mandag 27. august 2012

Ein fin kveld for fotball

Det var ein fin kveld for fotball på Lerkendal stadion i går. Viking - "de kjære mørkeblå" - kom med fem strake sigrar i bagasjen, og den trønderske augustsola gjorde at det ikkje blei bikkjekaldt før etter 20 minutter. Rosenborg hadde òg brukbare resultat i det siste, men med fleire nye spelarar var det jo grunn til både å tru og håpa at laget ikkje var samkjørt ennå.

Eg var der saman med ein onklunge etter å ha fått billettane i gåve frå studentane på sommarkurset i norsk for utanlandske studentar. Dei hadde oppfatta kor fotballsympatiane og -antipatiane mine låg etter diskrete hint skjult i ulike grammatikkoppgåver, som t.d. "I dag er det en fotballkamp som Rosenborg sikkert taper" og "Viking vinner alltid mot Rosenborg". I det heile var dei spesielt gløgge studentane i år...

Eg er ganske sjeldan på Lerkendal, og det ser ut til å gjelda stadig fleire. Det var skremmande tomt på tribunen med tanke på at det var to lag i medaljekampen som møttes, at Rosenborg har prestert bra i det siste, og at heimelaget hadde fleire nye spelarar på banen. Offisielt var det i overkant av 12000 tilskodarar, men det er inkludert sesongkort. I realiteten var det mange færre. Dessutan laga dei som var der, mykje mindre lyd og liv enn før. Det var så å seia heilt stille, til og med frå den harde Kjernen.

Berre éin gong var det lidenkap å spora, og det var før kampen. Då stod dei der, trønderane, med sine svarte og kvite skjerf over hovudet og sang med på Åge Aleksandersen sin ultimate hyllest til Trøndelag: Eit bilde tå'n Ivers. Det ser ut som den songen har blitt Rosenborgs svar på Liverpools You'll never walk alone. Det var nesten like før eg, som den halvblods trønderen eg er, blei rørt. 

Det finst mange svake menneske, og eitt av dei sat ved sida av meg. Nei, eg snakkar ikkje om onklungen, men om konvertitten midt i 20-åra som sat på den andre sida. For fleire år sidan var eg på tilsvarande kamp med ein annan konvertitt: Ein tidlegare Vikingfan som hadde falle ned i Rosenborgeriet. Men han var austlending, og då var det liksom greitt - dei veit ikkje betre. Denne derimot var rogalending, truleg frå Sandnes-området! Nå kan det tenkast at kjærasten hans var trønder, og at det var grunnen til denne snodige livshaldninga. Det er greitt at kjærleik gjer blind, men ærleg talt.

Skulle eg liksom gå hen å bli Kvik Halden-supportar? (Eg var forresten det ein onsdag i sommar då Kvik møtte Rosenborg i cupen, men det er ei anna sak.)

Den obligatoriske stadionidioten var der sjølvsagt òg med sine Per Sandbergske løysingar på korleis ting eigentleg skulle ha blitt gjort nede på grasmatta. Det er underleg at ikkje slike menneske bruker den overutvikla fotballforståinga, det taktiske talentet og røntgensynet dei har til noko meir enn tribunebråk i ordets mest konkrete tyding. Dei kunne for eksempel ha prøvde seg som fotballspelarar eller dommarar. Stort sett er det berre irriterande, men av og til litt festleg òg. "Men så sjå til å sætt fart da!" brølte han då Rosenborg underleg nok braut eit Viking-angrep. Då Viking tok ballen tilbake, fulgte han opp med: "Ainner vein!"

Gåva frå studentane var plettfri til 93 minutt og 40 sekunder ut i kampen. Då leidde me 1-0 og det var i ferd med å bli endå betre plass rundt oss på tribunen. Men forskjellen mellom Rosenborg og alle andre norske lag dei siste 20 åra har vore at Troillongan speler til kampen faktisk er slutt. Eg meiner: Annullér alle måla Rosenborg har skårt etter 88 minutt (inkludert overtida) sidan 1992 og sjå kor mange seriemeisterskap du står igjen med. Og i går var det lagt til 4 minutt, og dermed blei det 1-1. 

Det var liksom ikkje så uventa, men minst like surt for det. Eg sa nokre ord som ikkje inngjekk i fadderløftet til onklungen og ga Lerkendal stadion eit lite spark på tribuneleggen. Rundt oss hoja og klappa dei vankunnige som om kvelden var redda. 

Det var han ikkje. For som sagt: Det var ein fin kveld for fotball på Lerkendal stadion i går...

mandag 16. juli 2012

Historia om Olava Marie

Etter å ha fått bra oversikt over slekta mi, har me no gått laus på slekta til Snefrid. Dessverre er slekta hennar av det meir urbane slaget, og derfor kan me ikkje støtta oss på bygdebøker som i bondeslekta mi. Dermed er kyrkjebøker og folketellingar på nettet så å seia dei einaste kildene me har, og der tar det tid å finna fram. Ein kan sitja lenge og leita utan å finna dåpen, vigsla eller gravferda ein leitar etter, og ofte endar det resultatlaust. Men av og til finn ein så mange spor etter ein person at ein kan danna seg eit lite bilete av livet og tida hans eller hennar. Slik tilfellet er med Olava Marie.

Olava Marie blei fødd den 18. januar 1828 på Prestegarden i Borre i Vestfold som dotter av skulehaldar Borger Olsen og Maren Pedersdtr. Då ho var berre fem år, døydde Borger. Mora gifta seg ikkje opp att, så Olava Marie, storebroren Johan Anton og veslesøstera Petronelle vaks opp utan far. I 1849 gifta ho seg med den sju år eldre sjømannen Rasmus Christian Christophersen, som òg var frå Borre. Dei busette seg (truleg) på garden Falkensten, og berre fire månader etter bryllaupet fekk dei sitt fyrste barn, Christian. Så fekk dei tre barn til før Rasmus døydde i april 1862, og to og ein halv månad seinare blei den siste sonen deira, Bernhard, fødd.

Olava Marie var no 34 år, enke og aleineforsørgar for fem. I folketellinga for 1865 står ho oppført som sjølveigar under Prestegarden. Der dyrkar ho poteter, men ho er òg avhengig av hjelp frå fattigvesenet. Truleg hjelper det òg at eldstemann, som no er 16 år, har blitt sjømann.

Så snudde lukka. I 1873 gifta ho seg igjen, denne gongen med den 11 år yngre stavernmannen Niels Jacob Nielsen som var formann på Aker verksted. Dermed tok ho med seg i det minste nokre av barna og flytta til Oslo. Olava Marie og Niels Jacob fekk ingen barn, men dei levde (lukkeleg?) saman til ho døydde av "hjernesjukdom" 1. juledag 1882, nær 55 år gammal.

Snaue tre månader seinare gifta yngstesonen Bernhard seg med si Mathilde Pauline. Han var no mekanikar på Aker, og saman fekk dei 10 barn og minst 24 barnebarn. Utan å vita det, blei han mange år seinare også min svigertippoldefar.

søndag 10. juni 2012

Kryptisk optisk veggpryd

- Det er bilde av nabohuset på veggen! Kom og se!

Jeg satt på kjøkkenet og spiste frokost i går da Snefrid ropte fra soverommet. Da jeg våknet, så jeg at det var litt underlige lysstriper i rødt og hvitt på veggen, og jeg lurte på hvor dette lyset kom fra. Men bilde av nabohuset... "Nå overdriver du," tenkte jeg da jeg gikk opp på soverommet.

Der fikk jeg se dette på den ellers nakne, latte-fargede veggen:


Forfra så jeg at det ikke var snakk om et grovt omriss, men et bilde med høy oppløsning:


Vi stod bare og måpte i total overraskelse og fascinasjon, totalt ribbet for mulige forklaringer. Noe slikt hadde ingen av oss sett før, og ingen av oss er spesielt talentfulle i fysikk og tilgrensende fag. Så da stod vi der og så på projeksjonene som ble sterkere og svakere etter som rullegardina blafret. 

Rullegardina er nemlig litt smalere enn vinduskarmen, og når vinduet er åpent og det er litt vind, blir den sugd inn i karmen slik at små lysspalter oppstår. Slik så vinduet ut under bildeshowet:


Husene som ble projisert, ligger rett vest for soverommet vårt. Denne morgenen reflekterte den lave morgensola veldig sterkt, og utrolig nok skapte denne refleksjonen detaljerte avbildninger på veggen vår. Det viste seg også at det hadde mye å si hvor mye vinduet stod oppe, i og med at det åpenbart fungerte som linse.

Etter en stund oppdaget vi at bildene ikke bare kom på veggen som er vinkelrett på vinduet, men enda bedre på garderobeskapet like overfor det samme vinduet. Garderobeskapet er sikkert 40 år gammelt, hvitt med grå dører og ikke spesielt vakkert. Dette var absolutt en forbedring:


Det hører med til historien at Snefrid har snakket om å ha en bildetapet på den aktuelle veggen. Nå vurderer vi derimot å bare henge opp ei tom bilderamme. Bildene kommer tydeligvis av seg selv...

mandag 28. mai 2012

På gjengrodde skulestiar

"Livet er knyttet til N2 i proteinet."

Denne påstanden er henta frå kladdeboka mi i kjemi frå 1. klasse på gymnaset, og eg har inga aning om kva det tyder. Eg har heller inga aning om kva alt det andre (eller kanskje heller: noko som helst av det andre) i kladdeboka tyder. Truleg forstod eg heller lite av det då eg skreiv det òg. Det var nemleg klart for meg veldig tidleg at eg ikkje kom til å bli kjemikar, fysikar eller biolog.

Den gamle kladdeboka kom hit til Trondheim med foreldra mine sist veke. Eller rettare sagt: Foreldra mine kom med boka. Det har seg nemleg slik at eg framleis har eit lite flyttelass, hovudsakeleg i form av kasser med bøker, ståande hjå dei i Årdal, og no tenkte far at han skulle ta med ein kasse eller to når dei likevel skulle nordover med stor bil. Tilfeldigvis blei det kassen med dei gamle skulebøkene, den kassen eg så absolutt har minst bruk for. Men, men. Tanken var god, og det opnar for mimring. Og før eller seinare måtte jo det òg ryddast i.

I dag gjekk eg laus på en fyrste posen. Den inneheldt nokre gamle skulebilete, russehua med tre knutar (ein dobbel) og ein bruskork - eg var ingen engasjert russ - og ein del bøker frå vidaregåande. Eg skal innrømma at det var litt morosamt å bla i dei.

Side opp og side ned med formlar og reknestykke og ting eg ein gong visste kva var, alt krydra med drodlerier og teikningar som viser at konsentrasjonen ikkje alltid var på topp. I tyskprøveboka kunne eg lesa at eg ville bli journalist, mellom anna fordi dei får reisa mykje, og på ein engelskprøve påstod eg underleg nok at eg likte krimbøker. Matteprøvene såg ut til å ha gått ganske greit - det var til og med ein 6-ar, men og ein kommentar frå mattelærar Skår: "Tilfeldigviss rett svar!".

På neste prøve slo eg tilbake: "NB! Eg veit at ein ikkje skal gange vekk nemnaren i ein ulikskap, men det går når den er den same på begge sider!!!" Det er trist å tenka på at dette kanskje var det næraste eg var eit opprør på vidaregåande...


torsdag 24. mai 2012

Eksamenstida til Obstfelder

I dette øyeblikk sit nokre av studentane mine og strevar med eksamen, slik tusenvis av andre studentar her i Trondheim og elles i landet gjer. Endå fleire tusenar sit på lesesalane og førebur seg til dystane som kjem som perler på ei snor i vekene framover. Og  me kan slå fast at Vårherre har greidd det igjen: 

Han har klistra opp ei stor, varm sol over Trondheim midt i eksamensperioden.

Alle som har eit studentliv bak, hugsar det godt: Å tvinga seg sjølv til å glana ned i bøkene, som oftast innandørs på ein lesesal eller i ein liten mørk hybel, når det var så mykje anna som freista. Til og med oppvasken blei tiltrekkande i eksamensperioden. Og korleis var det ikkje då med årets fyrste steikande sol?

Nei, dette er ikkje noko nytt. Diktaren Sigbjørn Obstfelder opplevde det same i 1890. Teknikarstudenten skreiv til og med eit dikt om det, sidan han no likevel var diktar. Diktet heiter "Vår" , men har svinnande lite til felles med Aasmund Olavsson Vinje sitt meir kjende dikt med nesten same tittel. Undertittelen er "Fra mine Teknikerdage, 1890", og det heile osar av konsentrasjonsvanskar og lesesalsfrustrasjon:

          Faen i støbejernssøilerne!
          Faen i støbejernssøilerne!
Sss... for en himmelsk slaphed,
          sa..lig slap..hed!
Rødt i det grønne, grønt i det røde,
          grønt i det grønne!
Vederlagskræfterne?

          Faen i vederlagskræfterne!
          Faen i vederlagskræfterne!
Det kvindfolk, som går derborte,
          har hun sorg?
Hun skal klæ sig i blåt, blåveisblåt,
          hatten ranunkel!
Valsekiplagerne?

          Faen i valsekiplagerne!
          Faen i valsekiplagerne!
Varme og ... berberisser og ... parasoller og ...
          og sommerfugler og ...
og og og sølv i luften og sølv på sjøen ...
          Opvarter! Vin!
Huller på hoserne?

          Faen i huller på hoserne!
          Faen i huller på hoserne!
Jeg har sol, jeg har skygge!
          - hele verden!
Skulde bare havt ..en liden rødklædt
          ... blond kjærest ...


onsdag 23. mai 2012

Gjensyn med dialekten

I helga var foreldra mine på besøk, og då blir det jo alltid litt mimring. For nokre dagar blir ein plassert i eit univers som ein flytta ifrå for to tiår sidan: barndomsvener, gamle naboar, stadnamn... Alt dette som var kvardagen ein gong, men som no ligg stadig lengre bak skallen.Til ein viss grad gjeld det også språket.

Det er rundt 20 år sidan eg flytta frå min barndoms Årdal, og alt då var det naturlegvis forskjell på kva ord ég brukte og kva ord dei godt vaksne i bygda brukte. Sidan har eg budd på ulike stader, fått ein sambuar frå Austlandet og ein jobb som krev at eg snakkar bokmål i undervisinga. 

Far derimot har budd i heimbygda så å seia heile sitt 74 år lange liv. Han er årdalsbu i sjel og mål, og han firer ikkje ei staving. Derfor blei det eit nostalgisk gjenhør med ord og uttrykk som har glidd ut av det aktive ordforrådet mitt, i den grad dei i det heile har vore ein del av det. 

Far snakka blant anna om lam som stønte og gamle damer som spøte. Det fyrste tyder leika, eller meir presist det den trønderske mora mi ville ha kallla knåvast. Spøte er preteritum av å spøda (spøde - spøte - har spøt, etter same system som å bada i Årdal) og er det same som å strikka. På eit tidspunkt spurte han òg mor om ho hadde fått med seg taskå, noko som tyder noko heilt anna i Ryfylke enn mange andre stader.

Det lærte eg i studietida. Det var både sjokk og vantro i blikket på ei medstudine frå Stord då eg ba henne senda meg taskå mi.

- Hææ?
- Taskå mi. Der. På andre sidå av bordet.
- Å, vesko ja. Eg syntest du sa tasko.
- Eg sa det. Ei taska er jo ei veska.
- Veit du kva taska betyr på Stord?

No veit eg det, og eg veit òg at me er ganske åleine om vår bruk av ordet, så eg har klokeleg fasa det ut. 

Etter 48 år i Ryfylke har sjølvsagt mor fått med seg kva ei taske er der i garden, og ho bruker det slik sjølv stikk i strid med barnelærdomen sin. Ho er naturlegvis blitt ganske så kunnig i Ryfylkemålet (utan at ho skal skuldast for å snakka det sjølv) gjennom tiåras løp at eg blei litt overraska då ho ikkje hadde oppfatta at me bruker y i å klyppa. Det var slett ikkje ho, men eg som blei svar skuldig då far plutseleg spurte:

- Går du til med det at du har balkong med utsikt?

"Gå til med"? Begge påstod at dette uttrykket var eit gjengs årdalsuttrykk medan eg måtte innrømma at eg alltid hadde hørt det før, korkje frå far eller nokon annan. Ikkje ein gong naboen Nora, som godt kunne snakka om kva ho spøte ijærkveld. Og endå verre: Mor og far sleit kraftig med å forklara det. Eller rettare: Dei greidde det ikkje, sjølv ikkje etter ein diskusjon seg imellom. Til slutt sa eg at far måtte jo ha meint noko då han sa det. Så kva meinte han? Det viste seg at han meinte om det var kjekt med balkong. Altså: "Gå til med noko" var det same som "synes at noko er kjekt". I alle fall i fylgje opphavet mitt.

I fylgje dialektordboka for Hjelmeland av min gamle tysklærar, Olav Hetland, tyder "gå til" å legga merke til. Til dømes: "Eg går så til koss han eldest." Her manglar derimot preposisjonen men, og det er jo ganske utenkeleg at far spør meg om eg legg merke til at eg har balkong. Han heng jo der, like utanfor døra! Balkongen, altså.

Sjølv er eg usikker på om eg går til (med) uttrykket. Det kjem rett og slett an på kva tyding ein vel: Eg har jo lagt merke til uttrykket, men eg kan ikkje seia det er så kjekt.

søndag 13. mai 2012

Lego for vaksne

Til veka kjem foreldra mine på besøk, hovudsakeleg for å sjå den nye leiligheita vår. Dei kjem med bil frå Ryfylke og blir her i nokre dagar. Det betyr sjølvsagt at dei blir nokre netter òg, og då treng dei noko å sova i. Tida med luftmadrassgjesteseng på golvet er over, så no har me kjøpt sovesofa på IKEA.

IKEA-møbler kjem som kjent i flate pakker og må monterast. I dag blei eg ferdig med sovesofaen. Eg bygde sjølve sofaen i går og skuffene i dag. Ikkje fordi det var uoverkomeleg å greia på ein laurdag, men på den måten hadde eg litt pusling å driva med i dag òg.

Eg tilhøyrer den minoriteten som synes det er ganske artig å gi flatpakkene møbelfasong. Det er vaksenlivets svar på Lego, som eg var veldig glad i som liten. Du får ei eske med ørten delar og bitar samt eit hefte med byggeteikningar. Så er det berre å gjera som teikningane seier. For meg som er fødd med åtte tommeltottar og to peikefingrar (slik at eg kan gripa rundt ein blyant og peika på kor skapet skal stå når det er ferdig) er det dessutan kjekt å ha kjensla av å ha laga noko av og til. Sjølv det ikkje heilt kan konkurrera med hyttekjøkena far lagar heilt frå botn. For ikkje å snakka om husa han har bygd, til dels dønn åleine.

Og eg begynner å få trening: Sidan innflyttinga i februar har eg legomontert kjøken-, spise- og salongbord, seks stolar, tre Billy-hyller, eit vitrineskap og ein skjenk i tillegg til sovesofaen. Nesten alt har gått nesten heilt smertefritt. Unntaket som stadfestar regelen, er stolane til spisebordet. Det er noko med IKEA og spisesalongstolar. Berre spør broren min. Han var klar til å brenna sine halvvegs ut i monteringa, noko eg alltid har mobba han for. Det slutta eg med for eit par månader sidan...

Ein forskjell på IKEA og Lego er at den fyrste kjem med verkty, eller rettare sagt umbraconøkkel. I staden for å selja små umbraconøkkelsett separat legg IKEA minst éin nøkkel i kvar eske. Så no kan eg starta nettbuttikk med spesialisering innan umbraconøklar, særleg 5 og 6 mm. Rett skal vera rett: Nokre av verktya i IKEA-pakkene er ganske snedige og kjem godt med i sykkelverkstaden, som t.d. kuleforma umbraconøklar. Men eg treng strengt tatt ikkje fire av dei.

Ein annan ting IKEA er rause med, er embalasje. Fuglane veit kor mange kvadratmeter papp og kor mange kubikkmeter plast me har kasta dei siste månadene. Dette tilgir eg gladeleg. Alternativet ville jo vore møbelbyggesett med fiks ferdige riper og hakk. Og det held med dei hakka me alt har laga sjølv.