
    VEL
     V 

Delvis fordi helsingane gjerne (les: alltid) var så upersonlege, er det nok sjeldan takk vere minneboka ein hugsar gamle kjende. Eg hugsar til dømes ikkje den gode klassekameraten Gunnstein fyrst og framst på grunn av desse linene:

Eg skriv ditt navn med prikker. Håper de ikke stikker.

At eg framleis hugsar tidlegare klassekamerat og besteven Henning godt, skuldast heller ikkje denne noko avkorta helsinga - som i seg sjølv grensar til å vera ufrivillig minneverdig:

Sol ute sol et lite minne.

Dei som hadde minnebok sjølv, veit kva ord som manglar. Dei seriøse helsingane av meir personleg karakter kom frå dei vaksne som skreiv. Då kunne det vanka både personleg ros og bibelvers. Derfor inneheld minneboka også eit par ganske hyggjelege og varmande innslag. Innlegget til storebroren min, datert 10. juni 1981, er derimot ikkje blant dei:

Kjell Skrue står på hue i ei diger maurtue.

Sist eg var heime i Årdal, kom eg over den gamle minneboka til far frå tidleg på 1950-talet. Den var ganske annleis enn minneboka mi. Tidsanden var ei anna snautt ti år etter krigen, og venene hans hadde ein svært så vaksen og høgtideleg tone. Det gjekk mest på sitat frå nasjonalromantiske og oppbyggjande dikt, moralske tankar og bibelvers. Det heile var sirleg skrive og tidvis fint illustrert med teikningar, men temmeleg upersonleg, som flosklane i boka mi. 

Men det var eitt unntak: Liv. Ho hadde forstått poenget med minneboka og sa det rett ut i den beste minnebokhelsinga eg har sett. Liv skreiv:

Gløymer du meg, så nåde deg!

Og det funka: Far hugsa Liv, han, trass i at han ikkje hadde sett henne sidan skuledagane. 


søndag 12. februar 2023

Bruk refleks, sa bygda

Eg kjem frå ei lita bygd, og eg hugsar korleis heile bygda samla seg i stoveglasa før då me høyrde lyden av helikopter som kom inn frå fjorden. Den lyden fortalde oss at ein eller annan i bygda hadde vore uheldig eller blitt alvorleg sjuk. Alle fylgde lysa frå helikopteret for å sjå kor det gjekk ned. Kven var den uheldige? Korleis gjekk det med hen? At alle storma til stoveglaset, var sjølvsagt eit uttrykk for ektefølt nysgjerrigheit, men òg for omsorg.

Det er ofte ein floskel at alle tar vare på og viser omsorg for kvarandre i små bygder. Men av og til stemmer det, og då er det ganske hyggjeleg og fint. Og no har bygda vist omsorg for far på ein sjarmerande måte.

Det er inga overdriving å seia at far begynner å dra på åra, men han går framleis sin daglege runde på dårleg opplyste og til dels sterkt trafikkerte vegar. Det viser seg at fleire i bygda har reagert på at han er litt lite reflektert - i ordets mest konkrete tyding: Han er vanskeleg å sjå når han er ute og går. I mørket er som kjent alle kattar grå, og far er til alt overmål stort sett kledd i grått. Naboar og lastebilsjåførar har visstnok gitt uttrykk for at han burde gjera noko for å bli sett betre, og no har altså bygda tatt saka i eigne hender:

Her om dagen låg det ein flunke ny refleksvest frå eit lokalt firma i postkassen til foreldra mine. Det er omsorg i praksis. Far er for øvrig veldig nøgd med vesten og brukar han flittig.

Heia Årdal!

onsdag 25. januar 2023

Hjelp, han vil ha melk!

Eg drikk ikkje kaffi. Eg likar det ikkje, så når me er på kafé, drikk eg vanlegvis te eller brus. Men av og til får eg rett og slett lyst på eit godt, gammaldags glas med melk. Melk og rosinbolle. Ja, det er barnleg - men kva så? Det er godt! 

Problemfritt er det ikkje å ha slike eksklusive vanar. Kafear og konditori no til dags er nemleg ikkje førebudde på at vaksne folk kan finna på å bestilla eit glas melk. "Melk" finst oftast ikkje på menyen, trass i at det sjølvsagt står minst éin melkekartong i kjøleskapet og glas på benken. Dermed fører orda "ei rosinbolle og eit glas melk, takk" gjerne til full forvirring. "Melk? Har me melk? Kva kostar eit glas melk? Kva glas skal eg bruka? Korleis slår eg det inn?" Desse og gjerne fleire spørsmål svirrar i hovudet til seljaren, og hen blir sett på ein hard test i improvisasjonsevner. Slik har det seg at eg har betalt alt frå fem til 25 kroner for melkeglaset - i den same kafeen.

Morosamast var det hjå Melhus bakeri på Valentinlyst under pandemien. Både eg og jenta hadde munnbind, og då ser ein som kjent berre augene. "Kan eg få eit glas melk", spurde eg, og augene over munnbindet lyste av skrekk og panikk. Hadde eg sett heile ansiktet, hadde ho nok berre sett passe usikker ut heller enn panisk, men eit artig døme på munnbindets kommunikasjonshemmande kraft var det.

I helga var me på Valentinlyst igjen. No har Melhus bakeri blitt til Rosenborg bakeri, men heller ikkje dei har melk på menyen. Eg ville ha ... - ja, de veit kva eg ville ha - og Snefrid gjekk og bestilte for oss. Eg blei sittande ved bordet og kika på nyheiter på mobilen, men etter ei lita stund merka eg at det var kaostendenser bak disken. Tre jenter virra rundt og var i heftig villreie. Det blei til slutt for vanskeleg og til slutt blei eg ropt bort til disken av Snefrid. Spørsmålet eg måtte hjelpa jentene med, var:

- Kva pleier du å betala for melka?

Det har som sagt variert, så eg sa eg trudde det var rundt 20 kroner. Dermed blei det prisen. Dessverre var den siste rosinbolla nettopp seld, så det blei rosinfri bolle. Men det blei melk.

tirsdag 18. april 2017

Eit ekstraordinært liv

På laurdag kunne Dagbladet melda at den eldste personen i verda, italienske Emma Morano, hadde døydd, 117 år gammal. Ho var fødd den 29. november 1899. No skal ein rett nok ta høgde for at det finst eldre folk. Det er nokre som hevdar å vera ein god del eldre enn Morano, utan at dei kan bevisa det, men ut ifrå det me veit, var ho den siste gjenlevande personen som var fødd på 1800-talet.

På eit vis kan me dermed seia at sjølve 1800-talet tok slutt den 15. april 2017. Tenk litt over det: Alle menneska og tankane som fantest då, er borte no. Slik sett var dette dødsfallet verd å merka seg utover at Guiness må endra eit namn i rekordboka si.

Emma Morano blei fødd i eitt århundre og levde gjennom eitt heilt før ho døydde i eit tredje. Neste gong nokon kan skryta på seg å ha levd eit heilt, kalendarisk århundre, blir 1. januar 2100. Slikt skjer altså ikkje kvar dag.

Dette er derimot ikkje det mest uventa i Dagbladet sin artikkel. Den store sensasjonen kjem for dagen når Dagbladet siterer NTB som har snakka med ordføraren i Verbania, heimbyen til Emma Morano. Han skal ha sagt:

- Hun levde et ekstraordinært liv [...]

Tenk å få eit ekstraordinært liv, då! Det er dei færraste forunt å få eit ekstra liv utanom det som opprinneleg var planlagt. Det er nemleg den tradisjonelle tydinga av "ekstraordinær" på norsk, jamfør "ekstraordinær generalforsamling".

No for tida ser ein derimot dette ordet stadig oftare i tydinga "spesielt, særs bra", men det kan fort laga ugreie. For kva er då ei ekstraordinær generalforsamling? Er det ei generalforsamling ein kalla inn til på grunn av spesielle hendingar, eller er det berre ei knakande god generalforsamling?

Det er ikkje uproblematisk når ein ukritisk tar i bruk engelske ord i norsk språkdrakt og desse kolliderer med ei anna tyding av det same ordet i norsk. Slikt fremmer ikkje kommunikasjon. Det lagar støy og moglege misforståingar. Og i ein gitt situasjon kan det jo til og med bli kritisk.

Og då meiner eg kritisk som i "Kritisk at DNBs nettbank er nede igjen" (P4.no), ikkje som i NRK Finnmark si nyheitssak om eit 700 km langt sykkelritt med den noko forvirrande og garantert feilinformerande tittelen "Kritisk at de får sove". For 700 km på sykkelen utan søvn kan fort bli verkeleg kritisk...

fredag 10. juli 2015

Idrettar me ikkje har 3: Tsjokball

Sidan me ikkje har denne idretten, har me heller ikkje noko namn på han, og eg har heller ikkje funne noko namn på svensk eller dansk. Tsjokball er mi eiga omsetting av det tyske namnet Tchoukball, som òg blir brukt på andre språk og som tyder... tja, ingenting faktisk. Idretten har rett og slett namn etter den lyden som kjem når ein skårer.

Tsjokball framstår som den ultimate gymtime-sporten, med full fart, masse mål, lite utstyr og tilsynelatande enkle reglar. Det er ein lagsport (7 spelarar på kvart lag) som kan minna om handball, men i staden for vanlege mål med keeper, er det ein liten skråstilt trampoline i kvar enden av banen. Rundt trampolinane er det ein sone, og ein lagar mål ved å kaste ballen på trampolina slik at han sprett utanfor sona og går i golvet utan at nokon fangar han. Når ballen treff trampolinen, seier det visstnok "tsjok", ifylgje dei som driv med dette, og derav det litt spesielle namnet.

Det er også eit par andre ting som skil tsjokball frå handball:
  • Ein kan skåra i begge endar av banen. Begge lag spelar altså begge vegar. Slik blir det tempo av!
  • Kroppskontakt er forbudt. Det er det definitivt ikkje i handball... 
  • Det angipande laget kan berre bruka tre pasningar før dei må skyta.
  • Nokre regelbrot og feil gir mål til motstandarlaget. 
Tsjokball blei oppfunne i 1970 av den sveitsiske idrettslegen Hermann Brandt, som syntes at aggresjon og fysisk kontakt i idrett førte til for mange skadar. I tillegg skulle den nye sporte fremja god sportsand, eller fair play. Brandt sin idrett blei spesielt populær i Taiwan, som har dominert dei internasjonale meisterskapa. I VM i 2011 deltok 12 land frå Europa, Asia og Sør-Amerika.

Her er ein liten smakebit av tsjokball, eller tchoukball, som det offisielt heiter:


 

onsdag 24. juni 2015

Gummibåt: Ggefe fakfa ga eidiednv

Det er litt uklart koss marknadsavdelinga til Biltema har greidd dette, men resultatet er strålande og minneverdig så det held. Eg snakkar om skildringa av gummibåten til kr. 3499 på side 5 i reklameheftet som dumpa ned i postkassa i dag, og som ga meg ei god unnskulding for å blåsa nytt liv i tavla mi.

Kanskje var det ein tekstforfattar som var litt seint ute, og for å halda styr på layouten klaska ein ned nokre bokstavar for å hugsa at her skal det stå noko lurt om gummibåten. Men så kom aldri teksten. Eller han blei aldri lagt inn. Eller nokon tenkte at pokker òg - lat oss sjå kva som skjer viss me...

Og Biltema kastar ikkje vekk tida på plagsom korrekturlesing. Korfor skulle dei det når dei store riksavisene ikkje gjer det? Dermed gjekk det som det gjorde, og annonseteksten blei som han blei:
"Gummibåt.
Ggefe fakfa ga eidiednv envaen voaendovn evnenvn ego dvnvnevoednedn enfoef e d fe"
Du skjønar problemet, ikkje sant? Du ser at det manglar punktum sist i setninga?