lørdag 15. juni 2013

Gjensidige, kunden og ein som nytta høvet

For eit par dagar sidan kunne Aftenposten melda at kvar fjerde ungdom synes det er greit å svindla forsikringsselskapet sitt ved å plussa litt ekstra på erstatningskravet. Heldigvis er moralen betre i høgare aldersgrupper, men i alderen 40-59 er det framleis 6% som meiner at "det kan godtas av og til" å plussa på kravet. Det var ein av desse eg traff på utanfor Trondheim Spektrum for eit drøyt år sidan.

Eg blei skrekkeleg sur på han, men direkte forbanna på forsikringsselskapet mitt, som absolutt ikkje skal få vera anonyme her. Det heiter Gjensidige. Så kva skjedde?

Eg hadde vore på handballkamp mellom Byåsen og Larvik. Hallen var fullstappa, og det var parkeringsplassen òg. Etter mykje om og men hadde eg funne ein noko knøvlete plass, og då eg lirka meg ut med rygging mellom bilar og ein grøftekant etter kampen, gjekk det ikkje betre enn at eg så vidt sneia borti bilen føre meg. Touchen var så liten at eg verken kjende eller høyrde det sjølv, og eg hadde ikkje oppdaga det om ikkje passasjeren min hadde gjort meg merksam på det. 

Eigaren sat i den andre bilen, og såg nærast nøgd ut då han kom ut og straks utbraut: "Me må skriva skademelding!" Javisst, tenkte eg, men det var ein underleg fyrste kommentar. Eg svara at me fyrst måtte sjå om det var nokon skade. Det var han samd i, om enn litt motvillig.

Fyrst såg me heller ingen skade, men etter å ha skrubba vekk litt skit frå støtfangaren hans, såg me to bittesmå riper på baksjermen, like over hjulet. Gutungen hans heldt fast på at han ikkje såg nokon skade, men faren ba han halda kjeft. Personleg hadde eg ærleg talt gitt blaffen om det var min bil. Det gjorde ikkje han, og det var jo greitt nok. Det var no ein gong min feil. Surt var det sjølvsagt, men eg tenkte at det umogleg kunne bli så dyrt. 

Men det blei det. Etter ei god stund kom det brev frå Gjensidige om at skaden var taksert til 15000. Rekninga mi blei rett nok mykje mindre, men eg såg fort at dette umogleg kunne stemma. Derfor ringte eg Gjensidige og fortalte ei surmaga kjerring at eg var skeptisk til denne takseringa, som sjølvsagt var gjort av motparten sitt selskap. "Og sidan du har feilen, godtar me takseringa," konkluderte ho. 

Det viste seg at det hadde dei gjort utan å sjå rekninga frå verkstaden og kva som var gjort. Derfor ba eg om å få sjå rekninga. "Då må du kontakta det andre selskapet," sa servicemedarbeidaren. "Kva? Gjensidige er jo min representant. De må då gjera det for kundane. Det er jo ikkje lett for meg å få tak i slikt. Det er jo mellom anna difor ein har forsikring: For å få hjelp i forsikringssaker," sa eg i ein noko forundra tone som sikkert ikkje var så hjarteleg som han kunne ha vore. 

Etter litt om og men - utruleg nok - ga ho seg og lova å skaffa spesifikasjonane frå det andre selskapet. Etter eit par veker kom det i postkassa. Det var som eg venta: Sniken hadde venta på at nokon skulle sjå hardt på bilen hans slik at han kunne få fiksa ymse andre feil på forsikringsselskapet og ein annan sjåfør si rekning. Han hadde mellom anna skifta den eine baklykta, sjølv om ho ikkje kunne ha blitt skada under "samanstøyten" vår. I fylgje Gjensidige sitt fylgjebrev var derimot skadane i tråd med det som hadde skjedd på parkeringsplassen.

Det var dei på ingen måte, noko eg ringde og fortalte dei. Eg la til at denne personen ikkje berre påførte meg ekstra utgifter, men at han og svindla Gjensidige for truleg ein femsifra sum. Det var dei ingenlunde interesserte i å undersøkja. 

Eg kan forstå at selskapet ikkje går i krigen for så små summar, men dei treng ikkje nettopp støtta motparten blindt og vera direkte småfrekk mot kunden som varslar om ein sannsynleg svindel. Dei kunne til dømes ha sagt: "Greit, me skal ta ein ny kikk på skademeldinga og vurdera saken." Og om det ikkje var mogleg, eller om dei ikkje kunne konkludera med svindel, kunne dei i det minste ha sagt noko slikt som: "Takk for tipset. Me skal notera namnet hans til eventuelle seinare saker og varsla selskapet hans." Men nei: Hjå Gjensidige er det den lurte kunden som er mest til bry.

Av denne saka trakk eg to lærdommar:

1. Skademeldinga skal ikkje berre seia kva som blei skadd, men òg kva skadar som ikkje oppstod.
2. Gjensidige - og truleg andre forsikringsselskap - synes sjølv det er greitt å bli svindla litt i ny og ne.

Og då er det ikkje så rart om mange andre òg synes det. Eg er ikkje blant dei, men om eg høyrer om nokon som har sett fyr på bilen sin eller senker båten i fjorden for å tena seg rik på Gjensidige, må nok selskapet rekna med å finna ut av dette utan mi hjelp. For eg har sjeldan blitt så dårleg mottatt som den gongen eg prøvde.

torsdag 14. mars 2013

Dell installerer - og informerer

Eg hadde knapt fått posta Google si eminente omsetjing av skildringa av eit spel før ein Dell-PC serverte denne infomative meldinga under ein installasjon. Folk som er kunnige i engelsk og data finn sikkert ut kva Dell eigentleg meiner... (Litt hjelp: C-Major er namnet på installasjonen.)
"Installere C-Major Hørlig Sjåfør og Søknadene."

tirsdag 12. mars 2013

..send meg, takk og nyt!

I helga fekk eg lyst til å sjå om eg fann eit passande sykkelspel til nettbrettet mitt. Dermed gjekk eg inn på android-app-butikken Google Play og søkte etter "cycling". Spela er jo for det meste engelskspråklege, må vita, og det er jo stort sett Google òg.

Eg fekk opp ei lang liste aktuelle og uaktuelle kandidatar. I den fyrste kategorien var det eit spel med det noko kaudervelske namnet "Bike racing spill", skildra som "speed game". Eg klikka meg inn på spelet for å lesa meir om det, og dermed fekk eg helgas språklege høgdepunkt. Skildringa sto nemleg på norsk, omset av Google sjølv, avdeling Translator. Teksten var ikkje så veldig oppklarande om spelet, forutan at det dreier seg om eit puslespel (og dermed uinteressant), men han sa ganske mykje om kvifor norskstudentane mine bør halda seg unna Google Translator:
"Dette er en sykkel og racing tema puslespill. Vårt utvalg av bildene er veldig flott, kan utvikle observasjon, tenkning og kreativitet. Spleising av spillet vanskeligere, del av sømmen er ferdig, kan du holde den drar, for å observere den andre ikke å kjempe komponentene på plass. Du er kjent med denne teknikken kan fullført det, er jeg sikker på at du vil like.

Bildet vil bli kuttet i 3x3 eller 4x4 eller 5x5 eller 6x6 komponenter, må du kjempe hele puslespillet til rett sted. Du kan klikke "Tips" for å vise bilder på nettet, når du er ferdig, kan du bruke det som bakgrunnsbilde fotografier, og inn i det neste spillet."

Så kjem nokre spesifikasjonar, som m.a. "Bilder er veldig vakker" og "Flere spill for deg å velge", før det heile blir avrunda med:
"Hvis du har noen kommentarer, vennligst send meg, takk og nyt!"

Og ein kan vel strengt tatt ikkje anna enn å nyta slikt. Vakkert er det - takk, Google!

søndag 10. mars 2013

Idrettar me ikkje har 1: Padel

Noreg har nettopp sanka bøtter og spann med gullmedaljer i vinteridrettar som store delar av verda har eit svært så perifert forhold til. Eg meiner: Kor mange i Brasil kjenner til nordisk kombinert? Tilsvarande finst det mange fascinerande idrettar - store og små - som er ukjende for nordmenn flest. Dette skal handla om ein slik idrett: Padel.

Eg sat på eit hotellrom i Barcelona og zappa då eg kom over ein racketsport eg aldri hadde sett før. Det minna om ei kryssing av tennis og squash, og det gjekk styggfort. Underhaldningsverdien var høg med mange spektakulære ballvekslingar og uventa krumspring av dei fire spelarane.

Det var fyrst vel heime eg fann ut at det var padel, eller padeltennis på svensk, eg hadde sett. (Idretten er så ukjent i Noreg at eg ikkje har klart å finna det norske namnet, om han har noko norsk namn.) Det er eit racketspel som blir spelt inne i eit glasbur på 10 x 20 meter. Ein speler alltid double, altså to mot to, og spelarane står på kvar si side av eit nett, som i tennis. Poengsystemet er også som i tennis.

Det som gjer padel spektakulært, er at veggene i buret er ein del av banen. Når ballen kjem frå motstandaren, kan du la han gå i veggen bak deg, for så å dundra til han på tilbakevegen. Dette gjer at tempoet blir ekstremt høgt, og ein får mange uventa situasjonar. Det er til og med lov å slå ballen ut gjennom dørene på langsidene, og då spring sjølvsagt spelarane ut av buret for å slå han inn igjen. Padelspelarar gir seg ikkje så lett.

Padel blei oppfunnen i Mexico i 1969, og er spesielt stort i Spania og Sør-Amerika. Det har vore arrangert VM sidan 1992, og Argentina og Spania har dominert desse stort både for kvinner og menn.

Som TV-sport var padel svært så bra, og det må vera utruleg gøy å spela padel sjølv. For ikkje å snakka om kor god mosjon det må vera! Her er ein liten smakeprøve:


onsdag 6. mars 2013

Visst kjenner alle Årdal...

Då eg kom heim i dag, kunne Snefrid fortelja at ho hadde diskutert familiane Soppeland og Vadla i Årdal med frisøren her i Trondheim i dag. No skal eg skunda meg å legga til at "diskutert" er ei sterk overdriving, og at det på ingen måte er snakk om sladder av noko slag. Det var berre det at ad underlege vegar i samtalen hadde det kome fram at frisøren hadde tilbrakt nokre år av barndomen i Årdal i Ryfylke. Og derfor kjende ho til desse familiane.

Snefrid blei ikkje så lite overraska over dette, og frisøren blei ikkje mindre overraska då Snefrid fortalte at mannen hennar kom derfrå, og at ho var der seinast i jula. Frisørdama hadde aldri møtt nokon som kjende til Årdal før.

Dette veit eg alt om. Årdal i Ryfylke er ei lita bygd midt i Ryfylke, og om du seier at du kjem frå Årdal, tenkjer alle på Øvre Årdal i Sogn og Fjordane. Til og med folk i Stavanger. Derfor seier eg vanlegvis det same som frisørdama hadde sagt fyrst: ein liten stad nær Stavanger. Årdalsbuen har aldri sett det store behovet for å flagga heimbygda for ivrig.

Men no lurer eg på om Årdal er meir kjend enn eg har trudd.

Alt for ti år sidan hadde eg ein kollega her i byen som heitte Ramsfjell, og som stamma nettopp frå den fjellgarden, som ligg ikkje langt frå Årdal. Så ho hadde vore fleire gonger i Årdal, ho. Og no kjenner ikkje mindre enn to av dei næraste kollegane mine på NTNU til sandbygda i Hjelmeland kommune. Det er ikkje så rart at ho frå Stavanger har vore der, men det kom som ei overrasking at den franskfødde trønderen hadde ei svigertante i bygda - som endåtil er omgangsven med mora mi. Han er forøvrig den siste i kollegiet som var i Årdal.

Elles har eg gjennom åra ein sjeldan gong møtt folk som har nikka halvvegs gjenkjennande til namnet, eller i det minste har kjent til ei av nabobygdene. Men det statistisk mest usannsynlege opplevde eg på ein campingplass i Särna i Midt-Sverige. Der traff eg på eit rogalandspar som hadde gjort svenskar av seg. No var dei på biltur, og målet for reisa var eit 70-årslag i - ja, treng eg eigentleg seia det? - Årdal i Ryfylke.

tirsdag 18. desember 2012

Med magnesium mot migrene

Eg er blant dei seks prosenta blant den norske menn som er plaga av migrene, men eg er heldigvis av dei som er lite plaga. Mens nokre har hyppige anfall der dei går ned for telling i eit par dagar med oppkast og full pakke, har eg sjeldne og ganske kortvarige angrep som heller ikkje er så sterke.

Det startar alltid med plutselege synsforstyrringar som kjem utan noka form for førevarsel. Som regel er det ein regnbogefarga, flikrande halvsirkel midt i synsfeltet, gjerne saman med eit liknande felt i over-, under- eller ytterkanten av synsfeltet. Dette fargeskodespelet hadde sikkert vore ganske fint på himmelen nattestid, men som ein del dominerande del av synsinntrykket er det ikkje særleg stas. Det blir umogleg å fokusera, og eg blir ganske svimmel. Halvsirkelen og dei flikrande felta flyttar seg så gradvis ut av synsfeltet, alltid mot venstre, for så å forsvinna, og 30-45 minutt etter at det fyrste symptomet kom, kjem hovudpina.

Vanlegvis går det ikkje lenger enn til hovudpine i mitt tilfelle. Men eg har erfart at eg òg kan bli skikkeleg sjuk om eg ikkje gjer det rette når anfallet kjem.

Det rette har inntil nyleg vore dette: Éin almogran så kjapt som mogleg, og så sova eit par timar. Og etterpå er eg meir eller mindre frisk frå migrenen bortsett frå ein slags hangover som også sit i neste dag. I og med at anfalla er så moderate, trur eg at almogranen slår meg like mykje ut som sjølve migrenen. Det er trass alt raude trekantar og ymse åtvaringar på pakka. Men i det siste har eg prøvd noko anna.

Magnesium. Eg fekk tipset av Snefrid som hadde funne det i ei bok. Eg leste det òg, og tenkte at eg ville prøva det. Viss eg slepp å ta raud-trekant-medisin, er det verdt det. Migrene skuldast visstnok ei plutseleg innsnevring av blodårer, og etter det eg har forstått, hjelper magnesium gjennom at det får årene til å slappa av igjen. Med tanke på at magnesium hjelper mot muskelkramper, er ikkje denne forklaringa usannsynleg. Og på magnesiumpakka er det ingen raude trekantar.

Derfor har eg droppa heile almogranen dei siste fire-fem gongane eg har fått migrene og heller tatt 1-2 magnesiumtablettar så snart som råd. Effekten har vore over all forventning:

Synsforstyrringane går sin gang, men det kjem inga skikkeleg hovudpine etterpå. Nokre gonger kjenner eg det ganske svakt, men andre gonger er eg heilt bra like etter det påtvungne lasershowet. Ved eit høve kunne eg til og med stilla til start i eit sykkelløp ein time etter at anfallet starta!

Det siste anfallet hadde eg for eit par dagar sidan. Synsforstyrringa var kanskje meir fargesprakande enn nokon gong før, så eg var spent på om det ville rekka med magnesium. Det gjorde det. Eg hadde litt meir vondt i hovudet enn dei siste gongene, og eg tålte ingen brå rørsler dei neste par timane, men dett var dett.

Magnesium hjelper kanskje ikkje for alle med migrene, men sikkert for mange av dei med milde symptom som meg. Så kvifor oppfordrar ikkje legane nye migrenepasientar til å prøva det før dei deler ut resept på raude trekantar? 

Det må då vera verdt eit forsøk - ikkje berre for meg.


tirsdag 11. desember 2012

Bartetettleik

Bartetettleik kan vera to ting: 1) kor stor del av (den mannlege) befolkinga som har bart, og 2) kor tettvaksen ein bart er. Lat oss starta med den fyrste tydinga.

Eg bur i Trondheim, og her skal bartetettleiken (tyding 1) vera unormalt høg. Trønderbarten er ein sagnomsust myte utanfor Trøndelag. Me som bur her veit derimot at med unntak av mustasjeklubben sin kontingent i folketoget 17. mai, er bartetettleiken i Trondheim ikkje eit grann større enn i resten av landet, til ein viss skuffelse for onklungar på besøk som speidar etter nettopp trønderbartar. Dei siste som prøvde det, kom til null. Det var i oktober.

No hadde dei truleg kome lenger. Det har blitt in med bart - eller rettare sagt: det har blitt in å visa støtte til kreftsaken ved å få seg bart. Movember blir det kalla, og plutseleg har bartetettleiken (framleis tyding 1) skote i vêret. Ja, så langt har det gått at damer får seg bartesmykke! Nokre kler sjølvsagt barten sin godt, mens andre dessverre har problem  med  manglande bartetettleik (no i tyding 2), og i helga fekk ein slik bart på TV min betre halvdel til å sukka: 

- Lov meg at du aldri får bart, Kjell.

Det var lett å gi den lovnaden. Eg støttar meir enn gjerne kreftsaka, men movember får klara seg utan mitt tilskot til auka bartetettleik.

No skal det seiast at eg har bart, men eg har skjegg i tillegg. Av og til har eg ikkje skjegg, og då har eg heller ikkje bart. Alt eller ingenting. Men slik har det nok ikkje alltid vore. Det finst til og med bilete av dette, og desse bileta er utan tvil ein del av bakgrunnen for Snefrid si oppfordring.

Det var på midten av 1990-talet eg fekk idéen å gro bart. Ikkje for å støtta kreftsaka. Fuglane veit kvifor eg gjorde det. Det var uansett ein usedvanleg dårleg idé. Tid tok det òg. Eg pleidde ofte å kjøpa lunsj på eit tyrkisk bakeri, og ein gong - kanskje eit par veker ut i bartedyrkinga - oppdaga eg til mi store skrekk at eg og tenåringsjenta bak disken hadde omlag like mykje på overleppa. Ikkje godt å seia kven det var pinlegast for. 

Etter eit halvår flytta eg til Bømlo. Der var bartetettleiken i tyding 1 stor. Eg vil nærast seia enorm. Bømlo var rett og slett øyriket der bibel og bart gjekk saman i ei høgare eining, lett krydra med joggebukse og adidas-sandalar. Trass i at barten mn lett kunne skjula seg i mengda på Bømlo, valte eg å skjula han i meir skjegg etter kort tid, og etterpå har det ikkje vore meir bart. Eller rettare: ikkje meir bare bart.

For eg har som sagt framleis hår på overleppa, sjølv om bartetettleiken (tyding 2) ikkje har kvalifisert for medlemsskap i mustasjeklubben, der bartetettleiken er svært så imponerande i alle tenkelege tydingar. Men så skjedde det noko. For eitt år sidan tok eg ein operasjon, og i etterkant av den hadde eg eit noko spesielt næringsinntak i ein lengre periode. Og plutseleg såg eg noko spesielt i speilet:

Bartetettleiken hadde gått opp, og glipa i midten var borte! (Det er her sjølvsagt snakk om bartetettleik i tyding 2 - eg hadde ikkje fått fleire bartar.) Og sidan har det halde seg slik.

Eg spurte legen, men han hadde inga forklaring. Han syntest derimot at det var nokså morosamt, og det kunne eg vera samd i. Ein kan kanskje sjå på det som hende som eit døme på at det aldri er så galt at det ikkje er godt for noko, men på Snefrid sitt spørsmål om større bartettleik i tyding 2 var verdt ein operasjon, lungebetennelse og kraftig vektreduksjon, måtte eg nok svara eit klart nei.