torsdag 19. juni 2025

Ein anakronisme takkar for seg

Det var eit heilt vanleg, men litt finurleg inngangsspørsmål til ein quiz i radioen: Kor mange dagar er det igjen av året? Eg begynte å rekna etter, og det fekk meg underleg nok til å tenka på tekst-tv. Der var det nemleg ei side før som heitte "Dagen i dag". På den sida kunne ein nemleg lesa kor mange dagar av året som var gått og kor mange som var igjen, i tillegg til ei oppramsing av historiske hendingar den dagen.

Ti minutt seinare var eg inne på nrk.no, og der var hovudsaka: "NRK stenger tekst-tv". Snakkar om sola, så skin ho - eller rettare: tenker på sola, så sluknar ho. I artikkelen leste eg at teknologien var på plass i 1979, men at NRK ikkje starta opp tekst-tv før 2. februar 1983 etter eit Stortingsvedtak (!) året før. I august, etter 43 år, går altså tekst-tv inn i teknologihistoria saman med blant anna faksen og VHS.

Dette hugsar eg godt. Eg var trass alt 11 år, og frå fyrste dag hadde eg stor glede av denne informasjonskanalen. I mange år var det fast rutine å sjekka tekst-tv når eg kom ned i stova om morgonen, på akkurat same vis som eg sjekkar nettavisene i dag. Og tekst-tv var jo akkurat det: ein forløpar for internettet som skulle bli allemannseige i det komande tiåret. Her fekk me siste nytt - oppdatert fleire gonger til dagen - sportsresultater, vêrmelding, tv-programoversikt, valutakursar og mykje meir, som altså ei lita, dagleg historieleksjon. Alle kanalar med respekt for seg sjølv hadde tekst-tv, og dermed fekk me ulike nyheiter og vinklingar, akkurat som i dagens nettaviser. Dessutan var det gratis.

Den daglege morgonsjekken av siste nytt på tekst-tv heldt seg til ei god stund etter at me fekk internett, rett og slett fordi det var mykje kjappare å slå opp der enn å kopla til nettet. Men så gjorde NRK eit elendig redaksjonelt val, som gjorde at eg takka tekst-tv for fylgjet. I staden for å ha frittståande nyheitssaker, gjorde dei nyheitene om til nyheitsstraumar med korte meldingar samla under same tematiske overskrift. Då fall kvaliteten dramatisk, og det blei ikkje betre av at meldingane blei automatisk henta direkte frå nrk.no, openbert utan menneskeleg redigering. Det førte til at det kunne koma meldingar av typen: "Her kan du se hvordan man ser for seg ....". Nei, du kunne ikkje sjå det på tekst-tv. Eller: "Les alt om ...". Og så stod det ikkje meir om den saka. Og då resultatservicen på sportssidene forsvann, blei det eit endeleg takk og farvel frå meg.

43 år etter oppstarten har tekst-tv vore ein anakronisme i årevis allereie, og det er lett å finna mange grunnar til å avvikla det, slik andre norske tv-kanalar har gjort for lenge sidan. Derfor er det litt underleg at NRK oppgir tekniske utfordringar som grunn. Ein skulle vel ha trudd at akkurat teknologien var mindre utfordrande no. Kanskje skuldast det koplinga opp mot nyheitsstraumen på nrk.no? Koplinga gjekk for øvrig begge veier i fleire år: Det var nemleg mogleg å lesa tekst-tv på nettsidene til NRK òg. Det er jo faktisk litt sjarmerande, litt som om Wikipedia skulle ha sider med skanna tekst frå Store Norske Leksikon sine papirutgåver.

Noreg er jo kjend for å vera proaktive i teknologisk utvikling. På godt og vondt, vil mange seia og peika på til dømes utkoplinga av FM-nettet. Derfor måtte eg ta ein liten sjekk på utanlandske kanalar. Både SVT, Danmarks Radio og dei tyske kanalane ARD (Das Erste), SAT og RTL har framleis tekst-tv i tradisjonell form som ei nettavis. Og ikkje berre det: alle utanom RTL kringkastar det framleis på nettet.

Tilbake til starten på innlegget. "Dagen i dag", finst ifylgje sideregisteret framleis på tekst-tv, men når du vel side 199, får du melding som seier: "Denne siden er avviklet". Uansett er svaret på quiz-spørsmålet at det er 196 dagar igjen av året, og det er 62 dagar igjen av tekst-tv.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar